om boktittel og varmluftsballong.

Untitled
foto:astrid

noko av det aller kjedeligaste eg veit med bloggverda er når bloggarar har hemlisar. eg er sjølv skuldig, det blir av og til for mykje å berre holda på ein hemlis og er så fristande å sei “eg veit noko men du får ikkje vita det”. som det var då me fekk bokkontrakt og jostein ville holda på det, lenge lenge lenger enn eg kunne orka til eg til slutt berre måtte sei det. det er framleis mykje kremmeri rundt boka vår, kva den handlar om, korleis den er og kva den er. etter mykje fram og tilbake, mykje frustrasjon og vondt i magen har den i alle fall ein tittel heilt på ordentlig, og eg har fått lov av samlaget å dela den; på mandag vil eg fortella ein masse meir enn eg har gjort til no, nemlig sleppa tittelen og visa korleis ho kjem til å sjå ut, denne boka vår. i september kjem den ut. og no er snart alle hemlisar over, snart skal de få lesa i senga og på trikken og vita akkurat kva me har drive med det siste året og meir! eg gler meg masse til å visa fram, mandag mandag mandag.

 

translation:
i hate it when bloggers keep secrets in the open. i’m guilty myself, but on monday i’ll show you our book with its title(in norwegian, with an english translation) and soon the secrets will be over!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *