dette er ein av dei absolutt enklaste oppskriftene som finst. alt skal i éin bolle, ikkje noko baking eller koking, berre kliss i ein bolle som rullast til herlige sjokoladebollar. faktisk er dette mitt beste kinosnop, rulla i kokos eller kvifor ikkje kakestrøssel? oppskrifta finn de her!
om du er klar for ei litt meir ambisiøs helg, kan du vel prøva å laga french toast, lemon curd eller sitron&bringebær-cupcakes.
*translation:
my recipe for chocolate balls, kind of a swedish phenomenon. i’m sure you can google translate the recipe, it’s very simple. : )
Mmmums! Sjokoladeboller er godt og er lette og bra å lage glutenfritt også :)
ja, absolutt! enda eit pluss. :)
namnamnam!
Ser såååå deiligt ut! :)
Hello!
A friend of mine recommended yout blog.
Your pics are amazing!
This recipe is good too!
Kisu!
Ånei! Oppskriften er borte fra matmerk.no? Jeg hadde så lyst til å lage disse denne uken, men jeg har ikke oppskriften i hodet. Har du den en annen plass?
det er flytt til ny plattform for matmerk, så her kjem den i mellomtiden:
desse er vidunderlege å servera på ein low-key tekopp med ein venn ein torsdagsettermiddag, eller på eit kakebord såklart. dei er superenkle å laga og held seg i kjøleskapet i mange dagar. også er dei faktisk mitt beste kinosnop! fleire av desse ingrediensane er lett tilgjengelige økologisk, så gjer deg sjølv ein tjeneste og legg dei i handlekorga.
10-12 sjokoladebollar
50g romtemperert smør
0,75 dl sukker
1,5 dl havregryn
1 teskei bra vanilje
1,5 spiseskei kakaopulver
1,5 spiseskei kald sterk kaffe
kokos til å rulla dei i
1. bland smør, sukker og havregryn i ei skål.
2. tilsett vanilje og kakao, og til slutt den kalde kaffien.
3. form sjokoladebollane med hendene, eg likar dei i munnfullstorleik, og rull dei i kokos. oppbevar i kjøleskapet under lokk.