monday list.

home alone.

korleis har dagen din vore?
fin og frustrerande så langt. eg har strekt handleddet mitt litt og må vera så himla forsiktig og bruka venstre hand til alt. klarar såvidt å ta på meg strømpebukser, og å skriva mails tar så altfor lang tid. altfor mykje som skal gjerast til å ha ei dum hand. men, fin fordi eg åt frukt og egg til frukost. og det er fab.

kva skulle du ha heitt om du ikkje heitte det du heiter?
jeanette! så rart å tenka på, for ein annleis person eg skulle vore.

kva er din største avhengighet?
dyr te, frukt og nye sengeklede.

kva gjer du når ingen ser?
syng veldig høgt, et knekkebrød til middag og dusjar i kaldt vatn.

finst det noko heilt vanlig ein gjer som du syns er uvanlig gøy?
ta klede ut av vaskemaskina, vatna blomster, legga meg i senga når den er oppredd(altså sjeldan).

kva bestiller du å drikka ute?
spørst kva dag det er. raudvin er bra, elles drinkar om drinklista er bra. likar godt kompliserte raudvinar og myntete, ingefærete drinkar. favoritten er moscow mule.

<3

kva gjer ein for å flørta med deg?
det beste eg veit er når folk er morsomme og smarte samtidig.

kva har du tenkt på i det siste?
at eg vil skriva dagbok. så i dag har eg bestilt ein ny fin moleskine som eg gler meg til å starta på.

kva var det raraste som skjedde i helga?
ikkje noko rart, det var ei ganske vanlig helg med masse kaffi og lange frukostar og film.

når blir du flau?
blir veldig sjeldan flau, faktisk, men eg kan bli flau av misforståelsar eller sånt. ikkje så konkret, men ja. noko av det mest slitsomme eg veit er når folk blir fort flaue, spesielt om det er på vegne av andre.

fortell om ein gong du var bakfull.
er så heldig å ikkje bli så ofte bakfull, men hugsar ein gong i paris då eg vakna heilt forvirra i d si seng, janne og fredrik og heidi var der og eg var illsint på ein servitør som aldri kom med vatnet.

new york, day one.

kva uttrykk brukar du for ofte?
“typ”.

kva er ditt vanligaste kvardagsproblem?
å vaska opp bestikk, syns det er heilt grusomt. pluss at eg syns det er uvanleg vanskeleg å velga pålegg.

kva gjer du når du er trist?
ser på film, et is, skriv lister over ting eg gler meg til.

om du berre fekk ha på deg ein ting resten av livet, kva skulle det vera?
prikkete kjole og midjekort cardigan med brosje. svarte strømpebukser og glittersko.

har du nokon gong slått nokon?
ja. √

kva gler du deg til akkurat no?
eg gler meg til nye downton abbey, til håret mitt blir superlangt, til å finna ein ny plass å bu i london, til graset blir grønt her. så mange ting.

 

 

 

translation:
how has your day been?
lovely and frustrating this far. i’ve been careless with my right wrist and now i have to be very careful and only use my left hand. i can barely put on tights, writing mails takes forever. i have too much to do to have a hand this stupid. but, lovely because i had fruit and eggs for breakfast, which i love.

what would be your name if your name wasn’t your name?
jeanette! so strange, i would be such a different person.

biggest addiction?
expensive tea, fruit and new sheets.

what do you do when noone is around?
sing very loudly, eat crisp breads for dinner and shower in cold water.

is there anything everyday that you find unusally fun?
taking clothes out of the washing machine, watering flowers, going to bed when it’s made(rarely).

what do you order to drink when you’re out?
depends! red wine is good, or a drink if the menu is adequate. i love complicated red wines and minty, gingery drinks. my favorite is a moscow mule.

what is the best way to flirt with you?
i love it when people are smart and funny at the same time.

what have you been thinking about lately?
that i want to start keeping a journal. so i’m waiting for my new moleskine to do so.

what was the weirdest thing about the weekend?
nothing weird, it was a normal weekend with a lot of coffee and long breakfasts and movies.

what makes you embarassed?
not much, really. i can get embarassed if there is a misunderstanding. one of the most tiresome things i know is when people get too easily embarassed, especially on account of others.

write about a hangover.
i luckily don’t get hung over that often, but i remember once in paris waking up in d’s bed completely disoriented, janne and fredrik and heidi were there and i was so mad at a waitress who constantly forgot bringing me water.

what is your most mundane problem?
i hate washing up utensils. wet metal is horrible. i also find picking spreads very challenging.

what do you do when you’re sad?
watch movies, eat ice cream, write lists about things i want to do.

if you could only wear one thing for the rest of your life, what would it be?
polkadot dress and waist cropped cardigan with brooch. black tights and glitter shoes.

have you ever punched anyone?
yes.

what are you looking forward to right now?
the new downton abbey, my mermaid hair, finding a new place to live in london, green grass. so many things.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *