50 things that make me happy.

cherryblossom
ph: cbg

1. når han smiler i søvne.

2. hundar som sit på fanget sjølv om dei er for store.

3. å gå på kino aleine og sitta att heilt til rulleteksten er slutt.

4. perfekt moden avokado.

5. å akkurat rekka toget.

6. frukost til middag; ostesmørbrød, pannekaker, omelett.

7. å bli overraska.

8. kjøpa noko gamalt ein syns er fint for så å finna ut at det er verdifullt.

9. å stå der med passet i handa og vera på veg ein stad.

10. prøva noko litt crazy på kjøkenet også blir det skikkelig bra.

11. å skriva lister over ting som må gjerast også kryssa dei av med is i magen.

12. varmluftsballongar og draumen om å ein gong få stå i den korga og sjå ned på den vesle verda.

13. å gå av eit fly ein stad der ein kjenner att klimaet og lufta.

14. thai-mat.

15. mjuke kvite hotellsenger også hotellfrukost dagen etterpå.

16. å få mail. (eg har jo mange titusen mail i mailinnboksen min, men eg blir framleis glad kvar gong eg får ein mail.)

17. rutiner, som det finst få av i mitt liv. mine rutiner: marie forleo sine videoar kvar tysdag, skrivedag på kafé kvar onsdag, og helgefrukostar. og i det siste har eg og jostein drukke ein kopp chai med honning kvar kveld.

18. å bli rørt av å redigera bryllupsbilder.

19. å laga ting, bruka hendene og kanskje penslar og laga noko som er fint.

20. å orka å krølla håret og føla meg litt som ein superhelt etterpå.

21. synga tostemt med jostein og føla meg flink til det.

22. å kjøpa julegåver i juni fordi ein finn noko som er perfekt.

23. å vera praktisk og fiksa ting.

24. norsk vatn.

25. folk som smiler til seg sjølve på gata men prøver å ikkje gjera det men dei klarar ikkje.

26. bygåver, å få og å gi.

27. å vakna i bil eller buss med berre eit kvitt lag av skodde utanfor, som får alle landskap til å sjå uverkelege ut.

28. å sjå på magar som veks og vita at inni der finst ein person eg kjem til å elska.

29. teljos og korleis dei får alt til å bli så mjukt.

30. at ein alltid må kviskra til nokon andre som kviskrar sjølv om dei kanskje gjer det fordi dei har vondt i halsen.

31. korleis måndagar både er blå men fylt av nytt håp.

32. marengs som er sprø utanpå og seig inni.

33. når noko eg skriv får mange kommentarar.

34. å fortella andre at dei er verdifulle.

35. når folk spør om bok- eller filmanbefalingar for det føles bra at andre stolar på smaken min.

36. å få høyra noko fint nokon har sagt om meg til nokon andre.

37. å få post, eller ting ein har bestilt på døra.

38. å snakka med folk eg kjenner så godt at samtalen ikkje liksom stoppar opp.

39. skriva og kjenna at det går bra.

40. invitera folk på uventa ting, som kino midt på dagen eller ei utstillingsopning.

41. ting som ikkje blir som dei skal, men bedre.

42. når nokon skreller appelsiner for meg.

43. å eta ting med spisepinnar som ein egentlig skal eta med hendene: sjokolade, chips, salat.

44. alt som smakar lakris.

45. å ha venner som tek det siste kakestykket/det siste glaset med vin/den siste twisten.

46. å ligga på ryggen og berre sjå i taket eller på himmelen utanfor og kanskje ha telefonen på flymodus.

47. pizza.

48. å bli introdusert for ny musikk som ein er skeptisk til men endar opp med å omfavna totalt.

49. å gi noko ein ny sjanse og elska det. i mitt tilfelle, personar, pesto og parmesan.

50. gjera ting på trass.

 

 

 

 

*translation:
1. when he smiles in his sleep. 2. dogs who are too big to sit in people’s laps but do it anyway. 3. going to the movies alone and staying until the titles are finished. 4. perfect avocados. 5. just making the train. 6. breakfast for dinner: grilled cheese, pancakes, omelets. 7. being surprised. 8. buying something old because you like it only to find out it’s valuable too. 9. being on my way somewhere. 10. trying something crazy in the kitchen and it turns out great. 11. writing things to do and doing them. 12. hot air balloons and the dream of being in one one day. 13. going off a plane somewhere you recognize the air and climate right away. 14. thai food. 15. soft white hotel beds and hotel breakfasts the day after. 16. getting emails. 17. routines, which i have very few of in my freelance life. mine are: marie forleo’s videos on tuesdays, writing day on wednesday and weekend breakfasts. lately, j and i have also had chai every evening. 18. being moved by editing wedding photos. 19. making things, using my hands and maybe some brushes to make something nice. 20. curling my hair and feeling like a super hero because i think it’s so boring. 21. singing with j. 22. buying christmas presents in june because you find something perfect. 23. being practical and getting things done. 24. norwegian water. 25. people who try and not smile to themselves in the street. 26. city gifts, giving and receiving. 27. waking up in a car or a bus with fog surrounding it. 28. watching bellies grow, knowing that inside it is someone you will love very much. 29. candles and how the make everything softer. 30. whispering to someone who whispers to you even though they are doing it because they have a sore throat. 31. how mondays can be so blue and still so hopeful. 32. meringues that are crispy on the outside and chewy on the inside. 33. when i get a lot of comments on something i write. 34. telling other people they are valuable. 35. when people ask about recommendations and trust my tastes. 36. hearing second hand when someone has said something nice about me. 37. getting mail or something i ordered. 38. talking to people i know so well that the conversation never ends. 39. writing and feeling it flow. 40. inviting people to unexpected things like a matinee or an opening. 41. when things don’t turn out like they should but better. 42. having someone peel oranges for me. 43. eating things with chop sticks that you normally don’t, like chips. 44. anything liquorice. 45. having friends who eat the last piece of cake/the last glass of wine/the last candy. 46. just staring into the ceiling or up into the sky with my phone on flight mode. 47. pizza. 48. being introduced to music that i’m sceptical about but end up loving. 49. giving something a new chance and loving it, too, like in my case: people, pesto and parmesan. 50. doing things out of spite.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *