tysdagslista.

january.january.

kva dag er det i dag?
i dag er det tysdag! ein heilt vanlig vekedag, med så himla mykje jobb.

kva skal du gjera i kveld?
etter ein veldig lang arbeidsdag skal eg ta toget til hackney og eta thaimat med jostein og mariell. etter det skal me komma heim og sjå finalen i the great british bake off. <3

sei to bra uttrykk. 
ridonculous og snabelaktig.

paris, day one.

om du fekk skildra ein perfekt dag, korleis skulle den vera?
eg skulle vakna tett i tett med jostein på ein sofa i paris, kjøpa alt eg hadde lyst på på eit patisserie, finna ein fin ny kjole, gå på museum også eta croque monsieur til lunsj. gå langs seinen heilt opp til canal st-martin, ta ei øl med fine venner også eta and til middag. altså, eg har så ufattelig parislyst akkurat no. vil berre vera der og lata som eg bur der.

kva blir du glad for å høyra at du er?
smart og morsom.

kjensla akkurat no?
spent. spent for om eg klarar å få gjort alt arbeidet eg skal før eg reiser på fredag, spent for å reisa så mykje, spent før jostein skal reisa på torsdag.

.

kven saknar du?
akkurat no er eg så fylt med sakn, og det er nok veldig fordi det er så mykje som skal skje så snart. fredag reiser eg til amsterdam med christine, så eg saknar ho intenst.

noko som er sjukt bra å ha:
favorittpennar, almanakk i raudt lær og ein fin person ved mi side.

kva vil du ha?
blå druer, banan med svarte prikkar, eit nytt skjørt, strømpebukser det aldri blir hol i.

kva syns du er morsomt?
akkurat no ser eg parks&recreation, syns det er så sjukt morsomt. elskar alt med amy poehler. også QI.

december.

kva er du dårlig på?
plukka klede opp frå golvet. putta q-tips i bosspannet. ringa til kven som helst i telefonen. senda ut faktura når eg skal.

korleis ser du ut når du er nyvaken?
sånn.

kven er du forelska i akkurat no?
jostein jostein jostein.

kva var det siste du skreiv i word? 
brukar aldri word, men brukar ommwriter. det siste eg skreiv der var ein spalte om haust for ein veldig kul ny jobb som eg har og gler meg til å fortella meir om. ellers driv eg jo og skriv på ny bok woho!

korleis ser du ut akkurat no gjennom webkameraet?
1
blaut i håret og nysminka, klar for utemiddag.

topp 6 artistar på spotify?
veronica maggio. chet baker. ella fitzgerald. björk. louis prima. herbie hancock. eg og jostein deler spotify, så det er ofte forvirrande.

kva les du akkurat no?
akkurat no er eg veldig inni bukowski, er midt i post office og skal snart lesa ham on rye. har fått tilsendt så sjukt mange fine bøker som eg skal lesa i haust, gler meg veldig til det. kjem til å få tung koffert på reising.

*translation:
a tuesday list.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *