ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar.

bjørn sortland.

denne boka las eg forrige veke, det er bjørn sortland si nye bok. det er ei sann glede å få tilsendt bøker frå forfattarar sjølv, ein blir jo så veldig glad av det. bjørn var med i paris-utgåva av magasinet mitt, eg las bøkene hans medan eg sat på benkar langs canal st. martin med diet coke cerise og epler i ein plastpose ved sidan av meg(og las mange av ungdomsbøkene hans i barndommen). og no har han skrive ei ny bok, med eit av dei finaste covera eg har sett.

bjørn sortland.
og den er ganske så flott inni óg. den handlar om jenter og om religion, to tema han ofte skriv om.

bjørn sortland.
og teksten er komplementert av sjarmerande teikningar av øyvind torseter, som denne. eg syns absolutt de skal lesa den. eller gje den vekk til jul.

 

translation:
a norwegian book i just read and loved.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *