lemon & raspberry cupcake awesomeness.

i baked awesome lemon&raspberry cupcakes.

her kjem den beste cupcakeoppskrifta eg har laga nokon gong, med sitron, vanilje og bringebær, og supergod glasur på toppen. kan fint halverast om ein vil ha mindre mengde, men veldig lurt å bruka kjøkkenvekt.

 

sitron & bringebær-cupcakes

18 kaker
170g sukker
60g usalta smør, i romtemperatur
2 egg
75g lettrømme
60ml rapsolje
skal frå 1 sitron
1 teskei vaniljeekstraks (dette er den store skilnaden. bilig vaniljesukker eller vaniljestang: så langt ifrå kvarandre)
175g kveitemjøl
1 1/2 teskei bakepulver
1/2 teskei natron
1/2 teskei salt
saft frå 1/2 sitron
160ml lettmjølk
250g ferske bringebær

varm omnen til 180 grader celsius. ha store muffinsformar i eit muffinsbrett. om du ikkje har eit brett, bruk doble former.

bland saman sukker med sitronskal, press sitronen inn i sukkeret til alt luktar godt sitron, rundt 2 minutt. tilsett sukkeret og visp til du har ei luftig røre. tilsett egga eitt og eitt, og visp godt kvar gong. tilsett rømme, olje og vanilje. ha i mjøl, bakepulver, natron og salt litt og litt medan du rører. bland inn mjølk og sitronsaft og bland til du har ei slatt røre. velt inn bringebæra forsiktig.

overfør røra til eit litermål, og tøm ned i formene, rundt 2/3 fulle. pass på å fordela bringebæra likt. steik i omnen i 16-18 minutt. for å sjekka om den er ferdig, putt inn ein tannpirkar i midten. om den kjem ut tørr eller med tørre smular, er den ferdig. om det er blautt, treng den litt meir tid.
glasur
200g philadelphia
50g smør, i romtemperatur
1 teskei vaniljeekstrakt
ei klype salt
500g melis

 

translation:
lemon and raspberry cupcakes, largely based on this recipe.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *