bircher muesli.

bircher muesli.bircher muesli.

eg har aldri vore noko havregrautmenneske, og er vel egentlig ikkje det no heller. men, etter eit frukostbesøk i berlin der eg vart frelst av ein overnattsgraut, med havregryn i mjølk og yoghurt og rips, klarte eg såvidt å lirka ut ei omtrentlig oppskrift frå ein servitør. dette er min versjon av den, og kjem til å vera min gå-til-frukost i lang tid framover. spesielt bra er det jo at ein kan gjera mesteparten kvelden før, så får natta gjera sitt og ein kan ha ein lat morgon men fantastisk frukost likevel.

til denne retten er det mange ingrediensar som er lett tilgjengelige økologisk: sitron, havregryn, frø, honning, eplejuice og lettmjølk.

bircher muesli
for to personar:
2 faste pærer
saft frå ein halv sitron
120g havregryn
2 spiseskeier blanda frø (linfrø og sesamfrø er alltid bra)
3 spiseskeier grovhakka nøtter (mandel, pekan og valnøtt til dømes)
1 spiseskei agave eller honning
1dl eplejuice
1dl lettmjølk
1,5dl yoghurt naturell eller gresk yoghurt
bær og frukt, til dømes tynne pæreskiver, bjørnebær, kvit rips, granateple

1. kvelden før, riv pærene grovt og bland med sitronsaft. bland i ei skål med sitronsaft, havregryn, frø, to spiseskeier nøtter, agave/honning, eplejuice og lettmjølk. dekk med lokk og la det stå i kjøleskapet over natta.

2. morgonen etter, bland inn yoghurt og frukt/bær. del opp i to skåler, og topp med resten av nøttene og meir frukt og bær.

translation:
my recipe for bircher muesli, only in norwegian.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *