spring in london.

Untitledthen home.bathroom

forrige helg var me stort sett kvalme og skjelvne og nervøse, for me prøvde å få oss leilighet i london frå gamlahuset i lærdal, via telefon og mail. beste lucy reiste på visning for oss og resten av laurdagen, etter me hadde lagt inn tilbud, sat me og venta og trippa før me fekk telefon om at me hadde fått den!!! i england betyr det alltid “ja, de har fått den, men så gjenstår det ein shitload med papirarbeid før de har den på ordentlig signer på linja der nede”. me er så utrulig fornøgde med vår nye leilighet på new cross med kvite veggar og store vindauge og park rett utanfor døra. me kan gå til favorittkafé og økologisk matbutikk og til greenwich, og ta overground nordover kva dag som helst. 27. april skal me flytta inn og det klør i fingrane etter å putta ting i hyllene. eg har bilder av leiligheten i ei mappe på skrivebordet som eg ser på minst ein gong for dagen, føles så sjukt bra å ha ein heim. snart. snart reiser me heim. til london.

ellers føler eg kanskje at det finst ein masse forvirra blogglesarar som ikkje heilt har hengt med i svingane når eg har drive på med flytting og reising og alt sånt, og eg har ikkje vore så god på å forklara heller, men sånn er det: me flytta alle tinga våre på lager i februar, fordi kontrakten gjekk ut på den leiligheten me hadde da. det passa bra med at me måtte få skrive ferdig boka og ikkje ville stressa med flytting medan me gjorde det, pluss at jostein ville veldig gjerne vera nærare bestefaren sin som var så sjuk i fjor. når me bur her i lærdal bur me åleine i eit hundre år gamalt hus som heiter gamlahuset. me står opp tidlig og ordnar ting og har ein kjempegamal nokia med norsk kontantkort som ladar ut på null komma niks om den ikkje står i ladaren. ved sidan av boka jobbar eg akkurat no med mat for økologisk.no, å designa heimesider og bloggar og med å designa ei utstilling i anledning stemmerettsjubileet og sogn og fjordane fylkeskommune sitt jubileum på heibergske samlingar, som skal stå i mai. jostein jobbar med oversetjingar(engelsk-norsk og bokmål-nynorsk), skriv musikk og ser på skisport med bestefaren sin. har óg andre planar og prosjekt på gang, men ingenting konkret foreløpig, vil fiksa meir og laga meir og skriva meir om kjærleik og kvardag og vera sjef.

lengtar så himla mykje til litt fri og til å reisa tilbake til london. lengtar spesielt til halloumi og gresk yoghurt og green&black’s og billig ingefærøl og frisøren min. og da vil eg skriva meir om london og bli forelska på nytt gjennom dykk, og leita etter sofa og stovebord og sånne voksne greier.

translation:
last weekend i was mostly shaky and sick from trying to get an apartment in london through the phone and email. our lovely friend lucy went on a viewing for us and the rest of the saturday, after we’d made an official offer, we sat around shaking until we got a phone call saying we got it!!! of course, a shitload of paperwork needs to be done but we are aching to go back now, to our home, to london. i keep pictures of the flat in a folder on my desktop and i look at them at least once a day.

other than that, i feel like some of you may be confused by my swift move to norway? i haven’t been the best at explaining. our contract on the apartment we were living in ended, and we didn’t want to be getting a new apartment right when we were finishing our book, and it matched perfectly with j’s wish to spend some time at home since his grandfather was so ill last year. so right now we are staying in a hundred year old house on his parents’ property. other than the book, i’m working on food stuffs for a norwegian organic website, designing home pages and blogs, and designing a big exhibiton on the anniversary of women’s right to vote which will open in may. j works as a translator and with his music.

can’t wait to get some time off and go back to london. to the halloumi and the cheap ginger beer and my hair dresser. i want to write more about london and fall in love again through you and look for a sofa and a coffee table, that kind of grown up stuff.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *