wedding photography, t + c. ♥

wedding, t + c.

det passar vel fint med litt bryllup på ein fredag? for nokre veker sidan fekk eg vera med og fotografera når desse to gifta seg. det var eit heilt utmattande nydeleg bryllup, så mykje kjærleik og smil og tårer. ein kunne høyra snufsing frå alle krikar og krokar av garden. eg hadde ein heilt utrulig morsom dag, og hadde igrunn ikkje lyst til å reisa når kvelden kom og hotellsenga kalla. mine favorittpunkt:

1. å ta bilder under påkledningen til dei begge, paljettar og perler overalt og hjelpande hender. korleis lufta er så himla spent og pepp.
2. når døra gjekk opp og dei fekk sjå kvarandre før vigsla. herregud altså. noko av det finaste eg har vore med på. blir heilt matt av å tenka på det, den kjærleiken.
3. at min gode venn erlend av tilfeldighet spelte fele i vigsla, innmarsj og utmarsj, og han ville ikkje reisa han heller så han kom tilbake for øl på kvelden med planar om å sova i bilen.
4. dei fine folka som jobba på garden og kor velkommen eg følte meg heile dagen.
5. den fantastisk gode middagen og så fine talar. (det er plusset med å snakka mykje med brudeparet først, at ein faktisk kan setta pris på talane og forstå dei meir.)
6. når eg skulle reisa og eg banka på døra til brudesuiten og dei sat på sengekanten heilt utmatta av alt pirret i kroppen og gledestårene og smil.

wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.wedding, t + c.

 

translation:
this is a wedding i did a few weeks back, it was such a magical day and i’m so happy i got to be a part of it.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *