july through my phone.

instagram july.instagram july.
tidlig i juli kom me endeleg heim til sogn for litt jobb og mest ferie, og kunne pusta letta ut etter å ha lest høgt frå boka og ikkje dødd av det. svigerfar hadde bursdag, og eg og lille t baka muffins som me alltid gjer.

instagram july.instagram july.
eg tok ein evaluering av håret og konstaterte at ingen hårspray er suksess for mitt kommande havfruehår, åt moreller for å feira eller kanskje berre fordi det er så sjukt godt.

instagram july.instagram july.
frøy kom til lærdal og på loppisrunda fann eg ein pikant kortstokk som ho berre måtte kjøpa.

instagram july.instagram july.
me hadde fun in the sun og klappa nabohestar.

instagram july.
og plukka markblomar, som eg alltid har lyst til men nesten aldri gjer.

instagram july.instagram july.
me laga guacamole av fire avokado og heimelaga iskaffe.

instagram july.instagram july.
og eg las heidi si fine bok under eit tre.

instagram july.instagram july.
eg plukka jordbær i hagen og bestefaren til jostein hytta med neven frå kjøkenbordet i huset sitt. også var me i fjærland i bokbyen.

instagram july.instagram july.
me åt lunsj på hotel mundal og tenkte på kor utrulig fint det er med forvokste kart som tapet.

instagram july.instagram july.
eg fekk dette fantastisk fine printet frå esra røise i posten, som sommergåve.

instagram july.
eg laga mi fabelaktige kladdkaka som me åt i hagen med is og bær.

instagram july.instagram july.
eg og jostein tok bussen til årdal for å besøka mamma og pappa ein snue, og eg tjuvplukka blomar i svigermor sin hage.

instagram july.
og eg fekk vera tante og visa fram yoyo-talentet mitt.
om de vil følga meg på instagram heiter eg hjartesmil der óg!

 

translation:
this was july through my instagram. i ate a lot of berries, read some books and enjoyed visits from friends and family. if you want to follow me, i’m hjartesmil there too(with all english captions)!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *