soup and kissing.

french onion soup.

søndag kveld laga me suppe til middag og låg i fanget til kvarandre medan me såg seinfeld. det er på toppen av lista. suppe og klining. og her kjem oppskrifta! på suppen, altså. eg laga lauksuppe etter pappa si oppskrift, den tar ganske lang tid men nesten ingen innsats. oppskrifta til pappa er veldig enkel men lite konkret(sjarmerande, som det óg heiter), så ein må heilt enkelt følga med på suppa og sjekka ho ofte.

french onion soup.

du treng:
rundt 1,2 l lauk hakka i halvmånar. eg brukte seks små lauk.
3 fedd kvitlauk
5 dl buljong
smør
laurbærblad
dijon-sennep
grov pepper
salt

 

french onion soup.
kutt lauken i halvmånar og riv/finhakk kvitlauken. surr alt i ein god del smør til den blir blank og begynnar å bli mjuk.

french onion soup.
tøm så over buljongen. me brukte ordentlig buljong, eg vil anbefala å bruka fond eller anna god buljong, ein smakar verkeleg skilnaden når suppa er så “naken”.

french onion soup.
hiv oppi tre laurbærblad og la det småkoka. til lauken blir heilt mjuk, på grensa til at den går ifra kvarandre. det tar omtrent 40 minutt, men hald eit auge med den. ha så oppi salt, pepper og dijon etter smak(me brukte omtrent ei spiseskjei dijon). så kan du eta den, eller, gjera som oss og gratinera den i ovnen. da har du suppa oppi to skåler som tåler ovntemperatur, også lessar du på med ost, me brukte gruyere. bruk grillen inni omnen og gratiner til osten er gyllenbrun.

french onion soup.
me hadde heimelaga ciabatta til, første gong eg laga det og det vart så sjukt godt, deigen var så mjuk som ein babymage og brødet så luftig som ei sky. her kjem ei kjapp oppskrift(henta fra how to bake): bland 10g salt, 10g tørrgjær og 500g kveitemjøl(ikkje putt saltet oppå gjæren) og bland det heile ihop. bland 400ml lunka vatn og 40ml olivenolje. oppskrifta eg brukte seier at ein bør bruka kjøkkenmaskin sidan deigen er så sjukt blaut, men me har ingen kjøkkenmaskin så eg elta den sjølv i omtrent sju minutt. den treng å eltast såpass lenge for at glutenet i mjølet skal aktiverast og gjera deigen mjuk og sterk. ha så deigen i ei firkanta form(som du har olja grundig) mens den hevar, eg brukte ei sånn brownieform, det er for at deigen skal vera enklare å forma etterpå. la deigen heva minst ein time, helst så mykje som to. min heva ein time og eitt kvarter. putt masse mjøl på kjøkenbenken og tipp deigen ut så den framleis er firkanta. meir mjøl på toppen av deigen. så kuttar du den opp i passande storleikar og overfører til eit bakepapir(som du óg har hatt mjøl på). la deigen kvila i ti minutt før du steiker den på 220 grader i 25 minutt. så ufattelig godt og enkelt!

french onion soup.
også kan de eta.

translation:
hi, international readers! this is my father’s amazing onion soup. i promise to translate this later today, but right now i have to go!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så hyggelig med et innblikk i hjartesmil-pappa sin kokebok! Suppe og kyss er greit for meg, altså. Kjæresten min har riktignok reist tilbake til Oslo i kveld, etter fire dager her i Paris med meg, så det blir bare suppe en stund fremover… Enda godt en ny visitt er på planen om drøyt tre uker! Da skal jeg foreslå at vi lager slik løksuppe på mitt knøttlille kjøkken!

  • Åh, du er så flink med mat… her er det jammenmeg mye godt! :-) Jeg ser flere jeg skal prøve, spesielt den med stekt paprika og pasta, og denne suppa, og… ja ;.D

    Jeg håper du har tenkt å teste peanøttkjeksene jeg sendte deg oppskrift på for en evighet siden? Ellers er klipp og lim fint:

    Advarsel: Farlig gode!

    125 g mykt smør

    150 g grovt peanøttsmør

    25 g nugatti (eller mer…) bland dette godt sammen

    225 g sukker tilsettes litt om gangen til det er helt jevnt, så
    tilsettes et lettpisket egg litt og litt.

    150 g hvetemel, en halv ts bakepulver og en liten klype salt siktes i
    røra, og deretter blandes 75 g finhakkede usaltede peanøtter i. (Jeg
    har brukt saltede Polly, tørket bort litt salt av nøttene og kuttet ut
    saltet i oppskriften – det fungerer bra det også). Hele herligheten
    blandes til en deig/rull i plast, la den ligge 30 min. i kjøleskapet.

    Skjær opp deigen, legg 9 stk på bakepapirkledt brett med god avstand,
    de flyter noe ut. Trykkes litt flate. 190 grader ca, 10-15 min, følg
    med på tiden. Avkjøles helt før de legges på rist, legg så i tett
    boks. Holder seg evig i boks, men er fristende og farlig gode!

    Disse er faktisk kjempegode med enten peanøttsmør eller nugatti på også… (ekstra kalorier, men…)