you can’t stay in your corner of the forest waiting for others to come to you. you have to go to them sometimes.

friday saturday.burgers and lovecats.friday.caitlin at kew.friday.

i septembervarmen for to år sidan, den heite bølga som hadde vaska over byen og gjort oss alle ute av stand til å jobba eller eingong vera inne, måtte eg innrømma for meg sjølv at me ikkje var nok, eg og jostein. sjølv om me hadde putekrig og spelte scrabble og åt maiskolber til middag og maratonsåg sesong på sesong med house, var det ikkje nok å berre ha kjæreste i denne nye byen, eg mangla noko heilt essensielt som ikkje kunne erstattast med videosamtalar og helger som forsvant altfor fort. middag midt i veka, ein kaffekopp, impulsive galleriopningar. og etterkvart som hausten vart mørkare og mørkare vart eg meir og meir einsam, stirra på folk på tog og undergrunn, håpte så inderlig at nokon skulle sei noko, klar for å sei ja til neste invitasjon. eg sat på kafé og jobba og såg på venninner som heilt tydeleg hadde sett kvarandre nyleg men var her ihop likevel og kjente kvalmen bre seg i fingertuppane. mamma ringte og spurte om eg hadde fått nokon venner og eg sa nei, nei, eg har ikkje det. ingen venner i sikte.

i november møtte eg carrie for første gong. me gjekk på marknad på camden passage og det var så himla rart å snakka med nokon andre enn jostein. me gjekk på kafé, åt kake og tok bilder av blomster. ei tid etter det skulle eg møta ho for afternoon tea på piccadilly og ho hadde lucy med seg, stephen fry gjekk forbi rett før eg kom og me fekk såvidt utvida reservasjonen til tre personar. me sat i knirkete sofaar, tok bilder av små ripskaker og medan me tømte teen i koppane. fann på historiar om dei som sat rundt oss og strakk halsane for å sjå på modellar og businessmenn. i april, i bursdagsselskapet til lucy, møtte me caitlin for første gong, ho hadde stort blomsterskjørt på og det var noko heilt spesielt som fekk meg til å tenka at me kom til å bli venner sjølv om eg ikkje visste kva ho heitte, ikkje eingong etter ho hadde reist. me traff kvarandre igjen i mai, på magasinsleppet til carrie og lucy, og stod i hjørnet og snakka om film og tv resten av festen. oftast treng ein berre éin person, éin person som tar ein med inn og introduserar ein for nye menneske. veka etter det reiste me på middag ilag ute, drinkar, me snakka om familiane våre og jobb og var plutselig venner. me gjekk på frozen yogurt med veera som jostein studerar med og snakka om norden og kulden og kulturklisjéar, og for ei veke sidan fekk ho eggerøre til lunsj heime hos oss. i august, nesten akkurat eitt år etter me hadde flytta hit, møtte me mariell for første gong, me gjekk på marknad og var litt nervøse og åt crepes. snakka om foto og london og norge. og me vart óg venner på ordentlig, litt etter litt, og me har blitt venner med hennar venner, og drukke øl og tequila og hatt latterkrampe heile vegen heim så det har tatt ti gongar så lang tid som det burde.

når eg først flytta hit overhøyrte eg i frisørsalongen at ein annan frisør sa at i london tek det evighetar å få venner, sidan byen er så stor og folk aldri reiser heim til kvarandre. ein berre møter kvarandre på pub, på kafé, på kino, ein blir veldig sakte kjent. og det er først no, nesten to år etter eg flytta til london, at eg føler at eg har røtter her. venner. som får husnøkkelen i tilfelle, som vatnar blomstrar og spanderar bringebærøl på homsepub og som aldri blir sure om ein er sein. naboar som lånar oss stigen sin og som me passar hunden til, kaféar der folk kjenner oss att og seier see you soon når me går fordi dei veit at me kjem att gong på gong på gong. i denne enorme byen tok det for meg to år. på pub, på kafé, på kino og heime.

 

translation:
finding friends was so incredibly hard in london. two years ago, i felt rootless and lonely. now i have friends who i’ll trust with my house keys. it took two years but it was totally worth the wait.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • jeg setter sånn pris på dette innlegget, spesielt i dag! Jeg har vært så lei meg for jeg aldri føler meg hjemme.. jeg føler at jeg aldri finner min krets. jeg bør nok bruke lenger tid på et sted. takk for dette innlegget, Mariell <3

  • Takk takk takk! Det er så mye lettere å ønske seg flere og nærmere venner når du og andre fine folk minner meg på at det tar tid å finne venner for de fleste av oss. Glad du har fått så gode venner nå!

  • Dette var fint <3 Jeg leste det høyt for meg selv inn på iPhonen og sendte det til en venninne ^^ Hørtes nok mer ut som Seljording (Telemarks-dialekst) + Oslo-dialekt enn din ekte, men men.

  • Takk for denne teksta, eg er på veg til ein ny by utan andre enn kjæresten å stø meg til og eg er så redd for å ikkje få vener. Fint å hugse på at det ordnar seg etterkvart. Klem.

  • <3 <3 <3 <3 it's been too long my love and it's my fault, I wish i could do NOTHING but just see everyone I have to see every day!
    welcome back though, lets get going again now it's warmer and the days are longer :)
    I know how you feel, i want to find men and date but it's so hard unless you actively say 'hey, introduce me to all your friends and maybe i can pick one out who will introduce me to all their friends'
    See you soon I hope xx

  • Helt sant det der du sier med at man trenger den ENE nære vennen. Jeg har en slik venninne nå i New York, og det var helt tilfeldig at det var henne som ble min “beste” venn hvis du kan si det slik. Selv om hun er amerikaner så har vi veldig mye tilfelles, blant annet det at vi begge er fra landet og liker en avslappet livsstil sammenlignet med de fleste New Yorkere. Hadde det ikke vært for henne så er det ikke lett å se for seg hvordan hverdagen hadde vært!

  • Oi, dette var godt å lesa! Det traff meg litt ekstra sidan eg har budd i London i snart eit år, og framleis saknar ein ordentleg god venn. Ein sånn som ein kan ringa til sjølv om ein ikkje har nokon plan, og så ender ein opp med å gjera ingenting og har det skikkeleg fint fordetom. Hurra for å skriva om ting som er vanskelege!

  • Tusen takk for et fantastisk innlegg. Alt for få tørr å skrive om at det tar tid å skaffe venner, av og tll skulle man tro at venner er noe som bare er der naturlig og da kan det være lett og føle seg ensom..

  • Takk for dette innlegget, det traff meg! Det er liksom forventet at man får en stor bekjentskaps/vennekrets når man flytter et nytt sted, men sånn har det ikke vært for meg. Det tar tid, spesielt når man er sjenert. Etter snart to år i London er jeg på vei, men jeg føler at alle andre finner det lettere enn meg. Kanskje ikke.

    • <3 ja, det er supervanskelig og framleis ein prosess for meg óg, men eg får ikkje sånne bølger av triste einsamkjensler lenger. london er ein veldig, veldig stor by på veldig, veldig mange måtar.

  • kjenner meg veldig igjen i dette, mariell! folk er veldig åpne og imøtekommende her i san francisco og det er lett å få kompiser, men tar så lang tid å danne sånne komfortable vennnskap der man bare kan stikke innom og henge litt. og så har folk en annen åpenhet her borte, som gjør at de ikke synes det er noen big deal når jeg forteller personlige ting som er en kjempe big deal for meg. etter et og et halvt år begynner det å gå mye bedre for meg også, men kommer nok alltid til å savne de der hjemme som har kjent meg i over et tiår. glad du har funnet noen fine!

  • Eg opplever det same, berre at eg er HEILT åleine i ein ny by i gamlelandet. Har ingen andre å prate med enn folk frå jobben, og det er ikkje det same. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal gå fram, men eg håpar det ordnar seg etterkvart. Det er som å vere på sjekkaren, føler meg lettare desperat! Herligheit, eg vert sjalu når eg ser venar som vandrar i lag. Her er eg i min beste alder, men som den største taparen av alle utan mann og venar. Sukk. Eg får sette meg på gata, med eit skilt som seier “Vil du vere ven med meg?”.

  • jeg kan ikke få sagt hvor enig jeg er med deg! det å flytte til et helt nytt sted hvor man ikke har noen holdepunkter er vanskelig i seg selv, og når man i tillegg skal finne nye venner når det føles som om alle allerede har de vennene de trenger så er det alt annet enn enkelt. Da jeg akkurat hadde flyttet til England skrev du i dette innlegget http://hjartesmil.com/2012/09/14/qa-with-me-and-my-baby/ at det viktigste er å aldri gi opp om at det skal bli bra. de første månedene gikk dette som et mantra i hodet mitt, det blir bedre, det blir bedre. man må pushe seg selv ut av komfortsonen, hele tida, fremstilles som et produkt før folk kan se hvem du egentlig er. men når de ser deg, da er alt verdt det. tusen takk for at du har guts til å skrive om det som er vanskelig! <3