appelsinscones. ♡

orange scones.

scones er så helg som det kan få blitt, om det er på onsdag eller laurdag. i dag deler eg ein av mine beste scones. dei er så gode at du kjem til å laga dei til dessert etter du har laga dei.

appelsinscones
lagar 4

225g mjøl
4ss sukker
2ss appelsinskal
1 ts bakepulver
¼ ts kanel
100g kaldt smør, i terningar
2ss mjølk
3ss appelsinsaft

1. sett omnen på 225 grader.

2. bland alt det tørre i ein bolle saman med appelsinskalet. kutt det kalde smøret i terningar og smuldre det i det tørre.

3. ha mjølk og appelsinsaft oppi og bland det kjapt til ein deig.

4. rull deigen til ei pølse, og del den i fire. rull bitane til bollar, press dei flate og snitt dei i toppen.

5. steik dei i omnen i rundt 12 minutt, og et dei med ein gang! helst med jarlsberg eller brunost.

translation:
my recipe for orange scones, in norwegian.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • fikk lagd disse til kveldsmat til min sultne flatmate og skal si han var fornøyd! tusen takk fine mariell! klem fra øst-london

  • Disse har vært mine favoritter lenge, men nå tror jeg linken til oppskriften er borte. Jeg har dessverre ikke rukket å skrive ned oppskriften heller. Er det mulig at du legger den ut på nytt? Sconesene er fantastisk gode :)

    • hei, hannah! så fint at du likar dei, dei er mine favorittar óg. :) ja, økologisk.no har skifta portal og domene, så det gjer ting litt kranglete. men her er oppskrifta iallfall: