osl♥ve.

no har me vore i oslo i ei veke. sju dagar med trikken mellom bislett og rikshospitalet(eg veit at de er nysjerrige, men det er ikkje mitt å gi vekk og det føles ikkje rett akkurat no. men eg og jostein har det bra), sju dagar med vondt i magen, sju dagar der me har fått møtt dei fleste av våre oslo-venner, vore på kafé og ete melkerull og laurdagsgraut. sju dagar i bilder:

oslo.oslo.
langs gatene på st.hanshaugen må ein sjå opp istadenfor ned. for ein blir påmint om kor fin oslo er kvar dag.

oslo.
ein dag laga eg gulrotsuppe for fyrste gong.

oslo.
me møtte fredrik, frøy og christine hos janne+jørgen og åt kanelbollar og toffifee til me hadde vondt i magen.

oslo.
og møtte ein varmluftsballong på vegen.

oslo.
og ein fin no.15.

oslo.oslo.
colletts gate.

oslo.
oslo.og me sa hadet og godnatt fem gongar og ingen av gongane meinte me det egentlig. men heldigvis kjem desse til london neste veke.

oslo.oslo.møtte ørjan i herman foss’ gate og bestemte at me skulle på kafé, så me møttes på colletts café og snakka om juss innanfor det me driv med også fekk han høyra si eiga stemme på jostein sitt nye app-prosjekt.

oslo.
i går møtte eg opp hos heidi og me åt heimebakt brød og grapefrukt og kjeks og egg og druer og drakk bringebærlemonade. me snakka om forhold og bryllupsfotografering og sånt som ein snakkar om når ein ikkje har møtt kvarandre på eitt år og meir.

oslo.
dei har det så fint i kollektivet sitt. eg hadde elska å bu der.

oslo.
bildet til heidi som er superstort på veggen.

oslo.oslo.
også basse, da, såklart.

oslo.oslo.
så vandra me heim igjen, eg fekk endelig jobba litt og fekk ro i sjela. etter ei veke i oslo er alt mykje bedre enn før me kom, og det er jo det som er det viktigaste.

translation:
pictures from our week in oslo, it’s been a rollercoasterride of emotions, but all in all things are better now than when we came and that’s what’s important. we’ve had time to meet our beautiful friends and eat norwegian food staples.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *