➝ ♡ ❁ ❄☆ ←

UntitledUntitledGarden District guard dogs

sola som slår gjennom vindauget og lagar blomstermønstra skuggar på veggen, hol i sokken som gjer at ein kan sjå neglelakken som ein fin kjæreste la på med maksimal innsats ein tysdagskveld, appelsiner sin struktur og korleis dei luktar, korleis det føles å ha vaska kjøleskapet, å akkurat rekka å setta i ladaren før datamaskina ladar ut, korleis kvitfarge har mange nyansar og kor forskjellige dei er, kor mange historiar som finst om ein hugsar å spørja. ein må hugsa å leita etter magien i sitt eige liv. om eit tre fell i skogen og ingen høyrer det, lagar det då ein lyd? såklart. eg velger å hugsa på det. å sjå etter mønster i kaffikoppar, å setta pris på fontbruk i laurdagsmagasin, å ta meg tid til å laga mat lenge, å ta meg råd til tulipanar, kor friskt det er å dusja i kaldt vatn. tenk om synne ikkje hadde hatt på seg den superblomstra kjolen som gjorde meg så interessert fyrste gong me såg kvarandre, tenk om sara ikkje hadde turt å sei hei der eg stod i dokø på ukm i trondheim. det er magisk, om ein tenkjer på det. legg vekk det grå sløret, brett det ihop og legg det i ei øskje bakerst i skuffa. ta fram festsløret og legg det på, det med prikkar eller ruter eller knallgule hestar. livet er bedre om ein bestemmer seg for det. skriv det på handa di om du må. så ser du det når du vaskar kjøleskapet, når du drikk kaffi og skrellar appelsiner. LEV VEL. også gjer du det.

images are linked.

translation:
the sun shining through a window making shadows on the wall, a hole in your sock showing off the red nail polish that your boyfriend generously offered to put on on a tuesday night, oranges and their structure, how they smell, how it feels to have cleaned the fridge, putting the charger in just in time, how white has different nuances and how different they are, how many stories there are if you remember to ask. you have to remember to look for the magic in your own life. if a tree falls in the forest and noone hears it, does it still make a sound? of course. i choose to remember. to look for patterns in coffee cups, to appreciate fonts, to take the time to cook, to afford tulips, how fresh cold water is. what if synne hadn’t worn that super floral dress that sparked my interest the first time we met, what if sara hadn’t said hi to me, standing in line for a toilet. it’s magical, if you think about it. put away your grey veil, fold it up and put it in a box in the back of the drawer. pick out your party veil and put it on, the one with polkadots or bright yellow horses. life is better if you decide for it to be. write it on your hand if you have to, and you’ll see it when you’re cleaning the fridge, drinking coffee or peeling oranges. and then you just do.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *