thoughts on joy.

dei siste året har eg tatt eit oppgjer med meg sjølv når det kjem til glede. før pleidde eg å vera besatt av å gleda meg til noko, å førebu og fiksa og triksa før noko skulle skje, også vera så utslitt av all tenking og førebuing at eg ikkje rakk å nyta noko når eg var i det. det kunne vera kva som helst, eg kunne gle meg så mykje til eit måltid eg skulle laga at når eg endelig hadde laga maten og satt den på bordet så hadde eg ingen apetitt og ingenting å visa for all førebuingen fordi eg hadde brukt opp all tankeenergien. det kunne vera ei lønning som endelig kom på konto og som eg då fekk heilt avsmak for å bruka fordi eg hadde brukt den så mange gongar i hovudet. ei helg som gjekk forbi så fort og etterpå satt eg igjen med berre anger om sånt eg ikkje hadde fått gjort og sagt og tenkt på. for det er såklart óg ei bakside av medaljen, at kvardagen ofte ikkje kan måla seg med alt ein har forestilt seg i sitt eige hovud og det er så lett å bli skuffa over noko som berre er søttifem prosent fantastisk istadenfor hundre.

den store omveltinga kom då me reiste til new york i fjor, tolv dagar der me berre tok det med ro, for ein gongs skuld var eg på ferie både ifrå heimlandet men óg ifrå den delen av meg sjølv, som om flyturen over fekk rista det ut og sleppt det i havet. eg hugsar at me sat i central park og åt heilt middelmådige pølser og eg vart fylt av den samme gleda eg hadde hatt då eg planla og skreiv ned alt det fantastiske me skulle gjera medan me var der, ei boblande kjensle i brystkassa og i handledda av LIVET, liksom. og etter det har eg pressa meg sjølv til å halda fram med det, å ta ting litt på sparket og ikkje planlegga ting ned i minste detalj. også faktisk hugsa det, hugsa korleis noko føltes der og da. når ein går seg litt vill og finn ein ny kafé eller må improvisera middag med det ein har eller når det plutseleg byrjar å regna og ein må ty til ein kortstokk og raudvin og setta piknikkorga tilbake i skapet. og om det blir middelmådig og eller rett og slett kjipt kan ein hugsa det og le av det istadenfor å føla at produksjon: livet har gått i vasken for så å gløyma mesteparten av dagane i eit år. for gleda er avhengig av at ein lærer forventingane å gjera kompromiss med det verkelege livet. det er der magien skjer.

 

translation:
in the last year i have had to work on my relationship to joy. i used to get obsessed about looking forward to something, preparing and fixing things before something happened and then be exhausted by the thinking and preparing that i didn’t have any energy left to enjoy it when i was in the middle of it. it could be anything, i could look so much forward to a meal i was going to make that when i had finally cooked and put it on the table i had no apetite and no joy to show for all the preparing because i’d spent up all my thought points on the before. it could be a paycheck that i all of the sudden really didn’t want to spend because i’d already spent the money so many times in my head. a weekend gone by so fast that after, i would only have regret for the things i hadn’t done or said or thought. because that’s a dark side of it too, that everyday life often doesn’t come close to the anticipation of something that is yet to be, and it’s easy to be disappointed about something that is only seventy-five percent fantastic instead of a hundred.

the big change came when we went to new york last year, twelve days where we just hung out, for once i was on vacation from my home but also from that part of myself, as if the flight over had shaken it out and dropped it into the ocean. i remember sitting in central park eating ordinary hot dogs and being filled with this intense joy, the same one i’d had while planning and writing down all the things we were going to do while we were there, a bubbling sensation in my chest and wrists, from LIFE. and after that i hace pushed myself to stay in that place, doing things unplanned and not concern myself too much about details. and then actually remember, remember how something feels right then and there. when you get lost and find a new café or having to improvise dinner with what you have or having to put the picnic basket back in the closet when it starts to rain, cue red wine and card games. and if it’s mediocre or even bad, then you can remember and laugh at it instead of feeling like production:life has gone down the drain only to forget most of the days in a year. because joy is dependant on teaching anticipation to compromise with life. that’s where the magic happens.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Jeg liker at du deler din egen utvikling med oss, at vi får være med på det. Flott å høre at du stadig kommer litt nærmere den du vil være, eller oppdager nye gleder i livet. Det er inspirerende og motiverer meg til å tenke litt ekstra gjennom hvordan jeg tenker og handler. :)

  • hei mariell, eg ville berre seie at bloggen din er utruleg fin og tekstene dine er utruleg bra.

    klemzz frå ei jenta på femten år (som ikkje er god i nynorsk, men eg prøvar fordi det er så flott

  • Så forfriskande med ein så ærleg tekst! Eg har sakna litt tekstane dine, men no kom du med ein god ein! Livet er det du gjer det til. Nokre dagar er piss, nokre dagar er betre. Ein må berre snu litt på mynten. Trass alt, det viktigaste er at du er fornøgd i det lange løp. Ha ein fin dag!

  • Helt enig og særs kloke ord!
    Jeg hadde den drøm om alt jeg skulle gjøre mens Iben var helt fersk, skulle møte venninner på café, trille lange turer på Fløien og sy klær til henne. Det virka som alle andre nybakte mødre jeg så fikk det til. Virkeligheten ble en liten jente som hater å ligge i vogna og triller vi inn på en café kan det fort bli ragnarokk i vogna. I starten følte jeg det sim et utrolig nederlag siden vi knapt kom oss ut av huset. Så lagde vi vår egen barselgruppe, bare meg og Iben. Mye hyggeligere.

  • Så fint skrevet. Ærlig og sant. Ingenting gir meg selv mer lykke enn å være fullstendig tilstede. både i de små og de store øyeblikkene, og ikke så mye i fortid og fremtid. Enkelt er det ikke, men jeg hører at øvelse gjør mester… Så det får bare ta den tid det tar. Dine fremskritt gjør meg glad, takk for at du deler de med oss <3

  • “det kunne vera ei lønning som endelig kom på konto og som eg då fekk heilt avsmak for å bruka fordi eg hadde brukt den så mange gongar i hovudet.” jeg er så enig, mariell! jeg må lære meg det samme.

  • Dette var fint skrevet altså! Kjenner meg veldig igjen, deilig at noen andre kan sette ord på det slik du gjør. Takk! :)