vente, blinke.

vente, blinke.

nylig las eg denne perla som eg fekk kjøpt i bokbyen i fjærland i sommar. vente, blinke av gunnhild øyehaug. den har stått høgt oppe på leselista lenge, og eg er så glad eg endelig fekk lest den for den er så utrulig fin. den har mange historiar i seg, som på enkle eller kompliserte vis er fletta i kvarandre, og forteljarteknikken er så utrulig inspirerande. mest handlar den om sigrid, som er litteraturstudent og besatt av sofia coppola og kvinner i for store mannsskjorter. den handlar litt om linnea som skal laga film, ho er forelska i göran men göran er ein heilt annan stad. robert, derimot, er forelska i linnea. trine er performanceartist men slit med å vera for utleverande etter ho blir mor, viggo er mest redd for alt. ein får innsikt i alle desse vanlige og uvanlige personane frå deira eigne perspektiv. ho skriv så opent men balansert og på veldig personlig nynorsk(best). (innser no at alle utdraga mine under er av bitar om sigrid, det var ikkje heilt meininga! les den uansett!)

vente, blinke.vente, blinke.vente, blinke.

 

translation:
a book i read recently, i don’t think it has been translated into english(yet). i hope it will!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *