10-9-8.

he comes for conversation.

10 bra ting med i dag

– å bli vekt i senga av jostein som har hostesaft på ei skei. <3

– komma ajour med podcastar, høyrer egentlig kun på alex & sigge, medan eg rer opp senga og et eggerøre til frukost.

– venner som bestiller flybillettar med mange utropsteikn.

– at eg etter dette innlegget er publisert skal av stad for å få meg eit bibliotekskort.

– grønnsakssuppe og baguettplanar til middag.

– at det er så mykje spennande som skjer med jobb akkurat no, eg trudde det kom til å vera heilt stille no etter boka men det er så fint og travelt med skrivejobb og bryllupsforespørslar og bloggdesign og ja. pepp! så i dag skriv eg og redigerar bilder.

– at eg har krølla håret sjølv om eg er heime åleine. eit sunnhetsteikn.

– å halda fram med research og peppa noko heilt sjukt til amsterdam med christine og roma med jostein og london med frøy og sara og janne.

– å skriva langt i dagboka mi og få rom til å reflektera litt over den siste veka og alt eg har følt og kor loco det har vore.

– at eg har ommøblert men framleis ikkje heilt veit om det føles bra men enn så lenge føles det ihvertfall spennande.

 

 

9 plassar du har klint

– på mange-hundre-år-gamle slott.

– på ukm i lærdal i 2005.

– midt i eit flyttelass.

– i badekaret.

– over eit bokmanus.

– på kafé kvar onsdag.

– under trappa på bar babylon.

– på instagram.

– kvar torsdagskveld på verdens minste kjøkken på sandane 2007-2009.

 

 

8 ord som skildrar deg
kreativ ambisiøs pepp seriøs glad modig generøs vanskelig.

 

 

7 songar du elskar (akkurat no)
sam cooke – (i love you) for sentimental reasons
highasakite – winners don’t come easy
chet baker – my ideal
chromatics – i’m on fire
erik satie – 3 gymnopedies: gymnopedie no. 1
fivrel – ho søv (med min eigen pust på)
bon iver – i can’t make you love me/nick of time

bramble-thicket2

6 drømmar
– å få skriva for evig og alltid, med jostein og åleine.
– reisa åleine, kvar som helst.
– å få ro til å planlegga det som skal vera den beste dagen i mitt liv.
– laga magasin igjen.
– læra å sy.
– bygga ein benk.

 

5 fæle minner
– for nokre veker sidan då eg og jostein gjekk kveldstur og to idiotar skreik så fæle ting etter jostein og eg klarte ikkje å holda meg og måtte snakka til dei sjølv om eg aldri gjer det og etterpå vibrerte heile kroppen av sinne og adrenalin og dei kasta ølflaskene sine etter oss men bomma heldigvis.

– telefonen om at pappa hadde kreft i kroppen og kor kald eg vart så fort.

– det der bryllupet der eg vart behandla så fælt og som gjorde at eg ikkje sa ja til eit sånt oppdrag på over eitt år.

– å bli fulgt etter frå trikken til siloen på grünerløkka og måtta ringa til jostein så han kom meg i møte.

– den morgonen då jostein låste seg ut av hotellrommet og eg plutseleg følte meg så sjukt åleine men merkeleg klar for to månadar med dinner for one.

 

4 lukter
– syriner som lovar at det snart er sommar.

– calvin klein euphoria som eg delte med mi beste venninne og som alltid kjem til å minna meg om ho sjølv om me ikkje lenger har kontakt.

– tøymykner som eg alltid brukar for mykje av.

– lukta av jostein når han kyssa meg første gongen, eg har den lagra i hjerna ein plass og kjem nok aldri til å gløyma det.

 

our beach stuff

3 ting du aldri har gjort
– prøvd snus.

– levert tilbake ei biblioteksbok i tide.

– steikt eit lammelår.

 

2 hemlisar
– ikkje akkurat ein hemlis, men noko eg ikkje har sagt: denne månaden er bildene mine av vakre tina og christine i magasinet ditt eget bryllup.

– fram til i år måtte jostein gjera rekneskapet mitt for meg fordi eg hysterisk begynte å grina kvar gong eg skulle gjera det. ikkje heilt avslappa rundt pengar, kan ein jo sei. men i år har eg gjort dei sjølv, og det føles så sjukt awesome. føler at eg kan gjera kva som helst når eg sit i excel og det går opp.

 

Please stay with me, the beauty of Spring.

1 sommarminne
– heile sommaren i år vart som sommar skal vera: ei stor mølje av varmt, iskaffi, late morgonar med eplepannekaker og blåbærmilkshake. dynefort i sofaen med franske filmar og hammar og spikar med niese og nevø i hagen.

*translation:
10-9-8-list.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *