ice cream, blue jasmine and a lot of west central strolling.

weekend stuff.weekend stuff.

denne veka har det vore date-stemning i lufta her heime. neste helg reiser nemlig jostein til helsinki medan eg reiser til amsterdam, og me samlar stunder med kvarandre før me skal skiljast for nokre dagar. det finaste med veka mi har vore:

– nye lysestakar frå iittala som er så himla fine at me har tent lys i dei til kvart måltid sidan.
– nye utgåver av lula, frankie(på ipaden) og the gentlewoman.
– blue jasmine på kino, endeleg, og den tradisjonelle isen frå haagen-dazs etterpå.
– lunsj ute med jostein og veera.
– at eg har vore ferdig med jobb før seks kvar dag.
– 4 nye porselenshundar til samlinga.
– å planlegga framfor amsterdam neste helg og skriva med masse store bokstavar.
– å peppa med frøy for paris i vinter, for å gå på opera og eta mandelcroissantar i nokon andre si seng.
– bra ting i posten: bøker, rammer og brev.
– vaskefest, sjølv om både jostein og eg hatar å vaska.
– laurdagsbrunsj på fransk kafé i soho, med french toast som ikkje var toast i heile tatt men ein croissant duppa i egg+mjølk og steikt med masse kanel. så sjukt godt og uventa. og servicen var uvennlig og fransk og fekk meg til å sakna paris som berre uhøflige franskmenn kan.
– gelato i soho med mariell, og ho skulle vidare for å ta bilder på ein kunstfest så me vart med og endte opp i eit hjørne med fine folk resten av kvelden.
– tørr cider og bøffelmozzarella framfor hundre episodar 30 rock etter det.
– å sovna i nyvaska sengeklede.
– i dag: dette albumet med musikk frå woody allen-filmar, planar om falafel og khubz her heime også vaffelfest hos mariell i kveld.

kva har vore best med veka di? har du klatra i tre, klemt nokon nye, lest ei fin bok?

.

*translation:
the highlights of my week:
– new candle holders from iittala, we’ve lit them for every meal since we got them.
– new issues of lula, frankie and the gentlewoman.
– blue jasmine at the movies and the traditional haagen dazs after.
– lunch with jostein and veera.
– being done with work before six every day.
– four new porcelain dogs for my collection.
– planning amsterdam for next weekend and being so excited.
– planning paris for next year.
– great things in the mail: books, frames and letters.
– washing party, even though we both hate it so much.
– brunch in soho, where the french toast was made using croissants. so unexpected and delicious.
– gelato with mariell after, who was going to an art party and we tagged along and stayed in a corner drinking wine all night.
– dry cider and buffalo mozzarella in front of a hundred episodes of 30 rock.
– falling asleep in crisp fresh linen.
– today: this album with songs from woody allen films, plans of falafel and khubz at home and a waffle party at mariell’s house tonight.

what about you?

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *