no rest for the wicked.

åh! eg og jostein er i london att etter nokre dagar i oslo med bokjobb, fine møter, lite søvn og mykje nerver. me har vore på hagefest, vore for seint ute om natta, hengt i eit privat bibliotek, drukke vin med bokfolk og nynorskfolk og blitt intervjua. heldigvis vart det óg tid til å eta middag med familie og blautkokte egg til frukost, ha på masse eyeliner, lesa og rufsa fantastiske venner i håret før dei sovna. me har hatt det så fint, og eg har altså ikkje tatt eitt einaste bilete; eg kom fram til oslo og innsåg at eg hadde lagt att kamerabatteriet mitt i london. pytt, pytt. det var fint(for skuldre og kvila) å berre nyta og henga med fine folk.

oslo!
men! ipaden låg jo i veska. 1. fint på hagefest. 2. martin sitt bibliotek. 3+5. i den fine rare villaen. 4. debutantblomar. 6. hagefest by night. 7. dagen derpå, på samlaget, for å gå på møter om lanseringsfest og nye prosjekt. nede til høgre er faren til jostein si nye rettskrivingsbok, og to bøker mellom til ida frosk(som eg var så heldig å få læra å kjenna litt) si bok. til venstre nede er ei superfin ny barnebok om ein redd kakerlakk.

me flaug lågt over london før me landa i ettermiddag og eg kjente at eg nesten vart rørt av å sjå på byen, sjå london eye, themsen som sneglar seg usannsynlig bortover og the shard som skyt opp mot himmelen og eg tenkte at london er så heime. på paddington stasjon sat det eit korps og spelte, og ved sidan av trommespelaren sat det ein fin liten terrier og venta tolmodig på at eigaren skulle bli ferdig. og når me gjekk gjennom gangane i charing cross sin undergrunn stod det ein fyr der og spelte “love will tear us apart” også “boys don’t cry” og eg tenkte at ein kan jo ikkje få betre velkomst.

tusen takk til alle som har kjøpt londonguiden min så langt! så utrulig gøy at de vil sjå mitt london, det gjer meg heilt varm og glad. : )

 

 

 

 

 

 

translation:
j and i have been in oslo for a few days. it was book work, lovely meetings, very little sleep and a lot of nervousness. we’ve been to a garden party, stayed up late, hung out in a private library, had wine with book people and been interviewed. luckily there was also time for dinner with family, soft boiled eggs for breakfast, lots of eyeliner, reading and cuddling friends’ hair before falling asleep. we had such a great time, and i havent taken a single photograph; i arrived in oslo and realized i had forgotten the battery. oh well. it was nice for my shoulders and rest to just enjoy and hang out with great people.

however, i did bring my ipad and here are some pics of the garden party, the big house with the library and from our publishers’ office and their fall lineup.

our airplane soared over london town this afternoon and i could feel myself being moved by the grandness of this city. the london eye, the thems snailing ahead, the shard shooting up into the skies thinking london is home. at paddington there was a band playing, and the drummer had a terrier with him, sitting patiently waiting for the owner to finish. walking through the underground streets of charing cross station there was a man playing and singing “love will tear us apart” and then “boys don’t cry” and i thought there isn’t a better welcome.

oh, and thank you so much to all of you who bought my guide to london this far! it’s so much fun that you want to see london through my eyes. makes me all warm and fuzzy. : )

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *