risotto with green apple, avocado & asparagus.

paris, day one.

i dag deler eg med meg ei fantastisk god risottooppskrift hos økologisk.no. til og med i nokon annan sitt kjøken vart den så utruleg god, og den gjer det vanskeleg å tru at eg likte verken avokado eller parmesan for berre litt sidan. lag den denne veka, da vel!

 

 

risotto er noko eg sjeldan lagar fordi eg alltid trur det tek så lang tid, når det er noko av det kjappaste ein kan laga til middag. denne laga eg til middag i paris og vart påmint kor lett og godt ein risotto kan vera.

250g risottoris
ca 500ml varm grønnsaksbuljong
1 gul lauk
2 kvitlauksfedd
1 grønt eple i terningar
1 moden avokado i terningar
9 asparges
parmesan
vin eller cider etter ynskje

i litt smør, surr lauk og kvitlauk til den er blank. så rører du inn risottorisen og lar det stå på middels varme til risen får bittelitt farge. så kan du hella inn litt og litt av buljongen medan det kokar, heilt til risen er al dente. om ein likar det, kan ein bytta ut litt av væska med ein tørr cider eller kvitvin. når risen er ferdig kan du ha oppi grønt eple og avokado. ha i parmesan litt og litt mens du rører, akkurat så mykje som du vil, til risottoen får ein kremete konsistens. smak til med salt og pepar. snitt av den tjukkaste foten til aspargesen og steik den i smør. server risottoen med aspargestopp og kanskje ein liten salat.

 

translation:
recipe for risotto here, unfortunately in norwegian.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *