instagram, september.

september var hundre ting på ein og same gong, og no kjenner me verkeleg på at boka kjem ut denne veka. gårsdagen, som skulle vera ein produktiv dag, endte opp i ingenmannsland, og eg endte opp i senga stirrande i taket med worst case-kjensler i magen. det er heilt enkelt altfor spennande å debutera, eg prøver å verdsetta desse dagane men samtidig er eg så glad for at eg aldri skal vera debutant igjen. la oss heller snakka om korleis september var gjennom telefonen min!

 

instagram, september.instagram, september.
første september var eg fyllesjuk og jobba ute i parken utanfor huset vårt, med iskaldt vatn og hol i strømpebuksa.

instagram, september.instagram, september.
eg og jostein hadde ein veldig fin utforskardag i nord- og aust-london.

instagram, september.instagram, september.
me åt lunsj på stamplassen og eg såg ein fin bryllupsbuss i nord.

instagram, september.instagram, september.
fin blomsterbil i e8 og sjokoladeboll i senga.

instagram, september.instagram, september.
ben&jerry’s i hotellseng i oslo, og nervøs men klar til dagbladet-intervju.

instagram, september.instagram, september.
vår frelsers gravlund i oslo og bokklubb-møte med frøy på skype.

instagram, september.instagram, september.
vår superfine vegg som me laga før bt skulle komma, og tørr cider på kvelden, utslitte etter 8 timar intervju.

instagram, september.instagram, september.
me var på prince charles cinema og såg frances ha(elska den) og jostein fekk seg briller. <3

instagram, september.instagram, september.
eg reiste land og strand for å kjøpa min nye mintgrønne baby, og me var i hampstead og såg fine postkasser.

instagram, september.instagram, september.
me reiste på dagstur til fine oxford, besøkte colleges og åt laukringar og halloumisalat.

instagram, september.instagram, september.
me annonserte at me ville gi vekk tre gigapakkar med fine ting til folk som har kjøpt boka, og når me kom til oslo fekk me endelig holda ho i handa.

instagram, september.instagram, september.
laurdag jobba eg i bryllup heile dagen og søndag vakna eg supersliten. jostein kokte egg og kutta opp frukt, beste typen frukost. resten av dagen las eg magasin og åt gamle kjeks i senga.

*translation:
my month of september through instagram!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *