the most juicy carrot bread in the whole wide world.

bread.

eg elskar å laga brød. helst lagar eg brød annakvar søndag, då hiv eg meg rundt og bakar ein masse så det er mjøl på alle blanke overflater i fem meter radius. helst lagar eg dette brødet, to av gongen, så eg kan frysa ned og ha det ute av verda. så veit eg kva eg skal eta dei neste to vekene. eg føretrekk å laga mitt eige brød av mange grunnar, fordi det er terapeutisk og økonomisk, men mest fordi eg veit best kva eg puttar i kroppen om eg har laga det sjølv.

dette brødet er saftig og robust, og  kombinerar så mykje av mine favorittar: den oppfordrar til sandwich(sidan ein deler stykkene som rundstykker på midten), det er lett å regulera etter kva ein har i skapet, enkelt å frysa det ned og tina det opp igjen og dei fleste ingrediensane er lett tilgjengeleg økologisk; mjølk, rapsolje, gulrøtter, mjøl, havregryn, honning, mjøl og frø.

gulrotbrød

basert på oppskrift frå underbaraclara

5 dl lettmjølk

50 g fersk gjær (eller ein pose tørrgjær)

0,5 dl rapsolje

3-4 vanlige gulrøtter (rundt 400 gram)

1 teskei salt

2 matskeier honning

2 dl havregryn

minimum 8 desiliter assortert mjøl, som kveitemjøl, grovbakst, spelt, rug(sjå notat punkt 3).

1 matskei linfrø

1 matskei sesamfrø

1. finriv gulrøttene på eit rivjern, og sett dei andre ingrediensane klare på disken.

2. smuldre gjæren i ein bolle(om du brukar tørrgjær, bland den med mjølet). varm mjølka til fingervarme og bland med gjæren. tilsett olje, gulrøtter, honning, frø og salt.

3. mat så inn så mykje mjøl som deigen toler. notat: eg brukar minst halvparten vanlig kveitemjøl, også køyrer eg på med det eg har i skapet. det vil komma an på kva type mjøl ein brukar og kor store gulrøttene er for kor mykje ein treng, start med rundt 8 dl og ha i litt og litt etter det. deigen skal vera klissete, men ikkje sitta fast i bollen.

4. sett deigen ein lunken plass og la den heva i ein halvtime eller til den har dobla seg i storleik. eg brukar å setta bollen i eit lunkent vassbad i vasken.

5. sett omnen på 220 grader.

6. bak deigen ut og legg på eit bakepapirkledd bakebrett. bruk ein kniv til å teikna opp firkantar på brødet, liksom dytt lett ned i deigen for å laga grense. stikk lett med ein gaffel over heile brødet.

7. la det heva i ein halvtime til, under eit kjøkenhandkle.

8. steik det så i 15 minutt, og nyt! det passar til alt, suppe og niste, men cheddar og syltetøy eller god majones og hardkokte egg i skiver er fantastisk.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *