moving to london – a guide.

her kjem min ulimate flytte-til-london-guide, ein guide eg skulle ønska eg hadde før eg flytta til london, og som hadde spart meg for mange timar med research og firkanta auge.

my home.
leilighet
me valgte å bruka eit eigedomsfirma når me flytta hit, heilt enkelt fordi me hadde dårlig tid og måtte få tak i ein leilighet fort. ein meglar frå foxtons køyrte oss rundt i sør-aust i ein bitteliten bil heilt til me fann leiligheten me ville ha. trur det kosta rundt 5000 kroner å få hjelp fra meglaren. det finst mange eigedomsmeglarar i denne byen, så det er nok lurt å leita rundt om ein har tid. det er lurt å finna ut kvar du vil bu før du byrjar søket. london er ein enorm by som strekkjer seg langt nord og langt sør, så ikkje ver redd for å bu ein stad du ikkje har høyrt om før. så lenge det finst ein tog- eller tubestasjon i nærleiken går det bra. sidan eg jobbar for meg sjølv og jostein var student må me betala leige eit halvt år i gangen, det er ganske vanlig for studentar og unge menneske å måtta betala for meir enn éin månad av gongen, så det er lurt å spara opp ein del pengar på forhånd i tilfelle. om ein ikkje vil bruka meglar kan ein bruka til dømes gumtree, easy roommate og moveflat, bra plassar å finna leilighetar eller rom i ein større leilighet/hus. viss du skal studere, har dei fleste store universitet student housing og lister over godkjente utleigarar. om du kjenner byen ville eg ha fokusert på kva område du likar også sjå på leilighetar der eller ein stad der du enkelt kan komma deg dit du vil fort.

 

the story about the table.brighton
møblar og husfyll
det tok oss sjukt lang tid å få fylt opp leiligheten vår, rundt eitt år, men me er kresne. me leiger denne leiligheten semi-furnished, som vil sei at seng(me har kjøpt overmadrass sjølve), bokhylle og sofa høyrer til her. dei første vekene åt me middag på ei øskje, me brukte dei same to setta med plastbestikk i tre veker før me fekk kjøpt bestikk. det enkle er jo å reisa på ikea og kjøpa alt billig og nytt, men me likar ikkje ikea og at alt ser så likt ut overalt, og generelt nye greier når det allereie finst gamle greier i god kvalitet. det mest nødvendige kjøpte me over internett før me flytta hit, frå house of fraser(gratis levering for bestillingar over 50 pund) og fekk det levert dagen etter me kom. derfra kjøpte me dyne, puter, sengeklede, panner, stavmikser, hårføner, håndklede, sånt.

me har kjøpt mykje på charity shops og marknadar. møblar har me kjøpt gjennom gumtree og ebay(ein må reisa og henta greiene sjølv, men det går bra så lenge ein reiser off-peak og har med seg nokon som kan hjelpa med bæring), på vintage furniture flea og hos emmaus i plumstead. british heart foundation har gode møbelbutikkar rundtomkring. tallerkar, bestikk, glas og andre tekstil har me kjøpt på charity shops og frå marknad som greenwich market på torsdagar(gå tidlig) og portobello road market på laurdagar(gå langs portobello road, og ta til høgre litt etter den store klesmarknaden, der finst det meir møblar og homeware. westway og golborne road er bra). her er ei liste over gode charity shops i london, anbefalar å googla på området der du bur.

anbefalar óg sterkt å reisa til brighton for husfyllshopping. min brighton-guide her.

 

photo an hour.
mat
den første veka vår i london havna me i ein samtale med nokon som gav oss hierarkiet av matbutikkar i england. nederst er asda og øverst er waitrose, og det er mykje større skilnad her frå billigast til dyrast enn i norge. me bur rett over vegen for ein tesco(bokstavlig talt ti meter frå ytterdøra), me handla der i omlag eit halvt år før me innsåg kor mykje pengar me brukte på å gå innom der kvar einaste dag, og dei har nesten ingen utvalg i økologiske animalske produkt(viktig for meg). så me begynte å snoka litt rundt og fann ut at dei fleste butikkjedene har onlinesalg og levering. me bestilte frå sainsbury’s eit par gongar, men det kosta over seks pund å få maten levert på døra. så me prøvde waitrose, og elska waitrose og ville aldri bruka noko anna enn waitrose nokon gong igjen. som norsk er det få plassar som har den samme standard på kjøtt og grønnsaker/frukt som heime. no bestiller me mat hos waitrose éin gong i veka. det sparar me masse tid og pengar på, og når ein kjøper mat over femti pund får ein gratis levering.

 

wondering if it's possible to die from homesickness, self-medicating with norwegian hot dogs and milk chocolate. actually having a nice time celebrating my country today, happy birthday norway! ❤
scandi lunch.scandi dessert!

heimlengsel
av og til får ein så overveldande heimlengsel at det er lammande, den tek tak i brystkassa og gjer det vanskeleg å setja pris på byen ein bur i. da er det fint at det finst folk som allereie har tenkt på dette og vil hjelpa oss nordiske og skandinaviske å klara oss. scandinavian kitchen ved oxford circus har billig og supergod lunsjbar(salatar og brødskiver og pølser i brød og solo og mathilde) og dei fleste norske lengselsvarene; grautris, knekkebrød, brunost, fersk gjær, ostepop, melkesjokolade, lakrisal, nugatti og hundre andre greier. ein kan anten bestilla på nett og plukka opp varene sjølv, få dei levert på døra eller berre gå til butikken og sjangsa på at dei har det ein treng den dagen. og nordic bakery på golden square, som har dei beste beste beste kanelbollane eg nokon gong har smakt. sjømannskyrkjene har óg arrangement, den norske sjømannskyrkja ligg i sør-aust og har mange aktivitetar i tillegg til å ha lunsj etter gudsteneste kvar søndag. dei har óg eit stort 17.mai-arrangement der ein kan kjøpa pølser i brød og norske flagg og høyra norske talar og den norske skulen sitt barnekor. føles litt rart å vera rundt så mange bunadar i london, men føles mest av alt berre fint.

 

sunday.
litteratur
me har kjøpt nokon bøker som ikkje er så typisk turist som me brukar. til å begynna med kjøpte me óg eit a-z-kart, dei får ein kjøpt på mange kioskar rundt omkring og er til stor hjelp før ein kanskje har tilgang på internett og kart på telefonen. dei beste bøkene me har kjøpt er timeout si little black book of london, og ei som heiter independent london. kvar tysdag morgon er det gratis timeout utanfor togstasjonar i central london, og kvar fredag deler dei ut evening standard. begge er veldig bra for å bli oppdatert på kva som skjer i london dei neste dagane.

kultur/venner
det tar lang tid å få seg venner i london, folk er reserverte og litt kalde og det tar evighetar å få svar på meldingar og mails. det er ein kulturskilnad som ein berre må venna seg til, for ellers kjem det til å knusa hjartet ditt tusen gongar. noko eg har funne mest slitsomt er at ein sjeldan til aldri faktisk er heime hos folk. eg har alltid vore vant til å reisa på og å få besøk og liksom berre henga, men her er det så store avstandar så det endar opp med at ein møter kvarandre på kafé eller marknad eller kino eller pub. eg var så heldig å treffa folk gjennom internett før eg kom hit, og gjennom dei har eg blitt kjent med andre. me har enno ikkje noko stor sosial krets her, men det kjem litt og litt. anbefalar å berre vera frampå, ta kontakt med folk og oppsøka sosiale situasjonar. du har sikkert ein venn som har ein venn som bur i london, og kanskje blir de ikkje venner men du møter ofte folk gjennom andre folk.

sjølv om england og norge er veldig likt, så er det óg veldig ulikt når det kjem til mange ting(i norge vil ein til dømes aldri sjå ein unge drikka redbull på bussen eller røykande gravide, men det har eg sett her mange gonger). england er eit land der ein seier “sorry” meir enn noko anna, og sjølv om eg ikkje alltid er enig i at ein skal unnskylda seg heile tida så er det det som er vanlig kotyme her; høflighet ligg veldig tungt i det britiske folket(sjølv kor påtatt det nokon gongar kan virka). når du kjem inn i ein butikk, sei hei og smil til dei i kassa, sei takk når du får kvitteringen og hadet eller ha ein fin dag når du reiser. om du dultar borti nokon, sei unnskyld sjølv om det ikkje var din feil. i rulletrapper: stå til høgre, gå til venstre. slepp folk ut av buss og tube før du går på. stort sett gjer ditt beste for å unngå situasjonar der det kan oppstå konflikt.

det tar litt tid å venna seg til, men det går bra til slutt altså.

å flytta til england/diverse
det å flytta er skummelt i seg sjølv, men det treng ikkje å vera det. det finst ein masse organisasjonar som kan og vil hjelpa. om du er interessert i å gå på skule i london, ta kontakt med organisasjonane study across the pond og ansa. om du har tenkt å jobba i london finst det skatteinformasjon og jobbhjelp frå nav her. ein treng ikkje visum for å oppholda seg eller jobba i england. ein må ikkje, men utenriksdirektoratet vil at alle nordmenn som bur i utlandet skal registrera seg hos dei sånn at dei veit korleis dei får tak i folk om noko skulle skje. om du veit du skal jobba i england, er det lurt å skaffa seg eit national insurance number rett etter du har flytta hit.

med éin gong du kjem hit bør du skaffa deg eit oysterkort med pay-as-you-go. oyster er det ein brukar for å komma seg rundt her i london, ein kan kjøpa korta på stasjonar eller i mange kioskar, dei kostar fem pund å kjøpa og da kan ein bruka dei i all evighet. om du er student kan det lønna seg å få seg student-oyster, da får ein mykje billigare månads- og vekeskort.

apps
her er ei liste over apps eg brukar på iphonen min til å navigera meg i london:
transport
aroundme
national rail
tubemap
nextbuses

bloggar
london calling
grodprins
miss little lime
sofia capel

om du har bra tips eller erfaringar eller ein bra londonblogg du les, kom med dei i kommentarfeltet! om det er stor interesse innanfor eit visst felt som eg ikkje har skrive om her skal eg vurdera å utvida guiden etter kvart.

translation:
this is a guide for my scandinavian readers on how to move to london. if you want to read it, try google translate!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hei! Utruleg bra guide! Kjenner meg att i mykjy av dette sjølv om eg berre var på utveksling i York då… Ein vil ofte sende alle erfaringane ein har samla i slutten av året til seg sjølv før ein drog, men slik er det no med erfaringar – vi har då iallefall fått dei! Kanskje du bør fortelle litt om bank osv. Jeg anbefaler iallefall alle som skal bo i England å skaffe seg en engelsk bankkonto!

    Og over til noko heilt anna er bruken av kuppongar! England er eit land med mange mindre rike og dette har butikkar, uteplassar osv lært seg. Dei er derfor store på kuppongar og rabattar! Det fins mange sider på internett kor ein kan skriva ut kupongar så får ein plutseleg eit billigare tilbud om du tek med deg ein ven som og er sulten! Slik kan ein spare mange penger. Det virkar kanskje litt slitsamt i byrja – men etterkvart blir ein vant til det! Så skaff dykk alle kuppongar, matkort osv som ein berre kan!

    Åhåhå! Dette med høffelegheit altså! Det er noko veldig uvant for ein nordmann. Eg var nær å miste besinnelsen i alle dei busskøane eg sto i kor folk insisterte på at dei andre skulle gå på først, også seier den andre “no, you go, please, i insist…”. Heilt umuleg haha. Beste tipset er vel berre å bli britisk sjølv. Etter to månader blei eg forferda om nokon gjekk før meg i køa eller ikkje spurde om eg ville ha te når eg kom på besøk! England er ein fantastisk land med unike og sære folk! Nyt det!

  • Synes det er så rart med det du skriver om høflighet, ikke fordi det er noe feil med det, men fordi jeg er vant med slik høflighet, eller vanlig folkeskikk som jeg egentlig vil si det er. Morsomt at det for nordmenn flest vil føles rart og uvant å være så høflig i England, mens det egentlig bare er noe som ikke skulle måtte føles rart men egentlig helt normal for en vanlig nordmann. Og da er jeg norsk og har bodd i Norge hele livet.

    • eg tok med litt om det fordi skandinavar ofte kan oppfattast som kalde og uhøflige her i storbrittania. i noreg er me litt meir reserverte, medan her er høglighet øverst på lista.

      • Mannen min (som er skotsk) synes enkelte nordmenn er uhøflige. Men tror først og fremst det er nordmenn i kø han har reagert på…

        • Nordmenn kan ikke å stå i kø. Det er ikke det at vi gjerne vil snike i køa, men det er noe med oraniseringen av dem som ikke funker blant oss. I butikken vår har vi EN kasse. Altså er det bare mulig å betjene en kunde av gangen ved betalinger og returer. Likevel stiller kundene seg opp i tre-fire køer, særlig når køa er lang, slik at det egentlig ikke er mulig for oss som jobber der, eller kundene, å holde øye med hvem som var først og sist. Dette kan du tro det blir sure miner av hos enkelte…haha!

  • ah, fann bloggen din når eg såg gjennom finalistane til å få den der bloggpris-greia… ok, SAMMMA DET. diggar bloggen iallefall! :) london er ein by eg kunne tenkt meg å studert i i framtida. må berre bli ferdig med vidaregåande først.. heh. MEN, ein ting eg lurar på; kva er eigentleg dei gode argumenta for økologisk mat. eg veit jau at det “er mykje meir naturleg når det ikkje er brukt sprøytemiddel”, men (ikkje det at eg har sett meg så frykteleg inn i denne saka. (hm. eit nyttårsforsett?)) om du tenker deg to like store jorde der det blir dyrka… mais. på det eine blir det sprøyta med sprøytemiddel, og på det andre blir det berre gjødsla med gjødsel (drit)(frå kyr som berre har ete økologisk mat, sjølvsagt, og som aldri har vore i nærleiken av sprøytemiddel av noko slag). då vil det jau bli mykje meir mais på det jordet som ikkje var økologisk (udiskutabelt). SÅ. sea me heile tida snakkar om at det er overbefolking og svolt i store delar av verda, og då om me i tillegg til å bruke biomasse til drivstoff, tenker at økologisk er tingen, så tenker me jau litt smalt, vel? er det ikkje veldig ironisk at me rike i noreg og vestlege land skal støtte økologisk mat som er bra for helsa vår, (og ete lavkarbo(som også vil gje mindre mat per areal, fordi me et meir kjøt enn poteter)(dagen for parantes inni parantes i dag, hehe)) når me heller kan sprøyte for å utnytte jorda? berre ein tanke. kva tenker du om det? :) (kvar er du ifrå eigentleg? sea du skriv nynorsk (<3) eg er forresten ifrå vest-telemark)

  • Ååå, så sjukt fint! Elsker Waitrose selv, har den rett ved skolen. England er fint sånn egentlig, men man blir glad i noe helt annet enn det weekendturene til London viser. Det er mye finere, på sin egne, rare måte.

  • Ville bare nevne at hvis man vil søke på skole i Storbritannia så anbefaler jeg IKKE å bruke across the pond. Hvis universitetet du vil gå på faktisk representeres av across the pond, da kan det være fantastisk, men hvis ikke, så anbefaler jeg å søke gjennom UCAS (litt som samordna opptak). Det finnes mange guider for hvordan man gjør det, og det er ikke så alt for vanskelig! Problemet med across the pond er at mange av universitetene de representerer er “gjennomsnittlige”. I Norge hvor vi har en håndfull universiteter er det ikke så stor forskjell, men her i Storbritannia er det utrolig stor avstand mellom de gode og de mindre gode universitetene. Hvis man søker gjennom across the pond, kan man bare søke på enkelte universiteter (man kan altså ikke søke både der og via UCAS), og går derfor glipp av de beste universitetene!

    Bare ett lite tips :)

  • Haha, jeg tenkte visst noe av det samme som Valerie – jeg blir provosert når nordmenn ikke står på høyre side i rulletrapper eller ikke slipper ut folk fra kollektivtransporten før de selv går på, for det handler liksom om fornuft og folkeskikk.
    Ellers: For en lur guide! Det er alltid så mye å tenke på, sånne småting som dukker opp litt etter litt. Jeg har tenkt på å skrive noe lignende når mitt eget Paris-opphold går mot slutten i juni neste år, for det er jo fint om ens egne (til dels dyrekjøpte erfaringer) kan komme andre til gode!
    Jeg har hatt London som drøm og mål i mange år, og jeg pleier å være flink til å nå målene og realisere drømmene mine, så jeg håper at jeg får bruk for denne guiden etterhvert!

  • You have officially made my day!
    Ante ikke at det var en skandinavisk dagligvarebutikk i London hvor man kan bestille på nett. *LYKKE*

  • Jeg ser til stadighet triste ting som babyer med nakne tær stikkende ut av vogna i november, en familie med barnevogn hvor faren går med ølboks i hånda på formiddagen og er synlig beruset, og små,små barn med sin egen potetgullpose på bussen. Jeg blir lei meg. Men ellers er England et fantastisk sted å bo, da!

  • Tusentakk. Denne trengte jeg. Og jeg synes det er så godt du skriver at JA man kan føle seg ensom, og JA det kan være vanskelig å få seg venner. Så vet man at det er helt_ok om det skjer. Jeg flytter til London om fire dager og der skal jeg bo fire dager alene før kjæresten min kommer. Jeg trenger å fylle dagene mine så London ikke føles så stort, og jeg så liten. Hva er dine favorittområder, og cafeer?

    • hei, kari-anne! for einsemd anbefalar eg å gå på kino, å eta croque madame på wolseley, å shoppa vintage i brick lane/cheshire street/hanbury street, å gå på broadway market, å lesa bok på hatchard’s, kjøpa te på fortnum and mason og gå i timesvis på liberty’s før mandelcroissant på le pain over gata. og kanskje ein kaffe?

  • Nå har eg bladd meg gjennom bloggen din i ein time. For ein fantastisk fin blogg du har! Den har fylt meg opp med masse inspirasjon og glede. Eg har lagra bloggen din som favoritt, og eg gled meg til å lese vidare! Eg fikk lyst til å reise, ta fotokurs og spise masse god mat! Takk for ein fin fredags morgen :-)

  • Jeg flyttet til London for høsten, og jeg ser veldig hva du sier ang dette å bli venner med folk og at man må være veldig frampå for å holde kontakten. Jeg synes det har egentlig har hjulpet veldig, for folk synes egentlig at du bare er hyggelig om du foreslår å finne på noe:)

  • Du skriver alltid så fint og fornuftlig. Mange av de store bloggene kopierer bare ting de har lest på et middelmådig nettsted eller i et blad, men dette er tydelig erfaringer som du har gjort deg.

    Når det gjelder britisk høflighet, så synes jeg godt vi kunne hatt mer av det her i Norge. Som butikkmedarbeider synes jeg det er veldig frekt når folk verken sier takk eller hei (når jeg både har smilt, sagt takk og hei først) og kanskje i tillegg mumler et eller annet frekt til meg, sånn helt uten foranledning. Er også drittlei av at folk ikke skjønner at det faktisk er LURT å vente med å gå på bussen til alle har gått av. :P Men en mellomting mellom norsk og britisk høflighet hadde kanskje vært noe? :)

    • takk!

      ja, ein mellomting hadde vore lurt. eg syns ikkje det er så ille i norge, altså. men det blir kulturklinsj når ein kjem hit og tenkjer at england er heilt likt.

