2004.

det finst mange historiar om kvifor eg og jostein er saman, mange grunnar og forklaringar. då eg var fjorten ville eg aller helst ikkje vera her meir, hundrevis med kvite striper dannar eit kart på kroppen min som aller mest syner eit djupt ønske om å vera nokon annan.

eg hadde så uforklarleg vondt i brystkassa, ikkje det fysiske hjartet som pumpar, men det som føler og vil. etter å ha bore det sjølv sa eg det endeleg høgt, mamma kjøpte store lerrett og oljemaling, eg malte store stygge brune bilder som var akkurat korleis eg hadde det. dei ligg på loftet heime og minner om ein person eg ein gong var og aldri skal bli igjen. hjå psykologen kvar tysdag og torsdag svarte eg for det meste nei/ja/veit ikkje og det hjalp ingenting, eg fekk bøker der ein skulle kryssa ut for korleis ein hadde det den dagen og kva ein føøøølte og kva ein teeeenkte. etter ei veke kasta eg ho i omnen. det einaste som hjalp mot boblinga i kroppen var å knusa tallerkar i golvet, kasta dei så hardt eg kunne mens eg skreik.

også var det ein gut som kom inn i bildet, ein som heldt meg oppe heile natta. eg sov på pulten i friminutta på skulen og var våken til klokka seks kvar morgon. eg smilte mistenkeleg mykje, sånn at foreldrene mine la merke til det og skjønte at det var nokon. telefonrekningane hjalp óg, sjølvsagt. for me hadde aldri møtt kvarandre, det var ikkje før månadar seinare at me eingong var i same rom. men me trong det ikkje, det fysiske nærveret ville berre vore distraherande frå alle løyndomane me kviskra til kvarandre frå kvar vår vestlandsbygd.

då eg var fjorten år var jostein den einaste personen som fekk meg til å villa stå opp om morgonen, han var eit uutforska land som berre eg visste vegen til. det båndet som dannar seg mellom to redde tenåringar når dei fortel kvarandre kvar minste lille, skremmande tanke er ikkje lett å bryta. me smelta ihop som to metall og vart noko bedre, sterkare. noko som ingen kunne forstå seg på eller få oss til å tvila på.

det er det bandet som er grunnmuren i vårt forhold, til og med i dag. dei to forvirra fjortenåringane som var uredde og livredde samtidig for at dette var heilt, heilt ekte. dei som utforska tankane og kroppane til kvarandre og knuste tallerkar ihop. som sendte trettentusen tekstmeldingar og klinte backstage første gong dei møttes. for dei fekk rett på første forsøk.

translation:
there are many stories about why j and i are together, a lot of reasons and explanations. when i was fourteen i wanted most of all to not be here anymore, hundreds of white lines make a map of my body that most of all show a sincere yearning to be someone else.

i had this inexplicable pain in my chest, not the physical heart that pumps, but the one that feels and wants. after carrying it myself i finally said it out loud, my mother bought me big canvases that i painted brown and ugly, the way i was feeling. they’re hidden away in the attic now, reminding me of a person i once was and never will be again. at the therapist’s office every tuesday and thursday i mostly replied yes/no/i don’t know to all of her questions, which of course didn’t help, they gave me books with boxes to check about how i was feeeeeling and what i was thiiiinking. after a week i threw it in the open fireplace. the only thing that helped soothe the bubbling in my body was breaking plates on the floor, throwing them as hard as i could whilst screaming.

and then, a boy came into the picture. one that held me up all night. i slept on my desk at recess and stayed up until six am every day. i took to smiling, smiling so much that my parents became suspicious and realized there had to be someone. the phone bills helped that conclusion too, of course. because we’d never met before, not until months later would we even be in the same room. we didn’t need it, the physical element would only be distracting us from sharing secrets from our respective norwegian small towns.

when i was fourteen, j was the only person who made me want to get out of bed in the morning, he was unexplored land that only i knew the way to. the bond that builds between two scared teenagers when they tell eachother every little scary thought isn’t easy to break. we melted together like two metals, making something better, stronger, something that noone could understand or make us doubt.

that connection is the foundation of our relationship, even now. those two confused fourteen-year-olds who were unafraid and scared to death at the same time, that this was very, very real. who explored eachothers thoughts and bodies and smashed plated together. who sent thirteenthousand text messages and made out backstage the first time they met. they got it right the first time.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *