v o t e .

67ba8c291d15936d1229ed858f50163c

i oslo forrige veke fekk me heldigvis anledningen til å gjera noko fantastisk og deilig og oppløftande. noko som er så viktig og nødvendig og utrulig bra: me stemte. me gjekk inn i kvar vår lille bås, eg kunne høyra korleis jostein fikla med arket og antakeligvis sjekka tusen gongar at han hadde kryssa av for rett parti. dei putta sedlane våre i tusen konvoluttar og me fekk dytta dei nedi den store oransje postkassa, både antiklimatisk og tilfredsstillande. også gjekk me ut, smilande, stolte, og kjøpte valgfocaccia i markveien medan me diskuterte viktige ting(og såklart fortalte kvarandre kva me hadde stemt, for eg var bittelitt usikker heilt fram til den dagen og det er så spennande med valg).

eg syns det er heilt utrulig at halvparten av alle under 30 år ikkje stemmer. til tross for alle sakene som er så utrulig viktig og konkret påvirkar  eg vil ikkje sei noko om kva de bør stemma på eller ikkje. eg trur ikkje eg eingong skal seia kva eg stemte. berre at det er så himla viktig at ein faktisk stemmer. både fordi ein personlig føler seg som ein del av demokratiet når ein puttar konvolutten ned i postkassa, men óg fordi det er eit privilegium å få lov til å vera med å bestemma korleis landet ein bur i skal fungera. avgårde og stem, folkens! hugs at etterpå kan ein feira.

 

translation:
these days the election is on in norway! i’m basically just saying: vote!!! for crying out loud.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *