oslo in small squares.

me har nettopp kome heim etter å ha vore ei natt i oslo! me tok flyet over berre for å gjera bittelitt presse, bu på hotell og kjøpa obskøne mengdar knekkebrød før vinteren. sidan det var ein kort tur reiste eg utan både kamera og datamaskin, så deilig å sleppa den ekstra vekta. men eg tok sjølvsagt bilder med ipaden, og her kjem dei:

oslo in small frames.oslo in small frames.
me budde på hotell rica på europarådets plass, ikkje den beste lokasjonen, men senga var så mjuk så eg aldri ville stå opp, det var heilt stille på rommet og frukosten var sjukt god. på kvelden åt eg og jostein ben&jerry’s i hotellsenga medan me såg på krim. og på morgonen kom frøy og åt croissant og drakk kaffe med oss.

oslo in small frames.oslo in small frames.
me gjorde oss klare for å bli fotograferte, og tenkte at me sjølvsagt ville skilla oss ut, så det var på med stor lilla tøyblomst og diadem som eg hadde kjøpt søndagen før. etterpå var me så slitne som ein blir når ein er anspent heile tida, me stakk innom forlaget for å klemma folk og knabba med oss bøker, også åt me bittelitt på nye kolonihagen på løkka.

oslo in small frames.oslo in small frames.
så gjekk me til sentrum(altså me gjekk så sjukt mykje denne dagen), for å eta kaker med beste ragnhild, søstra til jostein. etterpå var me i villrede om kva me skulle gjera med resten av tida vår så ho foreslo at me kunne gå og helsa på mikla på st.hanshaugen. så me gjekk gjennom gravlunden og opp og opp og opp.

oslo in small frames.oslo in small frames.
til me kom fram til overlykkelig hund. me åt alt me fant i kjøleskapet før me reiste vidare mot sentrum, mot bagasjen vår, mot flytoget, mot london, og eg las altfor stor og lite flyvennlig avis på flyet. diademet fekk endelig komma av og etterlot seg ein verkande flekk bak kvart øyra. også kom me heim til london, sovna i vår eigen seng og lurte på om alt berre hadde vore ein drøm.

 

 

 

*translation:
we just got back from oslo, where we spent one night just to do some press, stay in a hotel and buy a lot of crispbreads for winter. i travelled without my camera and computer(lovely!) but i did, of course, photograph with my ipad – yes i’m one of those.

when we arrived, we ate ben&jerry’s in bed while we watched the killing, and the morning after i really didn’t want to get out of bed but eventually caved. our friend frøy came to meet us and sit with us while we had some awesome hotel breakfast.

we got ourselves ready to be photographed, i wore a huge purple flower on my cardigan and a diadem on my head. after, we were so tired from being so tense, and had some food. we also stopped by our publisher’s to hug some people and steal some books.

we had cake with j’s sister, and with no plans later she suggested we stop by her apartment to see mikla the dog. so we walked and walked.

and met with hysterically happy dog, took this very cozy family portrait, got our bags and went to the airport and i read one of my favorite papers although it’s much too large to read on an airplane. when i took my diadem off the back of my ears were all achy and sore. then we came home to london, slept in our own bed and wondered if it had all been just a dream.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *