elsa-list.

thursday.

har du hatt kallenavn?
mange. mamma kallar meg mia, pappa kallar meg melle/a, frøy kallar meg marry når ho skal irritera meg skikkelig.

kva youtubeklipp visar du på vorspiel?
eg kan ikkje visa eitt einaste eitt for da sit eg i youtubefella. men kanskje dette av ein porcupine(kva heiter dei på norsk?) som et eit graskar.

kva er ditt favorittmuseum?
det står mellom RA eller V&A i london eller pompidou i paris.

kva trur du på?
hardt arbeid og store smil.

kven er din favorittskodespelar?
oi. hm, alle som er litt kleine og ukomfortable. det likar eg.

berlin, day one.

kva har du vore besatt av i det siste?
marmor, gull og litteratur.

kva elskar du mest med jobben din?
at den er så mykje, at eg får driva med så mykje forskjellig frå dag til dag og at det er eg sjølv som bestemmer når arbeidsdagen er over og kva som blir det neste store!

kva er det verste?
at det er så mykje nervøsitet knytt opp til om det er nok jobb eller ikkje, spesielt når me er to i heimen som jobbar frilans.

kva er det beste rådet du har fått og fulgt?
å spara 10% av alt ein tjener(så mykje lettare å leva(: kjøpa skjørt og gå på kafé) når ein har litt pengar i banken), og at alt må ha sin plass i heimen.

kva blir du dratt mot på loppisar?
alt som har gullkant og er litt slitt, som livet. blomstra tekstilar. fine glas å ta bilder av.

berlin, day two.

kva får deg til å le?
hundar.

kvar er du akkurat no?
i ei seng i roma, ventar på at jostein skal koma heim med frukost og på at dette internettet skal orka å lasta opp alle bildene mine.

kva skal du gjera i dag?
jobba på kafé med jostein ein stad, drikka ein masse cappucino og skriva på neste tekst for den nye jobben min pluss ein annan liten skrivejobb eg har som er veldig gøy. eg må óg hugsa å få skrive i dagboka mi, så mykje tankar som skal ned. også  må me vel ut på eit eller anna interessant roma-liv!

korleis ser kveldsplanen ut?
middag ein bra plass, spesielt sidan eg skal laga reiseguide frå roma for eit norsk magasin, også kjøpa gelato på veg heim og sjå broen i senga, og resten av fanny & alexander. har som plan å prøva å sjå éin film for dagen i november

sei kva som er ein perfekt is.
nocciola. mørk mørk sjokolade. lakris(min absolutte favoritt). og kokos.

kva for råd skulle du gi deg sjølv som 14-åring?
absolutt ingenting. tenk om ho hadde gjort noko annleis.

berlin, day two.

kva stressar deg akkurat no?
ein masse deadlines.

veit du at det blir bedre?
ja, når eg får jobba litt så. ligg litt bak fordi amsterdam var altfor gøy.

kva er noko frå din barndom der du bur akkurat no?
det er faktisk fint lite! det må eg jo fiksa. svergar her og no å rota gjennom loftet neste gong eg er heime!

kven, som du ikkje elskar, har dei finaste augene?
så klisjé, men audrey hepburn. eg las ein stad at ho separerte kvar einaste vippe frå kvarandre med ein pinsett kvar dag, for ein innsats!

 

lista er stjelt frå elsa, derav navnet!

 

*translation:
i’m in rome, in bed, waiting for jostein to come home with breakfast and for this internet to upload my pictures. in the meantime, i did this list.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *