we have lift off.

our manuscript! reading aloud for the first time today.

etter kvart som nervøsiteten min vaks seg sterkare og sterkare over helga, vart eg stillare og stillare på alt som heiter sosiale media. eg har ikkje rørt kameraet mitt på mange dagar. i helga las me nemlig høgt frå boka vår for første gong, på dei nynorske festspela i ørsta, for fleire hundre menneske, og eg har vore fysisk uvel med nervøsitet i fleire veker no. heilt utan å overdriva. eg har håpa å bli sjuk, håpa å mista stemma, håpa å mista passet mitt så me ikkje kunne reisa heim. det rare var at straks eg satt meg ned for å lesa forsvann nervøsiteten og eg berre las. eg hugsar ingenting frå sjølve lesinga, utanom eit lite klipp av skjørtet mitt som blafrar med mi eiga stemme langt, langt i bakgrunnen, som ein animasjon. så rart at det skal vera sånn, at sju minutt med høgtlesing kan setta ein så ut av sjakk. i ettertid føler eg meg jo litt udødelig. no er det plutseleg så himla ekte. me har skrive ei bok, og den skal koma ut, og det er ikkje så lenge til, og det er så sjukt fint.

 

translation:
as i became more and more nervous, i became more and more quiet on all things social media. i haven’t touched my camera for days. this weekend we read from our book at a festival, for the first time. in front of hundreds of people. i’ve been ill with anxiety for weeks, without exaggeration. i’ve hoped i would get ill, lose my voice, lose my passport so we couldn’t go. the weird thing was, the minute i sat down to read i felt like myself again. i just read. i don’t remember a think, just one clip of my skirt getting caught in the wind with my own voice far, far in the background, like an animation. so strange that it is this way, that seven minutes of reading aloud can turn everything upside down. i kind of feel immortal now. it’s so real, all of the sudden. we’ve written a book. and it’s coming out. in september. which is soon. and it’s great.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *