salad with watermelon, halloumi, nuts and quinoa with a ginger & honey dressing.

salad with watermelon, halloumi, nuts and quinoa.

for nordmenn er salat ofte isberg, store bitar paprika, agurk, tomat og kanskje litt salatlauk. men det er jo ikkje noko gøy! eg og jostein lagar salatar berre ved å kasta ihop ingrediensar me trur smakar godt ilag, og som oftast er det ein hit. her kjem dermed ei kjøttlaus lunsjoppskrift! dette er ein mettande salat som er både søt(vassmelon), salt(halloumi) og crunchy(nøttene) og mettande(quinoa). quinoa er rik på protein og glutenfri, ein får kjøpt den på helsekost. salaten er kasta ihop utan å måla eller noko, men eg skal prøva mitt beste å få det så nøyaktig som mogleg.

400g vassmelon(med skal)
100g runde sukkererter(med skal)
ein neve mandlar
ein neve pistasjnøtter
100g halloumi
50g tørr quinoa

kok opp 1dl vatn med litt salt, tilsett quinoa og la det koka i omtrent femten minutt. sett den så til side og la den kjøla seg ned litt(ta den gjerne ut av panna, da går det fortare). grovhakk nøttene og rist dei i ei tørr varm panne i omtrent fem minutt til dei får litt farge. pass på å røra så dei ikkje blir brent. skjær halloumien i skiver og steik den i litt smør til den får farge på kvar side. me likar den crispy utanpå og mjuk inni. kutt den opp i passelege bitar. kutt opp vassmelon i terningar, ta ut ertene fra belgen. bland alle ingrediensane godt.

så lagar du dressing av to spisekjeier smaklaus olje(me brukte rapsolje), to teskjeier honning, saft fra ein lime, litt salt og fersk ingefær etter smak. me brukte kanskje ei og ei halv matskjei, men me elskar ingefær. smak deg litt fram. tøm så dressingen over salaten og bland det godt. server med salat eller litt grønt!

translation:
when people make salads at home it’s very often boring and sloppy. like iceberg lettuce(one of the least nutritious vegetables you can eat), bell pepper, cucumber, tomato and maybe some salad onions. but that’s no fun! j and i make salads by throwing whatever might taste good together in a bowl and mixing it around until it tastes good. here is my meatless monday recipe! it’s sweet(watermelon), salty(halloumi), crunchy(nuts) and filling(quinoa). quinoa has a lot of protein and it’s gluten free. you can buy it at your nearest healthy food/whole food shop. this salad i made by just throwing everything together, but i will try my best to get it accurate.

400g watermelon(weighed with rind)
100g sugar snap peas(weighed with shell)
one handful of almonds
one handful of pistacchios
100g halloumi
50g dry quinoa

bring 1dl water and a pinch of salt to a boil. wash the quinoa before adding it to the pan and let it boil for about fifteen minutes. set it aside and let it cool(to cool it faster, take it out of the pan). chop the nuts roughly and roast them in a dry pan for about five minutes until they get a little golden. don’t forget to stir them so they don’t burn. slice the halloumi and fry it in some butter until it’s golden and crispy on the outside and soft on the inside. slice it up into small pieces. dice the watermelon, remove the peas from their shells and mix everything together nicely.

make a dressing out of two tablespoons vegetable oil(we use rapeseed), two teaspoons honey, juice from one lime, some salt and fresh ginger to taste. we used maybe one and a half tablespoon, but we love ginger. use your taste buds! then pour the dressing over the salad and mix well. eat with some bread or some greens!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *