coconut & lime sweet potato curry.

søtpotet er ein bra substitutt for kjøtt i veldig mange rettar, spesielt i rettar med kylling. denne gryta er eit perfekt eksempel på det! oppskrifta er til to personar. du kan lesa meir om søtpotet her.

coconut & lime sweet potato curry.
finhakk ein stor raud og ein stor gul lauk og surr dei i ein klatt smør i ei stor panne til den er blank.

coconut & lime sweet potato curry.
skrell søtpoteta og skjær den i terningar. steik den i olje til du klarar å få ein gaffel gjennom med litt motstand. så har du søtpoteta oppi til lauken. tøm over éin boks kokosmjølk, saft frå éin lime, to spisekjeier soyasaus, to spiseskjeier honning eller agave, ei til to spiseskjeier karripulver(helst kjøp eit med meir smak enn det “vanlige norske”, sjå innom din nærmaste orientalske butikk. me brukar eit som er medium sterkt. om du ikkje likar maten så sterk bør du prøva deg fram litt etter litt), ei teskjei spisskummen, ei teskjei kanel, ei håndfull hakka fersk koriander. så er det berre å smaka seg fram til ein smak ein likar. ein kan hakka chili og ha oppi eller ha mindre karri og meir spisskummen. ein må berre prøva seg fram, det er det som er så gøy med å laga mat! la det koka til søtpoteta er heilt mjuk, spe på med vatn om den blir for tjukk. salt etter smak.

coconut & lime sweet potato curry.
server med ris og/eller litt brød. og masse vatn! eg elskar å laga former med risen, for det gjorde alltid mamma og pappa i min barndom.

ps: om du ikkje bur i by kan det vera vanskelig å få tak i søtpotet, men som oftast kan butikkane bestilla inn noko om du spør dei om det.

translation:
sweet potato is a great substitute for meat in a lot of dishes, especially chicken dishes. this is a perfect example of that. the recipe is for two people.

chop one red and one yellow onion and sauté them in some butter until they are shiny. peel and dice the sweet potato and fry it in some oil until you can put a fork through it with some force. then, put the sweet potato with the onions. into the pan, pour one can of coconut milk, juice from one lime, two tablespoons soy sauce, two tablespoons honey or agave, one to two tablespoons curry powder(we use a medium one), one teaspoon cumin, one teaspoon cinnamon, a handful of chopped cilantro. then you just play around with it and add elements to taste, like more cumin or honey. just give it a go, that’s what’s so fun about cooking! let it boil until the sweet potato is soft, if it gets too thick then put some water in there. salt to taste.

serve with rice and/or some bread. and lots of water.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Det så veldig godt ut! Jeg synes søtpotet er helt fantastisk. Hver gang jeg lager det, tenker jeg at jeg burde spise det mye oftere. Skal absolutt prøve dette i løpet av uka! Synes forresten det er kjempeflott at du legger ut vegetaroppskrifter, tommel opp!

  • Søtpotet er en herlig og anvendelig grønnsak, og dette virker kjempegodt! Kjæresten min er ekspert på sånn proff finhakking, så denne skal jeg utfordre ham med. Jeg blir forresten alltid glad når du legger ut oppskrifter uten kjøtt, så bonuspoeng for det!

  • This looked really delicious from the get go, then I read what all you put in it and it gets even better :D Thanks for this because my husband has a temporary dairy allergy and I think we could both agree to give it a try. It can be overwhelming to search for new recipes at times.

  • Dette laget jeg til gubben min idag, og det skal jeg definitivt lage igjen! Takk for super oppskrift. Vi har (veldig) godt av å spise mindre kjøtt.

  • Åååh, dette så godt ut Mariell! Må prøve det en gang, men det blir nok ikke når jeg bor hjemme siden mamma har en vrangforestilling om at man ikke blir mett uten fisk eller kjøtt….

    • det er fryktelig mange som tenker sånn, trur det berre er ei unnskyldning fordi ein ikkje har lyst til å prøva noko nytt. du kan jo sei at du vil laga middag ein dag? så ser du korleis det går. me et nesten ingen kjøtt, og me går ikkje akkurat rundt og er svoltne. :)