  • Veldig bra guide! Selv bor jeg i London som student på tredje året, og kjenner meg igjen i mye av det du skriver :) Kommer virkelig til å savne å bo her når jg er ferdig i Mai…

  • Eg trur det beste kjøpet eg har gjort i løpet av åra i England var eit 16-25 Railcard. Ein får 1/3 avslag på alle togbillettar, og ein kan også registrere det til oyster-kortet og få billegare rundreiser i London. Eg brukar appen til the trainline for å kjøpe tobillettar.

    Utanfor London sei alle thank you til bussjåføren når ein går av bussen, det syns eg er fint.

  • Ojoj, flott guide! Jeg skulle egentlig til London denne høsten for å studere, men så valgte jeg Oslo i stedet for.
    Angrer egentlig ikke, fordi jeg tenker at man må føle seg ordentlig klar til å flytte til London. Altså, man blir jo aldri hundre prosent klar uansett, (jeg trodde Oslo var barnemat – nei) men man må være innstilt på at London er en STOR by.
    Jeg tror at jeg hadde fått et sjokk hundre ganger enn hva jeg fikk da jeg flytta til Oslo, og oppdaga at jeg ikke kjente hovedstaden i Norge så godt likevel. Ting Tar Tid :)

  • Tusen takk, Mariell! Har tenkt å flytte til London neste år, om jeg kommer inn på skole så jeg følte dette vil hjelpe veldig!

  • Kom nettopp over bloggen din igjen – leste den for et år siden eller så – og ble inspirert nok en gang. Du lever drømmelivet i mine øyne. Kanskje fordi jeg alltid har ønsket å bo i London, bare det hadde vært et eventyr : )

  • Synes du bør nevne at depositum ofte er 2x leie og at meglere som oftest krever 6x husleie hvis man ikke har britisk guarantee.
    at man i hovedsak bør spare opp 8o ooo.

  • hei Mariell!
    takk for en flott guide. skal kanskje flytte til england til høsten for å gå master+phd. vet du hvilke universiteter som står på topplisten?

    søsteren min flyttet til scotland i år for å studere. hun sa at studentkollektivene som universitet tilbydde henne var greie men svært bråkete, da mange britiske ungdommer nettopp hadde flyttet hjemmefra… bare et tips om man ønsker lesero:-)

  • Flott innlegg! Men eg må seie at eg stussa litt over korleis du snakkar om matbutikk-hierarkiet i England. Er dette noko du også er enig i? Personleg synes eg at Waitrose er dyrt, TESCO er okei og Sainsbury’s har eit svært godt utval. Så kanskje det er opp til ein sjølve kva ein likar! (: og kor mykje ein ønskar å betale og prioritera når det kjem til mat. Eg snakkar ikkje om å handle dei billigaste tinga, men når ein får det same produktet til ein billigare pris syns eg det er verdt og handla på ulike butikkar, i stadet for å konsekvent halde seg til ein butikk. Og personlig kunne eg ikkje brydd meg mindre om “status” på butikkar!

    Og Kjersti Marie: det spørs veldig korleis fag du ynskjer å studere. Det er sjeldan at eit universitet er best på alle fagområdar! Akkurat på same måte som det er i Norge vil eg tru.

    • nei, eg kunne heller ikkje brydd meg mindre om status på butikkar, eg prøvde berre å peika på korleis britane generelt oppfattar dette hierarkiet. om sainsburys hadde hatt betre utval i økologiske varer og gratis levering kan det godt henda me hadde brukt dei. waitrose er dyrare fordi det er betre, det er det ingen tvil om hos meg. men no har det seg slik at me brukar omlag femti-seksti pund på mat i veka, langt mindre enn då me kun handla på tesco over gata. grunnen til at me kun brukar waitrose er fordi me gjer eitt innkjøp i veka der me kjøper alt me treng, og da har ikkje me behov for noko anna butikk.