wednesday list.

sweet life

kvar er mobiltelefonen din?
rett ved sidan av meg, eg treng den for å ha internett på macen. akkurat no har den ein lang samtale med ein tekopp.

kvar er din andre halvdel?
han sit rett ovanfor meg, me er på kafé og skriv på boka.

håret ditt?
flatt og nyvaska.

humøret ditt?
ukonsentrert og litt stressa.

planen for dagen?
sitta her og skriva til dei stenger også gå heim og eta frittata og sjå lie to me.

det beste du veit?
rosa og lilla roser og tulipanar, lys, rista pecannøtter, valrhona i alle formar og fargar, prikkemønster, nyvaska sengetøy, å sova, å laga mat med musikk i bakgrunnen, laurdagsettermiddagar, jul.

kva drømte du inatt?
drømte ingenting, sov som ein stein. har sjokkerande nok begynt å stå opp tidlig og det gjer til at eg søv skikkeleg tungt om natta og at eg generelt har det bedre.

Untitled

ditt livsmål?
å ha det bra og å ha nok pengar til å sleppa å tenka på dei.

rommet du er i?
ein kafé med mange blomar og respatexbord, fine kaker og bra teutvalg.

hobbyen din?
å laga mat og researcha det.

din store skrekk?
at eg må finna ein plan b.

kvar vil du vera om seks år?
om seks år vil eg bu i anten london eller paris med ein eller to små og skriva barnebøker.

kvar var du i går kveld?
i går kveld var eg heime, skreiv totusen ord og var heilt snurrete i hovudet. så reiste eg ut og kjøpte litt magasin for å peppa meg sjølv litt.

kva er du ikkje?
tålmodig, ryddig, rolig.

noko du ønskar deg?
ei ny kaninlampe som har engelsk plugg. eg hadde ei i oslo, men den har fredrik adoptert.

kva vaks du opp?
heilt innst i sognefjorden, omringa av fjell og skog og elv.

det siste du gjorde?
skreiv eit avsnitt til boka om to gutar, ein lang og ein kort, i skuleuniform.

kleda dine?
eit skjørt eg kjøpte forrige veke, underkjole og midjekort cardigan. strømpebukse og nye sko i plast som luktar tyggegummi.

tv-en din?
har ingen tv! me ser på tv på jostein sin store skjerm.

husdyra dine?
har ingen, men har så lyst på ein ovnsrøret.

dataen din?
ein macbook pro.

det beste du eig?
hasselblad og miu miu-skoa mine.

saknar du nokon?
saknar alle. aller mest saknar eg frøy, fredrik, sara og christine fordi eg veit at dei snart er gjenforent i oslo og eg skulle så gjerne ha vore der.

bilen din?
hoho! eg har køyrt bil berre éin gong i mitt liv, så eg har ikkje lappen. om eg hadde lappen skulle eg ha ei boble

noko du ikkje har på deg?
bukser.

favorittbutikk?
etsy og ebay og kate spade og beyond retro.

sommaren din?
blir magisk med venner og familie og norge og england og kanskje litt sveits.

elskar nokon?
mange.

favorittfarge?
marineblå, og det tok meg lang tid å finna ut. plutseleg ein dag såg eg på skapet mitt og innsåg at alle kleda mine anten er blå eller lilla.

når lo du sist?
for fem minutt sidan medan eg skreiv til boka.

når grein du sist?
hugsar ikkje, faktisk. eg grin litt no og da, til ein fin youtubefilm eller ein reportasje, men det er jo ikkje viktig gråt så eg hugsar det ikkje.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *