any-day-of-the-week cookies for two. or one.

på ein heilt vanlig torsdag som i dag vil eg dela den enklaste kjeksoppskrifta eg kan. faktisk så har eg laga den sjølv. den lagar fire kjeks som er søte og salte, crispy og mjuke og litt deigete. perfekt til to personar eller til éin om ein vil ha alle sjølv. det får ein såklart lov til.

cookies.

du treng: ✤ 50g smør, ❀ litt meir enn ½ dl brunt sukker(den klissete typen, helst mørkt muscovado), ✿ 1 dl kveitemjøl, ✤ 1 teskei bakepulver, ❀ ½ teskei ekte vaniljeessens (eg brukar noko som heiter vanilla paste som eg får kjøpt i london, men vaniljeessens av god kvalitet går óg bra. om ein ikkje finn kan ein vera ekstra luksusdyr og bruka ca ei halv vaniljestang, og laga vaniljesukker av resten, eller berre kutta det ut totalt) + litt maldonsalt til å dryssa over dei.

cookies.

sett omnen på 180 grader celsius. bland alle ingrediensane i ei skål, og del i fire bitar. rull til små ballar som du set på eit bakepapir, på eit brett. inn i omnen med det, i rundt 15 minutt. når det har gått typ 11-12 minutt ser dei ut som små toppar, da kan ein trykka lett på toppen med handa og flata dei ut så dei ser meir ut som kjeks. dryss havsalt over dei og sett dei tilbake i omnen resten av tida. også et ein dei, med litt mjølk i ein kopp og ein nyt kvar lille smule.

på denne torsdagen er eg på reisefot heimover mot noreg og får ikkje ete noko kjeks eller gått på finmiddag. men, eg får sikla litt på skuldra til jostein på flyet og sutra når eg er utslitt av flytting og bokskriving og reising. og det, folkens. det er kjærleik det.

translation:
on a very normal thursday like today i want to share the easiest cookie recipe ever. i actually made it myself! it makes four cookies that are sweet and salty, crispy and soft and a little doughy. perfect for two people or for one if you want to eat them all yourself, completely allowed of course.

you need: 50g butter, a little more than half a desiliter brown (muscovado) sugar, 1 desiliter flour, 1 tea spoon baking powder, half a tea spoon vanilla essence of good quality + some sea salt to sprinkle with.

heat the oven to 180 degrees celsius. mix everything in a bowl and roll it into four balls that you put on baking paper, on a baking tray. put it in the oven for 15 minutes. when 11-12 minutes have passed you can take them out and pat them down lightly with your hand to make them more like cookies(they’ll look like pyramides). sprinkle them with sea salt and put them back in the oven for the remaining time. eat them with some milk from a cup and make sure no crumb goes to waste.

on this thursday i am travelling home to norway and won’t be able to eat any cookies or attend fancy dinner parties. but, i’ll get to drool on j’s shoulder on the plane and whine when i’m exhausted from moving and writing and travelling. and that, my dear friends, that is love.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *