friday list.

Untitled

kva heiter du?
mariell øyre.

kva har du på deg?
svart skjørt med kvite prikkar, svart underkjole og midjekort cardigan med paljettar. pluss undertøy!

korleis har du det?
veldig fint, jobbar hardt på med boka med den finaste eg veit. kanskje bittelitt stressa sidan boka skal ha ein tittel i løpet av dagen og eg ventar på å høyra frå redaktøren vår.

kva ønskar du akkurat no?
at leiligheten skulle pakka seg sjølv så me slapp å gjera det, alt la seg i øskjer med etikettar på så me visste kvar alt skulle. me skal nemlig flytta om berre to veker, då reiser me til noreg for ei stund for å ha det litt stille rundt oss medan me gjer heilt ferdig boka og jobbar på andre prosjekt. greiene våre skal stå på lager til våren når me kjem tilbake. og eg gler meg faktisk litt til å pakka ut tinga våre att.

kva har du ete i dag?
frukostblanding som jostein har laga pluss ein banan. planlegg å baka brød og noko meir seinare i dag.

kva skal du gjera i morgon?
feira litt at me forhåpentligvis har fått levert ein tittel på boka, så skal me henga med caitlin!

og på søndag?
kanskje ha ein ordentleg søndag, kanskje gå på museum eller ein marknad. gjera sånt som me kjem til å sakna medan me er i noreg.

kven saknar du?
eg saknar nesten alle eg kjenner nesten heile tida, det er det absolutt verste med å bu i london.

seinaste kjøp?
ny moleskine! åh, for ei mestringskjensle når ein skriv ut ei notatbok.

Untitled

kva lo du seinast av?
jostein som dansa på kjøkenet. eg klarar aldri å holda meg for å styrtle når han dansar.

kva film såg du sist?
django unchained på kino. så bra.

kvar vil du reisa akkurat no?
eg har så så så lyst til roma, og til stockholm, og til new york og amsterdam.

kva er favorittfrukten din?
akkurat no er det appelsiner, for no er dei så sjukt gode.

kva vil du oppleva i livet som du ikkje har gjort enda?
fly varmluftsballong.

kva ønskar du deg til bursdagen din?
ønskar meg så himla mange greier, driv og skriv på ei anna liste om det temaet.

kven var den siste som ringte deg?
mamma.

siste 3 meldingar du fekk?
– ein melding frå mamma med personlig informasjon.
– ein melding frå søstra til jostein som skriv at ho elskar vinterfilmen vår.
– jostein som sendte melding frå kafé om at han ikkje fekk til å jobba fordi det sat ein søt baby på bordet ved sidan av. <3

kva stod det i sms-en du sist sendte?
“takk!” også emoji som sender slengkyss.

kva grein du seinast av?
eg las noko som fredrik skreiv til meg som fekk det til å riva i magen av skikkeleg primitivt sakn og måtte pusta vekk nokre tårer på ein kafé.

kven sov du sist med?
jostein! me søv uroleg no fordi senga står midt i rommet medan me malar litt før me skal flytta.

kva gjer du akkurat no?
skriv på denne lista + krøllar håret + lurer på om eg skal setta på ei maskin med klede.

Untitled

kva har du gjort i dag?
stått opp, lest ut ei bok, ete frukost med jostein, pakka to øskjer og bokjobba bittelitt + skrive denne lista.

kva er det beste som har skjedd i dag?
at eg stod opp tidlig etter nokon netter med vanskelig for å sova. etter å ha vore eit b-menneske heile livet er det rart og fantastisk å endelig ha lært meg å lika å stå opp tidlig.

om du ser til høgre, kva ser du?
ein kvit vegg og eit hekla teppe.

kva høgtid er din favoritt?
påske, for da er alle så laidback og ein treng ikkje egentlig å gjera noko om ein ikkje har lyst.

kva skulle du ønska du gjorde akkurat no?
stod på miu miu i bond street og kjøpte solbriller. så det trur eg faktisk eg skal gjera. det er jo berre fredag éin gong i veka.

 

 

translation:
what is your name?
mariell oyre.

what are you wearing?
a polkadot black and white skirt, black slip and waist length cardigan with some pearls and bling on it. plus underwear!

how are you?
i’m good, working on the book with my favorite person. maybe a little bit stressed since the book is supposed to have a title within the end of today, and we are waiting to hear from our editor.

what do you want right now?
i want the apartment to pack itself so we won’t have to, for everything to just lay itself in boxes. we are moving in two weeks, going to norway to stay for a couple of months to get some quiet while we finish the book and work on some other projects. our things will be put in storage until the spring when we return.

what have you eaten today?
some granola that j made, and a banana. i have plans to bake bread and something else later today.

what are you doing tomorrow?
celebrating our book title and hanging out with cait.

and on sunday?
maybe have a real sunday with a museum or a market. something we’ll miss when we’re in norway.

who do you miss?
i miss almost everyone i know almost all the time. it’s the absolute worst thing about living in london.

latest purchase?
a new moleskine. oh, the satisfaction when you finish a note book.

what made you laugh?
j dancing, always cracks me up.

what movie did you see?
django unchained. sooo good.

where do you want to go?
i want to go to rome, stockholm, new york and amsterdam.

what is your favorite fruit?
oranges right now.

what do you want to experience in life that you haven’t?
go in a hot air balloon.

what do you want for your birthday?
so many things! i’m working on a whole other list for that.

who was the last person to call you?
my mom.

the last three messages you got?
– my mom writing some personal info.
– j’s sister saying she loved our winter film.
– j texted me to say he couldn’t concentrate because there was a cute baby next to him at the café.

what did you last text someone?
“thank you” and an emoji.

what made you cry?
i read something that fredrik wrote me that started some very primal missing in my gut and i had to breathe off some tears at a café.

what are you doing right now?
writing this list, curling my hair and wondering if i should wash some more clothes.

what have you done today?
read a book, had breakfast with j, packed to boxes and done some book work.

what is the best part of today yet?
getting up early after a few nights of difficult sleeping. it feels so good to get up early.

what do you see to your right?
a white wall and a crocheted blanket.

what holiday is your favorite?
easter, because everyone is so chill and you don’t really have to do anything.

what do you wish you were doing right now?
standing at miu miu in bond street buying sunglasses. so i think i’ll do that now. friday only comes but once a week, right?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • “jostein som sendte melding frå kafé om at han ikkje fekk til å jobba fordi det sat ein søt baby på bordet ved sidan av. <3"

    !

    og:

    "eg las noko som fredrik skreiv til meg som fekk det til å riva i magen av skikkeleg primitivt sakn og måtte pusta vekk nokre tårer på ein kafé."

    Eg skjønar at du skal gje ut bok for å seie det sånn!

  • Oi, så rart å pakke ned alle tingene, og så ikke skulle pakke dem opp igjen på en stund! Det høres behagelig ut å ta en stille stund hjemme i Norge. Amsterdam er kjempesjarmerende, forresten, og veldig fin om våren! God fredagskveld!

  • Elsker bloggen din!!! Ser staid vintagefunn som jeg tor du ville likt… kanskje jeg skal bare ta bilde og sende de til deg? Hvotfor flytter dere tilbake til gamlelandet for en periode? For å spare penger elle samle opp inntrykk? You are such an inspiration <3

    • tusen takk! ja, send send send!

      ingen av grunnane egentlig, kontrakta vår på denne leiligheten går ut no midt i februar og me vil ikkje bu her lenger. så det passa heilt perfekt med å kunna reisa heim og bu der litt, som me alltid har ynskja oss å ha moglegheit til å gjera. og no føles det ikkje “feil” sidan me ikkje betalar dyr leige på ein leilighet i london. :)