sommarlesing.

books.

akkurat no brukar eg timesvis kvar dag med noko kaldt å drikka ved sidan av meg medan eg har nasen i ei eller annan bok. då eg kom heim til sommarferie låg det ei pakke frå kolon forlag og venta på meg med masse bra greier i. desse to har eg lest, dei er begge debutbøker på rundt 100 sider(altså perfekt til lågambisjonslesing) og dei er lesverdige begge to. perlebryggeriet av jenny hval er ei erotisk lada absurd historie om ei kvinne som flyttar inn med ei anna kvinne i eit hus der veggane er tynne og huset liksom tek over liva deira litt. det var grønt av kjersti anfinnsen er ei bok om ein mannlig tannlege som har eit ganske trist liv og brukar mesteparten av fritida si med prostituerte og tv-tennis, men som litt etter litt prøver å finna ut av dette livet. kva les de i sommar?

 

 (berre for å vera heilt klar: eg har ikkje betalt for desse bøkene, men har heller ikkje betalt for å skriva om dei. eg valgte sjølv kva bøker eg ville ha, men utan føringar på om eg skulle skriva noko)

translation:
i’ve read these two books so far this summer, unfortunately in norwegian. but what are you reading?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *