sunday list.

korleis såg du ut for eitt år sidan?
new york, day three.
for omlag eit år sidan var eg i new york med jostein og hadde det så sjukt fint.

kva ord har du brukt mest denne veka?
pdf/dpi/mandag mandag mandag.

har du nokon fobi?
blautt metall, men ikkje så mykje meir.

kva er det beste du har ete denne veka?
pizza som eg laga i går når mine foreldre var her og åt middag, med rødbetsmarmelade og fire typar ost.

kva er det finaste nokon har sagt til deg i dag?
egentlig berre når svigermor og jostein kommenterte om kor fint det var i gamlahuset. me fiksar og gjer oss klare for å reisa no, så eg har rydda og støvsuga og vaska litt, og er så sliten at eg fungerar på eit veldig lågt intellektuelt nivå.

når var du sist skikkelig fornøgd med deg sjølv?
då eg fiksa ei skapdør med skrutrekkar hos bestefaren til jostein. i går når eg planta om blomar for svigermor. generelt fornøgd for tiden, egentlig, berre veldig sliten.

leilighet

kva trur du blir best med helga som kjem?
at me flyttar inn i ny leilighet i london på laurdag, herregud. det verkar som ei heilt anna verd.

kva er din beste pepplåt akkurat no?
ein million gongar den nye låta til daft punk, get lucky. høyrer den femten gongar i strekk.

kva har du gjort når du har hatt dødtid denne veka?
har hatt veldig lite nedetid, men eg har lest litt bloggar, gått tur og vaska klede.

har du gjort/kjem du til å gjera noko denne veka du ikkje har gjort før?
bu på new cross, feira bursdag i oslo utan å bu der, bli ferdig med utstilling.

kva er du redd for?
ikkje så mange ting, og eg syns ikkje ein skal sei så høgt kva ein er redd for heile tiden, for det blir ofte så mykje større, multipliserar seg, når ein seier det høgt. eg skriv det i dagboka mi istaden, så finst det ikkje i meg meir og eg kan tenka på andre ting. det nyttar jo sjeldan å gå rundt og vera redd.

kven er den mest kjente personen du har sett nylig?
absolutt ingen utanom på tv.

kva har vore mest forvirrande i det siste?
kva vekedag det er, faktisk. har hatt lite til ingen aning om kva dag det har vore dei siste to vekene.

korleis ser dine siste webkamerabilder ut?
Bilde tatt 11.04.13 kl. 19.32 Bilde tatt 08.09.2012 kl. 12.55 Bilde tatt 25.12.2012 kl. 18.16 #4

har veka vore bra enn så lenge?
fin, kaotisk, spennande, bra!

translation:
a sunday list. too busy to translate right now, use google translate or check back in a little while!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • du er så fin, du!
    (har du forresten en london-guide et eller annet sted? skal til london i sommer, og jeg vil så alt for gjerne høre om noen fine steder å dra innom, se og oppleve.)

  • jeg sitter og leser til eksamen (noe umotivert for øyeblikket, søndag er ikke dagen) og snubler stadig vekk ut av bøkene mine og inn på verdensvevet. nå har jeg bladd gjennom uendelig mye kjedelig og så legger du ut et blogginnlegg! hurra! nå smiler jeg fra øre til øre – det var visst ditt vakre ansikt og dine gode ord jeg trengte! nå skal jeg lese videre – ha en fortsatt god søndag og lykke til med flyttinga!

  • Jeg synes, tvert i mot, at mange redsler blir mindre skremmende når de blir sagt med stemme og delt med en man stoler på. Da mister de liksom litt av pondusen og får ikke utvikle seg i fri flyt i egen hjerne.

  • Hi dear Mariell,
    My name is Margarita. I’m a Colombian girl living in Berlin. I really like your blog, it makes
    me happy to read it. But can you plase write more in english for the people that are not from Norway? thank you

    • hello margarita! i’m very happy you like my blog! :) i try my best to translate everything, but during busy periods i don’t always have the time. it’s more important to me to get something out than to get everything translated. i hope you understand that i want everything to be in both english and norwegian, but it’s not my biggest priority. having said that, i do think i do a good job translating most of my entries into english before i publish them.