on writing books and love.

Recent reads
ahnheesung

å skriva denne boka har gjort meg så mykje tryggare i meg sjølv. eg har veldig lenge følt meg sikker i prosjekt eg har gjort, men det har til ein viss grad vore fordi eg har fått umiddelbar respons frå lesarar, bekreftelse på at det eg gjer er bra, at det inspirerer og berører. ofte kan det følast heilt likt som å vera trygg men egentlig ligg det berre som eit plaster og passar på at ein ikkje har det vondt. medan me har skrive på boka har me kun hatt kvarandre og redaktøren vår, og eg har måtta stå imot å dela undervegs og prøva å venna meg til å finna tryggleik i meg sjølv og mi eiga skriving.

ein veit jo aldri korleis å jobba ilag vil påverka dynamikken i forhold. mange vennskap og forhold har gått til grunne på den måten, når ein prøver å utvida forholdet til noko som ein ikkje kan skru av. eg skal ikkje legga skjul på at eg var litt redd for korleis det skulle vera å jobba så intensivt med jostein så lenge, me hadde jobba mykje ilag før men på mindre prosjekt der den eine eller den andre var initiativtakar og den andre berre hjalp til. dette er det første store prosjektet me har gjort som likestilte. det har vore beinhardt, mykje arbeid, tårer og dagar stirrande på ein blank skjerm. men ingenting av det har hatt noko med forholdet vårt å gjera. for meir enn noko anna så er me eit team, me støttar og hjelper kvarandre, og me er fantastiske ihop.

det folk er mest interesserte i, etter kva boka handlar om, er korleis i alle dagar det fungerar. både det å vera to om det og korleis det er å skriva med nokon som ein óg skal elska, vakna med og ta seg fri saman med. dei lurer på om me ikkje kranglar heile tida og korleis det er når me er ueinige. det er vanskeleg for dei å forstå korleis det kan gå til at me orkar å vera rundt kvarandre absolutt heile tiden. såklart har me krangla og vore ueinige ein sjeldan gong, men me har snakka oss gjennom det, vegd for og imot og funne ut av det ihop. til å begynna med var det spesielt vanskeleg å vera ueinig, å sjå setningar ein har skrive som ein elskar bli kutta ut med raud penn medan jostein sine setningar stod støtt. det tek tid å læra seg sånt, å sjå på det i større perspektiv og ikkje vera så himla sjølvsentrert. no har eg ofte til og med vanskeleg for å skilja kva eg har skrive frå kva han har skrive. me jobbar så godt ilag fordi me gjer kvarandre gode. fordi me har lært oss å legga egoa våre til side når me jobbar mot eit felles mål. og dette blir langt ifrå den siste boka me skriv saman. eg forstår at me er heldige som fekk det til å funka, eg veit at dei færraste får det til. for det er komplisert å jobba med kjærasten sin, å sjeldan føla at ein har fri rundt kvarandre fordi ein ikkje klarar å ikkje snakka om det ein jobbar med, å alltid vera like stressa samtidig fordi me jobbar med det same.

men dette er jo absolutt draumen; å sitja på kafé heile dagen lang, bestilla kaffi og dela ein croissant litt utpå ettermiddagen, vera kreative og konstruktive også bøyga oss over bordet og kyssa. snakka om nye bøker me vil skriva, dela noko me las i ei avis og planlegga kva me skal eta til middag også avtalar me kven som skal skriva kva og går i gang med å skriva. og om eg vil er det berre å løfta hovudet opp frå datamaskina for å sjå den finaste utsikta eg kan tenka meg.

 

 

translation:
writing this book has made me so much more secure in myself. i’ve felt confident for a long time in projects i’ve done, but to a certain extent it’s been because of constant reminders that what i’m doing is good, confirmation that it’s inspiring and moving. often that can feel the same as feeling confident, but really it’s just like a band-aid covering the pain. during the process i have only had j and our editor to talk to about it, having to resist consulting anyone else and trying to get used to finding confidence within myself and my own writing.

you never know how working together will effect the dynamic of a relationship. a lot of friendships and relationships have been ruined by trying to expand the relationship into something you can’t turn off. i won’t deny i was a little bit scared of how it would be to work so closely together for such a long time. we had worked together before quite a lot, but always smalled projects where one of us was the lead and the other a helper. this is the first big project we’ve done as equals. it’s been so hard, a lot of work, tears and days staring at a blank screen. but nothing of that has had anything to do with our relationship. because more than anything we’re a team, we support and help eachother and we are great together.

what people want to know most, after what the book is about, is how on earth we can write together, how it works. both being two and what it’s like to write with someone you’re supposed to love, take time off with and sleep next to. if we don’t fight all the time and how the disagreements are handled. it’s hard for them to understand how it can be that we can stand to be around eachother all day long. of course we’ve fought and disagreed at times, but we’ve talked through it and figured it out. at first it was particularly difficult to disagree, see sentenced i’d written marked out with red ink while his words stood steady. it takes time to learn these things, to see the bigger picture and not be so self centered. these days i find it hard to separate what i’ve written from his. we work so well together because we make eachother good. because we’ve learned to put our egoes aside when we’re working towards something. this is far from the last book we’ll write together. i understand that we are very lucky to have made it work, that we are few and far between. because it is complicated to work with your love, to rarely feel like you have time off around eachother because you can’t resist talking about work, always beeng stressed at the same time because you’re stressed about the same.

but this is our dream: sitting at cafés all day, ordering coffee and a croissant in the afternoon, being creative and constructive and lean across the table to kiss. talk about new books we want to write, share something we read in a newspaper and plan what to eat for dinner before we plan who should write what. and if i want to, all i have to do is lift my eyes to see my favorite view.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *