dear diary.

diary.diary.

då eg såg moleskine sine nye fantastiske kvite notatbøker etter vekesvis med tanketenk og eit behov om å få skriva saker ned, bestilte eg endeleg ei. eg fekk følga den på vegen, gjennom italia og hit til postkassa mi, og hoppa litt når eg hadde ho i hendene. eg har elska å skriva dagbok sidan eg var lita, alltid skrive masse, men tidlig i tenåra slutta eg og skreiv heller i dagboka på blink.

eg skriv når eg føler for det, men kun tankar og ingen sjekklister eller webdesignskisser. det finst det andre bøker til. dette er tankeboka. og det føles utruleg bra å berre få skriva det ut. eg treng ikkje å passa på korleis eg skriv ting fordi andre skal lesa det, treng ikkje skriva fint så andre skal forstå det. det er ikkje nøye om eg forstår det sjølv eingong, det viktige er å få formulert tankane på papir, liksom få dei ut av hovudet så ein får sett dei og putta dei i skuffene der dei høyrer heime. også kan ein elta og fundera, for evig og alltid. og drøyma om vår og kirsebærtre.

 

 

diary.

 

translation:
i’ve finally started writing a journal again. it’s a white moleskine, only for thoughts. it feels so good to have somewhere to write things down, seeing my thoughts on paper lets me understand them better. it makes me happier.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *