store nyheter.

flåm.flåm.

god laurdag til store og små! i dag vakna eg i hotellseng med min finaste kjæreste etter å ikkje ha sett kvarandre på ei veke. magisk fint. me er i sogn fordi me skulle delta på dei nynorske litteraturdagane i flåm, og i går vart me intervjua av fine olaug nilssen om boka vår på scena. det gjekk nok fint, men eg hugsar som vanlig ingenting. blir så nervøs og anspent at eg brukar all energi på å virka avslappa og etterpå gløymer eg absolutt alt!

men, det eg egentlig skulle sei var: i dag debuterer eg som spaltist i fire av dei største regionsavisene i noreg sine laurdagsmagasin: bergens tidende, fædrelandsvennen, stavanger aftenblad og adresseavisa. eg blir å finna der kvar fjerde veke frå no av, og kjem til å skriva om litt alt mogleg. er så kry og glad for dette oppdraget! det er så fint å tenka på kor mange som kan lesa det eg har skrive med frukostkaffien og rista brød kvar fjerde laurdag. håpar de les, og at de likar.

.
*translation:
today, i’m debuting as a columnist for four of the largest regional newspapers in norway. every fourth saturday i’ll be there with texts about everything and nothing. i’m super happy about this!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *