spring is nigh!

spring.spring.spring.spring.

åh, kor fint det er at våren er på veg. sjølv om eg veit at eg allereie hadde vore svøpt i våren sine deilige hender om eg hadde vore i london no, trøstar eg med at det likevel er ganske fantastisk å få oppleva denne tida i noreg; dagane som sakte blir lengre og varmare og sola som ein set så inderleg pris på. det er tusen ting som er bra med våren. her er 20:

tulipanar. får ikkje nok, altså. likar dei best når dei er heilt nye og når dei syng på siste verset og står til alle kantar.

påske, min beste høgtid. berre å lata seg og lesa og rulla i snøen og eta god mat.

at folk i gata blir gladare.

kvikklunsj, som eg ikkje har ete sidan i fjor i new york. me var der i påska og fekk akutt noregssakn og måtte gå på svensk snopbutikk for å kjøpa kvikk lunsj og solo.

lamsesong. lam er det beste eg veit, og i år trur eg at eg skal prøva meg på eit lammelår sjølv.

mindre dobbeltstrømpebuksevær.

at ein kan vera meir ute.

at the great gatsby kjem på kino.

kirsebærtre og magnolia som er så fantastisk fine og rosa og som luktar så godt.

at botnlause teselskap i mørke kaféar blir til ta-med-koppar i parken.

solbriller.

vårreingjering og grønnsåpelukt.

at ein planlegg sommar og ferie.

at ein kan eta is ute utan å frysa, og at dei får pinneis i laussalg i butikk i london att(på vinteren blir det berre solgt boksar med is i mange butikkar!).

at eg og jostein har bursdag og får ønska oss ting.

lyset som er så mildt og mjukt, og plutseleg skarpt.

loppissesong!

lyden av grasklipparar og håpet om det gule daude som snart skal bli grønt og frodig.

å få lyst til å gjera ting finare, så vårpeppen i hjartet blir omgjort til fine bord og serviettar og nye syprosjekt.

frukost på kafé. det er kanskje berre meg som aldri et frukost på kafé om vinteren.

kanskje me berre skal bestemma at våren er her no? eg seier ja! kva syns de er det beste med vår?

translation:
i’m bursting with spring! the days getting longer and warmer and a grateful sun. there are 1000 great things about spring. here are twenty:

– tulips, can’t get enough of them. i like them most when they’re new and all stiff, and when they’re on their last days, tired and droopy.
– easter, my best holiday. everyone just chills out and reads books and eats candy.
– that people in the street are happier.
– kvikklunsj, a norwegian chocolate very much associated with spring.
– lamb season. lamb is my favorite thing to eat, and i think i’m going to try and make it myself this year.
– less double-tights-weather.
– being more outside.
– cherry blossoms and magnolia, so deliciously pink and smell so good!
– that tea parties turn into take-away-cups in the park.
– sun glasses.
– spring cleaning and the smell of clean in the house.
– planning summer and vacation.
– eating ice cream outside without being cold.
– j’s and mine birthdays are coming up!
– the light, so mild and round.
– flea market season!
– the sound of lawn mowers with the promise of green grass.
– the want to pretty things up. with new napkins and sewing projects.
– breakfast at cafes, such a springy thing.

let’s just decide that spring is here! i say yes. what are your favorite things about spring?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • det beste med våren er å endelig kunne sykle på lange oppdagelsesturer, gjøre lekser på terrassen i sola med et varmt teppe og kakao, snøklokker og pastellfarger!

  • Våren er mi favorittårstid óg! Diverre er det snøstorm for n’te dag på rad her eg bur, men ein kan alltids lengte etter…
    – små sko og tynn jakke
    – skulerbeid på plenen, med nakne tær i graset sjølv om det eigentleg er litt kaldt på bakken enda
    – ljose kveldar
    – blomstrande tre og blomsterbed
    – klatring på tørr, varm stein

  • For en fantastisk liste! Enig i alt sammen og skulle gjerne sagt at våren er her, men utenfor huset mitt er det dessverre sur vind og en halvmeter snø..

    Du har så nydelige, nydelige design, alltid! Du tenker ikke på å lage design til andre? For da ville jeg helt klart kjøpt et! :)

  • Og få fregner av og sitta i sola men fortsatt ver så kald på ryggen at ein treng teppe. Sjå bittesmå krokkus komma opp av graset. Plukka kvitveis langs ei elv, obligatorisk si eg var lita. Sleppa og gå på ski fordi eg er stor nok til og sei nei. Få reisefeberen til andre land.

  • Lengter så innmari etter vår nå! Jeg synes det aller beste med våren er å gå med sneakers og trench coat for første gang uten å fryse, blomstrende trær, hestehov i asfaltskitne grøftekanter og lyset.

  • yay! spring! I love those first few outings in the park. The first couple of times you take your drinks and sit. The first blossoms you see and that feeling of excitement that you get from it. Yay! Spring!!

  • Som eg hadde trengt det sjølv-pepp-innlegget ditt i dag. Puh. Sjølv ikkje eit vårlengtinnlegg klarar å hente humøret og sjølvkjensla opp der ho plar vere. Eg klarar ikkje lengte etter vår for eg har for mykje vinter enno i meg.

  • Husker du hva den svenske godteributikken i NY het? Kvikklunsj i parken hadde vært perfekt når våren en eller gang endelig kommer til NY!

  • Åh, vår! Lengter så veldig til den, men kan melde om sur vind, minusgrader og masse snø i Oslo fortsatt. Men snart så blir det påskeliljer og tullipanknopper i blomsterbedd, solbriller, småsko og årets første utelunsj!