one year, 52 weeks, 365 days.

i dag har eg og jostein budd i london i eitt år. for 52 veker sidan landa me på heathrow med over 100 kilo bagasje, før me tok til på vår veldig ruglete reise til leiligheten. i koffertane hadde me to prikkeglas, eit kaninoppvaskstativ, tjue kjolar, ei sodastreammaskin og to sett bestikk. i magen; ein heil masse håp og dansande flodhestar. på knea: fjorten bagasjeblåmerker. det har vore eit veldig hardt år utan kjente og kjære, og det har tatt meg eit heilt år å finna menneske som eg heilt trygt kan sjå på som mine venner. først no føles denne byen som ein heim. det er no det startar på ordentlig. tenkte at me kunne sjå på året me har hatt i london, med litt ord og linkar til dei finaste innlegga om denne byen i året som har gått. start kavalkade:

london.wednesday.tuesday.perfect sunday.tuesday.
august
alt var nytt og ferskt og lukta heilt annleis, ein tur på tesco rett over gata tok tre timar for alt var nytt, alle ord og ingrediensar annleis enn resten av livet. me fekk besøk frå paris og åt svenske kjøttbollar i brick lane, prøvde såvidt å kjøpa tallerkar og gjera det leveleg heime. dei første tre vekene brukte me jostein sin datakasse som middagsbord, og me feilbestilte tallerkar og fekk små istadenfor store så me måtte finna oss middag fire gongar for å bli mette. me trøsta heimlengsla med jarlsberg og utforska parkane i nærområdet og begynte å forstå kor ulike me egentlig er frå britane.

friday.saturday.sunday.weekend.picnic.picnic.f + f.f + f.
september
det var så vanvittig varmt at me nesten ikkje fekk pusta. me utforska nærområdet og fekk endeleg komme oss til liberty. jostein overraska meg med piknik i parken, blir enda heilt forelska av å tenka på det. foreldrene til jostein kom på besøk og me sov i vår nye ekstraseng. me hadde ei veldig lang reise til harrow-on-the-hill for å henta vårt nye fine blomsterbord, me kjøpte tekoppar på greenwich market og frøy og fredrik kom på besøk.

london / paris.sara.sara.m + p.plants.
oktober
christine og sara var her, me gjekk på marknadar og åt pizza og klemte masse. mamma og pappa kom på sitt første besøk, me var på museum og italiensk restaurant også i chelsea physic gardens. heilt i slutten av månaden fekk me telefon fra vår fantastisk fine redaktør på samlaget som spurte om me ville skriva bok!

diy.friday.richmond park.richmond park.this week.
november
hausten kom endeleg til london. me tapetserte ein vegg med botaniske bilder og lengta sånn etter skogen. så me reiste til richmond park og såg på alle hjortane. møtte carrie for fyrste gong, og tok som vanlig kun bilder bakfra(eg anar ikkje kvifor eg gjer det, men første gong eg møter nokon tar eg aldri bilder av ansikta deira). me åt ostekake på kafé mens me pussa på plotet vårt.

friday.sunday.london!drinking wine from plastic bags.drinking wine from plastic bags.
desember
me pynta til jul med vintage julepynt før me reiste heim til noreg. då me kom tilbake var alle våre beste venner med og me hadde ei fantastisk natt ute i shoreditch før me hadde den mest fantastiske nyttårsaftan nokon gong.

work day.j+j.friday saturday.saturday.friday saturday.150 ans.
januar
me åt finfrukost på kafé, janne + jørgen kom på besøk. eg var på afternoon tea med carrie og lucy(som eg møtte for første gong), og ei helg jostein var heime i noreg var eg og carrie på broadway market og åt cupcakes. broren til jostein pluss kone kom óg på besøk og me åt makronar frå ladurée.

monday.instax wednesday.f.f.
februar
februar jobba eg så himla mykje, og det var alt verdt det for frøy kom på besøk åleine og me åt sjokoladekake og kjøpte vintagekjolar.

synne.synne.my new toy.
mars
synne kom på eit fantastisk fint besøk, eg reiste til paris åleine og kom heim med den finaste varmluftsballongen som finst.

my birthday!my birthday!my birthday!lucy's birthday.lucy's birthday.
april
etter me kom heim frå new york feira me bursdagen min med brask og bram også feira me óg lucy.

brightonweekend.weekend.wish mag launch.wish mag launch.17th of may.sun days.sun days.fuji fortnight.
mai
i mai vart eg lei heile bloggen og tok ei veke lang pause. eg og jostein reiste til brighton og drakk oss fulle på bobler i hotellsenga. kusina mi kom på besøk, me drakk kirsebærdrinkar og høyrte på jostein sin musikk på southbank centre. det var lanseringsfest for wish mag, og me møtte caitlin som me stod i eit hjørne med nesten heile festen og me lova dyrt og hellig at me skulle møta kvarandre snart igjen, for det er så vanskelig å skaffa venner i denne byen. me feira 17.mai i southwark, det var hysterisk varmt, jenny var i london og eg var så forelska i mitt nye respatexbord med blomstermønster.

rhubarb.home alone.behind the scenes.audrey grace shop.getting ready for my first london photoshoot today! meat liquor.scotland, day two.
juni
eg hadde rabarbrafeber, gjorde nye greier med håret heile tida og synne kom til london kun for å bli fotografert av meg til audrey grace-prosjektet. noko anna som kom til london var mine hysterisk vakre bryllupssko fra miu miu som eg hadde leita etter så himla lenge. me åt kjøtt med caitlin, og i slutten av juni reiste me til skottland med familien til jostein. heile juli var me i noreg.

snaps.snaps.in london town.friday.friday.v&a alone day.
august
me flaug tilbake til london og vart slått av ol-manien som kom mot oss. stasjonane var heilt annleis enn før, det var folk med rosa vestar overalt. me gøymte oss i covent garden med yoghurtis, og ein fredag reiste me til kew gardens med caitlin for å ta bilder av ho. me feira bursdagen hennar på ein dunkande klubb og møtte fleire fine personar som eg vil tilbringa meir tid med. eg hadde aleinedag på v&a med blåbærmuffins og appelsinbrus. og i dag feirar me som berre me kan! kavalkade slutt.

translation:
today we have lived in london for one whole year. 52 weeks ago we landed at heathrow with 100 kilos of luggage before going on a very bumpy ride to our apartment. in our suitcases were polkadot glasses, a bunny dish rack, twenty dresses, a soda stream machine and two sets of cutlery. in our hearts; a lot of hope and dancing hippos! on our knees: around fourteen luggage bruises. it’s been a very rough year without our loved ones, and it has taken me a year to find people who i can safely call my friends. it’s only now that this city feels like my home. it begins now. i thought we’d take a look at the year i’ve had in london, with some words and links to my favorite entries about this city in the past year.

august.
everything was new and fresh and smelled different, going to tesco across the street could take three hours because everything was so new. the first three weeks we used j’s flightcase as our dinner table. we explored our parks and begun to understand how different we are from the brits.

september
it was so incredibly hot! j surprised me with a picnic in the park, his parents came to visit and so did fred and frøy.

october.
christine and sara came to vsit, we went to markets and ate pizza. my parents came to visit, and we went to chelsea physic gardens.

november.
autumn finally came to london, we wallpapered a wall with botanical prints and longed for the forest. so we went to richmond park and looked at the deer. we met carrie for the first time in angel, and we had cheesecake at a café while we polished our plot.

december.
we decorated the house with vintage christmas decor before going home to norway. when we came back, our friends came with us and we had an amazing night in shoreditch before the most amazing new years’ ever..

january.
we had a fancy café breakfast, janne + jørgen came to visit. i went to afternoon tea with carrie and lucy, and when j spent a weekend in norway i met carrie for cupcakes at broadway market.

february.
i worked so much in february, but it was all worth it because frøy came to visit and we had chocolate cake and bought vintage dresses.

march.
synne came to visit, i went to paris alone and brought back home this amazing balloon.

april.
after we came home from new york we celebrated my birthday and lucy’s birthday too.

may.
my cousin came to visit, we had cherry drinks and listened to j’s music at the southbank centre. we went to the launch of wish mag, and we stood in the corner with caitlin the entire party and promised eachother to be friends. we celebrated 17th of may in southwark, jenny was here and i was in love with my new respatex table.

june.
synne came here to do the audrey grace shoot. my wedding shoes from miu miu came in the mail, and then we went to scotland.

august.
we his from the olympics in covent garden, and we went to kew gardens with caitlin to photograph her. i spent a day alone at the v&a with a blueberry muffin and orange soda. and today we are celebrating!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • For et herlig tilbakeblikk på det første året deres i London! Med stemningsfulle bilder, store smil og mange fine opplevelser i – etter min mening – verdens beste by. Hipp hurra for deres 365 dager der!

  • Herregud som eg elsker bloggen din!
    Du har virkelig følgt drømmene dine og du har gitt meg inspirasjon til å følge mine drømmer, så neste år reiser jeg til skottland for å studere :)

  • Jeg beundrer deg så utrolig masse, ikke bare at du følger en drøm og flytter til London, men at du gjør det uten et sikkerhetsnett; fast jobb, skoleplass, det eneste som fanger deg opp er deg selv og talentet ditt. Jeg er glad for at du ikke bare har rosemalt tilværelsen i en helt ny by, men skriver om tornene også. Jeg er så glad for at du endelig har funnet din plass der borte, og jeg er veldig takknemlig for å ha vært med på reisen:)

  • It has been so nice for me to find your blog in a time of so much change. I moved to the London area on September sixth so my year is approaching too. I can relate to those long trips inside Tesco, that sometimes ended in crying for me because I bought more than I could carry. But anyway, I have felt less alone knowing that others are adapting as well in a different part of this huge city. <3

    • thank you, that makes me happy to hear. i think it’s something that most people don’t talk about because you’re supposed to just be so grateful that you get to live in this amazing city, but it’s just so hard sometimes. i’ve cried a lot of sad tears in the past year, but things are finally looking up and i couldn’t be happier about that. <3

  • Først må jeg si meg helt enig i June sin kommentar om svart-hvitt bildet av deg og Jostein.. Får store sommerfugler i magen av det, definitivt en stor favoritt.
    Videre vil jeg si at jeg virkelig er glad i bloggen din. Du lyser opp min hverdag, og jeg er så takknemlig for at du ønsker å dele opp og ned turer med oss som leser. Jeg har vært i London 4 ganger, men kunne ikke tenkt meg å bo der. Det ville tatt bort gleden ved å kunne reise dit, og oppleve, se, shoppe, spise, drikke, og rett og slett bare kose seg ihjel.
    Jeg ønsker dere alt vel, begge to <3