comments about comments.

mange meinar at når ein har eit ope kommentarfelt på bloggen sin må ein rekna med å få negativitet i kommentarfeltet. eg er i utgangspunktet ikkje enig, men så lenge det finst folk der ute med vonde følelsar i kroppen og ingen anna utløp er det viktig for ein bloggar å kunna klara å takla det på ein god måte. ja, det føles av og til som om nokon har opna deg og funne ut akkurat kvar det gjer vondt for så å skyta ein bazooka rett mot det punktet. for dei aller fleste av oss gjer det vondt å høyra at du ikkje har anklar eller for små auge eller at du ikkje kler deg på ein god måte. det er absurd korleis nokre menneske har eit behov for å øydelegga for andre for å ha det bra i seg sjølv. det er ikkje berre blomar og blonder i kommentarfeltet hos meg heller. får høyra alt fra at fjeset mitt ikkje taklar ein einaste makron til, til at jostein ikkje egentlig elskar meg(det morsommaste var i fjor, etter eg kom tilbake frå paris, då nokon skreiv “jeg hadde samleie med jostein da du var i paris” haha). men. eg har ein nulltoleranse for alt som ikkje hjelper nokon. eg har alltid sagt at eg ikkje vil vera eit talerør for negativiteten til andre, og det har vore viktig for å bygga opp eit skjold mot alt ein får kasta mot seg.

ein anna ting ein må læra seg å deala med i bloggverda er “konstruktiv kritikk”, noko ein får mykje av som bloggar. noko av det er godt meint, mens anna er innpakka avskum. konstruktiv kritikk er kun konstruktiv om det kjem fra ein plass med respekt, og ofte er det noko me som bloggarar opplever å få slengt etter oss om me ikkje umiddelbart underkastar oss kritikk me får frå anonyme. “du må jo klara å ta imot litt konstruktiv kritikk, eg meinte berre at nasen din ser skeiv ut med den leppestiften, prøver berre å hjelpa”.  etter kvart lærer ein seg heldigvis å skilla mellom “konstruktiv” og konstruktiv.

det viktigaste for meg har vore å forstå kvifor dei gjer det, desse menneska som skriv dritt til eller om andre. at dei ikkje likar eller respekterar seg sjølv, at dei har vanskelige liv, at dei utagerar fordi dei ikkje forstår seg sjølve eller sine eigne handlingar. og fram til dei finn ut av det kan spamfilteret mitt fint tåla ti tusen kommentarar til. det har ingenting med meg å gjera, eg har lært meg å ignorera det og tar det ikkje innover meg lenger. så lenge du er sikker i deg sjølv kan ingen ta deg. lettare sagt enn gjort, kanskje. men da veit ein i alle fall i kva ende ein må starta.

translation:
a lot of people seem to think that when you have open comments on your blog then you should be prepared for nasty comments. i don’t really agree, but as long as there are people out there with pain in their hearts and nowhere else to put it, it’s important for us bloggers to know how to deal with that. yes, it may sometimes feel like someone has opened you up to find out where it hurts the most only to point a bazooka at it and fire. for most people, it hurts to hear that you don’t have ancles or your eyes are too small or you dress poorly. it’s absurd how some people have this need to break other people down to make them feel good about themselves. it isn’t just lace and flora in my comments either. people tell me my face can’t stand a single macaron more or that jostein doesn’t really love me(the funniest one was after i came home from paris last year “i had intercourse with jostein when you were in paris” haha). but, i have a zero tolerance policy when it comes to stuff that doesn’t help anyone. i’ve always said that i won’t let myself be somewhere for people to vent and throw their negativity, and that’s been important to make a shield that protects me from all of it.

another thing you deal with in the world of blogs is “constructive criticism”. some of it comes from wanting to help, but mostly it’s just crap in nice wrapping paper. constructive criticism is only constructive when it comes from a place of respect, and quite often it’s something bloggers experience getting thrown at us if we don’t completely embrace someone anonymous criticizing us. “you have to be able to deal with constructive criticism, i just meant that your nose looks all crooked when you wear that lipstick, i was only trying to help”. after a while you learn to separate the “constructives” from people who actually care.

to me, it’s been important to understand why they do it. that they don’t like or respect themselves, that their lives are hard, they lash out because they don’t understand themselves or their own actions. and until they do, my spam filter is very capable of dealing with ten thousand more comments. it has nothing to do with me, i’ve learnt to ignore it and i don’t get hurt by them anymore. as long as you’re confident in yourself then noone can get to you. easier said than done, maybe, but at least you know where to start.