alone day at the v&a.

på fredag hadde eg ein uvanlig tung dag. ein sånn dag når alt berre virkar litt feil og ingenting føles rett. ein sånn dag som ingen hadde hugsa om eg berre hadde blitt liggande i senga og stirra i taket. det ville vore litt mindre frukostblanding i boksen, ein mindre sminkeserviett i pakken, men det var det. det hadde vore ei sånn veke, egentlig. og på eit eller anna tidspunkt må ein berre stoppa det før det går for langt, før det blir ein vane å ikkje skifta fra pysjamas eller å sjå etter matkombinasjonar i kjøleskapet fordi å gå ut virkar som det vanskeligaste i verda. jostein seier til meg at nokon dagar får ein lov til å berre streka over i kalenderen, gløyma at dei skjedde. fredag kunne ha blitt ein sånn dag. men så satte eg på krølltanga. tok på solkrem, pudder, mascara, eyeliner, prikk. akkurat nok mengde leppestift til at det såg ut som at eg hadde vore i parken og klint heile dagen. også tok eg toget til cannon street og vidare til south kensington, for ein dag på museum heilt aleine var akkurat det eg trong.

v&a alone day.v&a alone day.v&a alone day.
eg såg på fantastiske klede, inkludert ein utstilling om ballkjolar frå 1950-talet til i dag som eg ikkje fekk fotografera.

v&a alone day.
og meg sjølv i ein spegel.

v&a alone day.
og fotografi som eg aldri før har sett på museum. her av diane arbus og irving penn.

v&a alone day.
nydelege plakatar.

v&a alone day.
og kylie minogue sitt dressing room.

v&a alone day.v&a alone day.v&a alone day.v&a alone day.
og små rom som set designarar har laga med lys og personar og alt. vart heilt blown away.

v&a alone day.
eg satt meg i hagen med blåbærmuffins og appelsinbrus og såg på alle som hoppa i fontena.

v&a alone day.v&a alone day.
og tenkte at ein sånn hage vil eg ha ein dag, med tusenvis av hortensia som kan gjera kva dag som helst til ein bedre dag.

og når eg gjekk fra museet til tubestasjonen kjente eg den mjuke vinden i sekstitalshåret mitt og eg møtte alle blikk som kom min veg.

translation:
friday was an unusually difficult day, one of those days when everything seems a bit off and nothing is the way that it should be. one of those days that noone would remember if i had stayed in bed and stared at the ceiling. there would have been less cereal in the box, one less make up removal wipe, but that is all. to be honest, it’s been that kind of a week really. and at some point you have to stop it before it gets too far, before it turns normal to not change from your pyjamas or looking for food combinations in the fridge because leaving the house is too hard. jostein says that it’s ok to have some days that you just erase form the calender, forget that they happened. friday could have been one of those days.  but then i put my curl iron on. put on sun lotion, powder, mascara, eyeliner, dot. enough lipstick for it to look like i’d been making out all afternoon. and then i took the train to cannon street and to south kensington, because a day alone at the museum was just what i needed.

i looked at amazingly beautiful clothes, including an exhibition with ball gowns from the 1950′s until today that i wasn’t allowed to photograph.

and i looked at myself in the mirror.

photographs that i hadn’t seen before in a museum, here by diane arbus and irving penn.

amazing posters.

kylie minogue’s dressing room.

teeny tiny rooms made by set designers, made with lights and people and all. i was blown away.

then i went and sat in the garden with a blueberry muffin and an orange soda.

some day i want a garden like this, with thousands of hydrangeas, that can make any day a better day.

and when i walked from the museum to the tube, i felt the soft wind in my sixties hair do and i met every set of eyes walking towards me.