i follow you deep sea baby.

kor tilfeldig livet er. kor mange ting som har gått rett for at me skal ha kvarandre, eg og jostein. alle brikkar på rett plass. tenkjer på at om nokon hadde sagt ja istadenfor nei, om nokon hadde gått til høgre istadenfor til venstre, ete gul istadenfor brunost til frukost kvar dag. om det hadde vore sol ein torsdag i 1983 istadenfor hagl.  om eg ikkje hadde sunge den songen på telefon midt på natta i oktober 2004. om eg hadde krangla med nokon andre den dagen og tenkt drit i heile greia. om psykologen min hadde fokusert på noko anna, ikkje sett meg i augene, satt hardt mot hardt, akkurat den dagen då me vart ihop og me skjelvande skjønte at me var kjærestar og at det var skikkelig alvorlig. om eg aldri hadde turt å reisa på konserten, om eg aldri hadde turt å la deg kyssa meg bak scena etterpå. om du hadde latt meg forsvinna ned i det holet. om du ikkje hadde holdt meg så hardt fast mens eg kjente kroppen min flyta gjennom glassruta då bussen velta den vinterkvelden i 2008. om du hadde valgt bøkene og ikkje musikken. om eg hadde vore blond. om du aldri hadde lært meg korleis det føltes å bli elska og å elska tilbake.

det finst mange små og store grunnar til at eg elskar jostein. små: han lignar på orlando bloom og folk seier det til han heile tida, han viser meg kattar i tekoppar når eg er trist, han held hånda mi uansett kor tungt me har å bæra. store: han har like lyst på born no no no, han er ein estetiker om ingenting anna, han får meg til å le. men aller mest av alt så elskar eg jostein fordi han har fått meg til å innsjå at det finst ingen dagar som berre er dårlige berre ein har augene opne nok. for det finst alltid ein samtale, ein hund med store øyre, ein sang som ein venn sender, kjensla av kor lett hjartet følast etter ein har gråte i to timar, morsomme gifar og koppar med gullkant. korleis håret hans krøllar seg over øyrene. det finst balanse i alt, det eine utfyller det andre. som hånda di i lomma på mi grøne kåpe midt i desember månad, til dømes.

translation:
how random life can be. how many things went right for us to be together, j and i. all the pieces in perfect place. what if someone had said yes instead of no, if someone had taken a right instead of left, eaten yellow instead of brown cheese for breakfast every day. if there had been sun on a thursday in 1983 instead of hail. if i hadn’t sung that song on the phone in the middle of the night in 2004. if i had fought with someone that day and thought screw this. if my shrink had focused on something else, if she hadn’t looked me in the eyes, on the day when we were we and shakenly understood that we were together and that it was serious. if i hadn’t gone to that concert, if i hadn’t let you kiss me backstage afterwards. if you had let me fall down that hole. if you hadn’t held on to me so tightly when i felt my body float through the window when our bus tipped over that winter night in 2008. if you had chosen books instead of music. if i had been blond. if you had never taught me how it feels to be loved and love back.

there are so many small and big reasons for me loving jostein. small: he looks like orlando bloom and people tell him so all the time. he shows me cats in teacups when i’m sad. he holds my hand no matter how heavy our bags are. big: he wants children as badly as i do, he’s an aesthetic if anything, he makes me laugh. but most of all i love him because he made me realize there is no such thing as a wholly bad day as long as your eyes are open enough to look for the small things. because there is always a conversation, a dog with big ears, a song from a friend, the feeling of how light the heart feels after crying for two hours, funny gifs and cups with gold rims. how his hair curls by his ears. everything balances out, one thing completes the other. like your hand in the pocket of my green winter coat in the middle of december, for instance.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *