bits & bobs from this week.

my week.my week.my week.my week.my week.my week.my week.my week.my week.my week.

denne veka har eg: utvikla oppskrifter, drukke kaffe på monmouth medan me hadde bokmøte, sett UP og grått mine modige tårer, shoppa i shoreditch og tatt det veldig med ro i livet. det har vore så fint, spesielt sidan me har hatt det så travelt og neste veke blir så travel óg. overalt dukkar det opp teikn til at hausten snart skal komma, men eg ventar framleis på den der haustkjensla og gler meg veldig til den kjem. i mellomtiden skriv eg tekstar om fisk og tannlegen, og prøver å komma a jour med alt det gode av oppskrifter som skal publiserast dei neste vekene.

kva har de gjort denne veka?

.

*translation:
this week i have developed recipes, had coffee at monmouth during our book meeting, seen UP and cried a thousand tears, shopped in shoreditch and taken it easy. which has been nice, since it’s been so busy and the next few weeks will be too. everywhere i see signs that fall is coming, but i’m still waiting for that autumnal sensation. i can’t wait! in the meantime, i’m writing texts about fish and the dentist and trying to catch up with all the recipes that are to be published in the next few weeks. what have you been up to this week?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hei!
    Usikker på hvor jeg skulle stille dette spørsmålet, da det handler til dels om boka deres men i tillegg spørsmål om blokk”etikk” generelt. Jeg har googlet boka di en del, selv har jeg ikke lest den, men vurdert, derav googlinga. Jeg har til nå funnet få anmeldelser, men de tre jeg har funnet, har for det meste vært negative. Hva tenker du om dette, i forhold til at du skriver nokså personlig på bloggen? Kommer du til å ta opp dette, da dette på en måte vil være på linje med stilen på bloggen- innrømme at ting kan være tøft, at man må reise
    Seg igjen etc – eller vil du velge å fokusere på det positive og tenkte at dere i allefall har utgitt bok?

    • hei, ine! det er vanskeleg å kommentere dette med folk ein ikkje kjenner, sidan ein forfattar alltid vil virka smålig og bitter i “kampen” mot ein anmeldelse. men, eg skal prøva å forklara korleis me har tenkt:

      eg har heile vegen holdt boka litt separert frå bloggen og holdt korta tett til brystet sidan eg ville debutera på lik linje med andre debutantar. det har eg ikkje fått gjort, og det er jo kjipt å ikkje bli dømt på samme kriterie som alle andre men alltid få ting eg gjer linka opp mot bloggen(og helst då ein utdatert versjon av denne). me har fått to avisanmeldelsar så langt, begge av personar som allereie kjenner til meg og bloggen min sidan år tilbake. kjipt er det óg at jostein forsvinn litt i desse anmeldelsane sidan det er så mykje fokus på meg og blogg, når me begge veit så godt at han har gjort minst like mykje som meg på denne boka, og lagt ned så mykje vakre spor og ord som blir oversett til fordel for kjipe poeng om makronar.

      men, eg har igrunn aldri brydd meg så særlig om desse anmeldelsane, verken før eller etter dei kom. etter så mange år med konstant tilbakemelding, konstruktiv og ikkje-så-konstruktiv, har eg fått eit ganske avslappa forhold til det. eg hadde trudd eg skulle bry meg meir, men me har berre lest, snakka om det med redaktøren vår på samlaget og gått vidare. det er ingen overrasking at folk meinar noko, såklart gjer dei det. men det er ikkje dei få personane som skriv anmeldelsar som får lov til å bestemma om eit prosjekt er vellykka eller ikkje. eg respekterer at folk meinar forskjellige ting, men så mykje makt vil eg ikkje legga i hendene på desse enkeltpersonane. i sum har me fått meir positiv tilbakemelding, mails og kommentarar og folk på trikken som vil at me skal skriva meir. me er så himla stolte og fornøgde sjølve, og kjem ikkje til å la noko så ubetydelig så tvil i oss. som kunstnar kan ein jo ikkje tilpassa seg etter kva anmelderar tykkjer, det er ingenting som er så drepande som det. og det er eg så sjukt glad for å ha lært så ung, spesielt når eg ser for meg å jobba i kreative virke resten av livet.

      det er dermed ikkje noko å “reisa seg” ifrå eller innrømma. me er i full gang med nye prosjekt for samlaget og andre stader, og har det bedre enn nokon gong – både kreativt, karrieremessig og privat. håpar det var svar på det du lurte på!

  • Great photos. I’m not going to get tired of saying this: you have great talent. I’m also waiting for autumn like crazy! autumn brings the best light for photos and videos, and everything feels so nostalgic…

  • hei, jeg skal til london i november og lurer på om du har tips angående billetter til musikal? er det best å kjøpe der, eller på nettet allerde nå?