smart.

light ii.

noko av det beste eg veit er å løfta fram andre som har gjort noko bra/nytt/lurt. her er nokre ting frå den siste veka som eg har lest og likt:

– flora spurte lesarane sine om kvifor dei var feministar, og ho fekk så mange gode svar.

– hos bokmerker skriv dei om korleis det ikkje er opp til bokhandlarane å visa fram ny litteratur eller annleis litteratur, dei vil jo såklart tjena mest pengar og det gjer dei med dan brown og jo nesbø. men det er opp til lesaren sjølv å våga å lesa noko som dei kanskje ikkje kjem til å elska og våga å meina noko sjølv. kommentarfeltet er heilt klart best, dog.

bri skriv om hat i kommentarfeltet. ikkje skjønnar eg korleis folk kan vera så usikre eller bæra på så mykje hat at dei ikkje ser noko anna å gjera enn å få andre til å føla seg ille óg.

– syns dette var lurt om barneoppdragelse hos clara. eg elskar å lesa om graviditetar og bebisar og har gjort det for alltid sjølv om eg ikkje akkurat er i den fasen av livet.

 

bonus: morsomt om bra om vulva-plass i buksa hos hanapee.

 

*translation:
some clever things i’ve read on the internet lately. most of it is in norwegian and swedish, the third link is about internet hate.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *