om bryllupsfotografering og korleis eg gjer det.

wedding, t + c.s + k, wedding.

eg får så himla mange mails og kommentarar av fine unge tjejs som vil starta med bryllupsfotografering men ikkje veit korleis ein skal starta eller korleis ein gjer det. så, eg tenkte å samla all min erfaring her, så eg har ein stad å henvisa folk når dei spør. alt skrive her er kun basert på mine eigne erfaringar og sånt som eg sjølv meinar. spør gjerne i kommentarfeltet om det er noko de lurer på, så skal eg svara så fort som råd.

verda av bryllupsfotografi er skremmande og fantastisk takknemlig når det går bra. det finst ingenting likt som den følelsen ein har i magen når ein står der og alt pågår rundt ein og ein veit at ein gjer den beste jobben ein kan gjera og at brudeparet kjem til å bli fornøgde. men, det er ein vanskelig bransje å komma inn i og det er veldig hardt arbeid. i år har eg gjort tre bryllup, alle tre fantastiske bryllup som eg er så himla stolt av bildene frå.

korleis få oppdrag
her er eg litt blank sidan eg fekk mitt første bryllupsoppdrag kun basert på bilder her på bloggen. men, heldigvis finst det andre folk som har skrive om det, så les her og her. eg ville sagt: få laga ei heimeside (eg kan jo til dømes gjera det), trykk opp businesskort (eg brukar moo) og del dei ut hos aktuelle aktørar. kanskje nokon i ei kyrkje nær du bur er interesserte i å hjelpa? kanskje du kjenner nokon som skal gifta seg som syns det er greit at du tar bilder undervegs? til å begynna med må ein sikkert ofte jobba anten gratis eller veldig billig. det er okei å vera nervøs, omtrent det første eg gjorde på min første jobb var å sleppa hasselblad-kameraet mitt i golvet så det flaug delar overalt. det er så mange følelsar i omløp, og det er berre naturlig å ta på seg litt av den energien og bli nervøs og glad og til og med rørt.

s + k, wedding.wedding, t + c.weddings 2011.

kommunikasjon
kommunikasjon er det viktigaste, og mesteparten bør helst skje før sjølve dagen for å unngå panikk eller usikkerheit. i bryllupet vil du at brudeparet ser deg som eit trygt element. jo meir du veit jo enklare er det å vera trygg og konsultera sin eigen informasjon før du forstyrrer brudeparet. dette er ting eg avklarar på forhånd:

kor lenge eg skal jobba, kor mykje det kostar, kva som er inkludert i den prisen og kva eg treng:
eg brukar egentlig kun å ta på meg 12-timarsoppdrag. dette er fordi det er så himla slitsomt uansett, så da jobbar eg liksågodt i 12 timar og får tjent litt pengar i alle fall. óg fordi eg kanskje må reisa, og det monnar ikkje med to timar arbeid for ein halv dag med reise. det er mange timar tapt, og det funkar ikkje for meg. kva det kostar er jo opp til den enkelte, det er vanlig å ta mellom 1000-1500 kroner i timen for ein relativt erfaren bryllupsfotograf. i mitt tilfelle betalar eg reise medan brudeparet betalar kost og losji (dette blir ofte fiksa privat, og det er heilt greit, men ver da klar på at du til dømes ikkje vil sova på rom med nokon du ikkje kjenner eller den typen ting, møt utfordringane før dei er ein realitet, så blir alt så mykje enklare).

det bør vera avklart kva som er minimum for kor mange bilder brudeparet får og korleis dei er behandla (om du ikkje retusjerer mykje bør dette komma fram i denne prosessen). i min pris er det alltid inkludert ei stor coffee table-bok med dei finaste bildene, som eg lagar hos blurb og sender til brudeparet. dei velger sjølv kva bilder dei vil ha.

eg må ha eit bord i nærleiken av eit strømuttak. dette bordet må vera nær nok til at eg høyrer eller ser kva som skjer, men ikkje sånn at eg blir noko midtpunkt med det uattraktive utstyret mitt. eg skal ha mat, det same som blir servert til gjestene.

eg har aldri brukt kontraktar, sidan eg er veldig, veldig kresen på kven eg velger å fotografera bryllupet til og føler at eg kan stola på folk nok til å ikkje blanda inn ein masse papirarbeid. men, om ein har veldig mange jobbar eller ikkje føler seg trygg nok er det nok veldig lurt å få laga ei kontrakt og kanskje óg få betalt ein viss prosent i forskot.

weddings 2011.weddings 2011.

kva skal skje på dagen, kor mange gjester, dekorasjon, location
så kjem me til punktet der eg vil ha mest mogleg informasjon om dagen deira og om dei. tidsskjema, kor mange gjester, korleis har dei tenkt(om dei har sterke tankar om pynting og lignande er det sannsynlig at dei vil ha dekoren dokumentert meir), kvar bryllupet skal vera og om dei har nokre tankar om kvar det kunne vore fint å ta bilder. om du har tid er det alltid takknemlig med ein scouting eit par dagar før bryllupsdagen (da helst med brudeparet) i nærleiken av der det skal vera. det er óg alltid fint å høyra litt historie om brudeparet, det gjer at ein er meir investert og interessert på sjølve dagen.


weddings 2011.

kor nære får ein komma
på to måtar: i påkledning og under vigsla. vil brura bli fotografert i undertøyet/under påkledning, eller er det ok? og: vil dei at ein skal vera forsiktig og diskret under vigsla, eller er det viktigast at bildene blir så bra som dei kan bli? dei fleste vil ikkje ha fotografen lurkande rundt heilt framme, så det er heilt klart ein fordel å ha lang zoom på eit lyssterkt objektiv.

kva bilder må dei ha
her spør eg brudeparet: korleis ser dette bryllupet ut i hovuda dykkar? i fantasien, når de ser bildene, korleis ser dei ut? og: har dei sett bryllupsbilder som dei elskar? bryllupsbilder som dei hatar? og: vil dei ha oppstilte bilder med familie, forlovarar osv.? alt dette er supernyttig. om dei har inspirasjonsbilder, få dei til å senda dei over.

s + k, wedding.wedding, t + c.

om deg/din stil/korleis du jobbar
eg seier alltid ifrå om at eg er ein stille fotograf og at eg føretrekk ikkje-oppstilte bilder. no er det ofte derfor brudepar tek kontakt med meg, på grunn av den dokumenterande bildestilen, men det er greitt å ha alt sagt. det er viktig at brudeparet veit korleis du jobbar, så dei ikkje blir usikre på dagen. til dømes seier eg alltid ifrå om at eg er stille og ikkje er typen til å regissera forbi “stå der/gå dit”, så dei ikkje skal bli usikre. aller mest vil dei jo berre klina uansett, dei har jo nettopp gifta seg, og det er perfekt på bilder.

om du ikkje ynskjer så mykje folk rundt når du tek bilder, sei ifrå. det kan vera distraherande med onklar som står der og tek fokus, spesielt under oppstilte bilder sidan søskenflokken ein skal ta bilder av alle ser i forskjellige kamera. eg har hatt eitt brudepar som har sagt til gjestene at dei ikkje ønskar andre kamera enn mitt, og det var ein drøm. ingen raude fokusflekkar eller blitz på kakebilder eller første dans-bilder. det er kanskje verdt å nevna at jo færre andre kamera som er der, jo bedre kan bildene dine bli. men, dette er noko brudeparet må ønska sjølv og ikkje noko ein kan tvinga på dei.

weddings 2011.weddings 2011.weddings 2011.

utstyr
kva ein treng av utstyr er jo opp til den enkelte, såklart. eg veit at mange bryllupsfotografar har med seg to kamera for å sleppa å bytta objektiv, men så drastisk er ikkje eg. eg har ein relativt liten sekk med meg med dette i:

kamera
eg brukar canon 5d mark ii. om det er spesielt ønske om analoge fotografi, har eg med meg hasselblad 500c/m, og pakkar óg da film til det (dette tek eg sjølvsagt ekstra betalt for, då det er meir arbeid å balansera to kamera).

objektiv
for å vera heilt konkret: canon 50mm f/1.2L USM og sigma 70-200 f/2.8. det er veldig viktig å ha lyssterkt ustyr om ein jobbar heile dagen fordi det blir mørkt i kvelden, og det blir gjerne dansa etter det har vorte mørkt. ei katastrofeoppskrift for middelmådig utstyr, altså. om ein ikkje eig sånt utstyr sjølv enda finst det fotoklubbar rundtom som lar deg leiga utstyr for ein billig penge. om eg fekk velga heilt fritt sjølv skulle eg óg ha eit canon 85mm f/1.2, men eg er jo ikkje laga av pengar heller.

reflektor
har alltid med reflektor, det er ikkje alltid eg brukar den. det kjem heilt an på korleis lyset er den dagen. om eg brukar reflektor får eg alltid ein forlovar til å hjelpa meg å bruka den. eg har ein ganske billig ein som eg har kjøpt på ebay som har fire ulike sider.

ekstra minnekort og batteri
kjøp kjappe minnekort. dei er dyrare, men ellers kjem du til å slå deg sjølv i hovudet kvar gong kameraet ditt berre stoppar å ta bilder midt i ein serie fordi minnekortet ikkje orkar meir. eg tar kun bilder i raw-format, så eg treng store minnekort. det har skjedd éin gong at kameraet mitt lada ut i eit bryllup, og da var eg så sjukt glad for at eg hadde eit ekstra.

minnekortlesar
du kan ikkje starta med direkte overføring frå kameraet under eit bryllup. du må ha minnekortlesar.

datamaskin
pass for guds skuld på at du har nok plass på datamaskina før du reiser på oppdrag, invester i ein stor ekstern harddisk.

ledningar
kanskje sjølvsagt, men skriv dei opp på lista, kvar og ein enkelt, og kryss dei av etterkvart som du pakkar. pass på å ha med ladar til telefonen din og den typen ting óg.

wedding, t + c.

førebuingar
kvelden før pakkar eg alt eg treng, eller kan komma til å trenga, utanom utstyret:

  • smertestillande.
  • matt pudder (til både brud og brudgom om dei blir blanke i fjeset under dagen).
  • nøtter/sjokolade, noko som hjelper blodsukkeret raskt.
  • smertestillande.
  • q-tips.
  • småpengar.

også ladar eg alt av utstyr, telefon, kamera, datamaskin, før eg passar på å få minst 8 timar søvn.

 

på dagen

  • start med å eta ein bra frukost, tenk på det som ein del av jobben sjølv om du kanskje er nervøs og ikkje har nokon apetitt.
  • eg kler meg alltid som eg vanligvis gjer, eg går jo alltid i skjørt/kjole uansett, med komfortable sko.
  • kom før tiden, typ 5-15 minutt, spesielt om ein ikkje har møtt kvarandre før. det er ingen som er så takknemlig som ei brud på bryllupsdagen når alt går smooth, og da har ein starta bra.
  • allier deg med ein forlover eller nær venn, nokon brudeparet er komfortable nok rundt til å ha med på fotograferingsbiten. det er dumt å ta bilder i eit lys der ein treng reflektor men ikkje har nokon til å holda den. det kan óg hjelpa på å gjera brudeparet mindre spente og meir avslappa når ein tar bilder.
  • ver høflig mot dei andre gjestene, og smil så mykje du berre orkar. det er viktig at brudeparet føler at du respekterar gjestene deira og arbeidet dei har lagt ned i dagen. du kjem til å få spørsmål om korleis du kjenner brudeparet, om du får nokon bra bilder, korleis ein kan sjå bildene seinare, osv osv. berre ver vennlig og kort, så du kan gå tilbake til jobben din.
  • under talar; ta bilder under applaus eller latter. dette kan vera litt triksete å få inn, men etter kvart lærer ein seg å forutsjå kvar talen går, og da kan ein få nokon skikkelig fine bilder. eg prøver å ta minst mogleg bilder under alvorlige sekvensar, det er ingen som vil bli distrahert frå ein rørande tale av eit kamera som bråkar i bakgrunnen.
  • ikkje lag planar for dagen etterpå. kroppen føles som ein biff som har blitt banka, og sofa pluss netflix pluss yoghurtnøtter er den beste kombinasjonen for ein edrueleg dagen derpå.

*translation:
on wedding photography – how i do it. please feel free to google translate or ask if there is anything you want to know.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg håper du vet hvor flink du er. Det kan være så vanskelig å få stadfestet hva man faktisk kan, men du er virkelig dyktig. Fotografiene dine er så fulle av følelser og stemninger, som treffer enhver som ikke engang kjenner de avbildede. Hold deg ved godt mot, du har mye å gå på(, tror jeg)!

  • Hallo der så mange fine tips! Virker som om du er en superomtenksom bryllupsfotograf (i tillegg til å ta fantastiske bilder)! Jeg har såvidt begynt å fotografere bryllup selv, og har lært at et godt tips er å ha med våtservietter eller lignende (i tilfelle søl på burdekjolen eller dressen ++), og sikkerhetsnåler er også gull verdt. Har invstert i en en 85mm 1.2 og synes den er Helt fantastisk til bryllupsbilder, – gull verdt.

    Takk for veldig fint innlegg, frøken!

  • Hvis jeg noen gang gifter meg vil jeg at du skal være fotografen! Jeg er ingen utpreget bryllupsjente, men jeg får alltid tårer i øynene av dine bilder.

  • Dødsbra innlegg, Mariell! Eg har ingen planar om å fotografere bryllaup, men dette var interessant! God helg! :)