things to do on your own.

Untitledemma neely.
482vlad parshin.
Pattie Boydmademoisellechrissie.

her er ei liste over sånt ein kan gjera for å føla seg bra i sitt eige nærvær. etter mange år med å trenga å ha folk rundt meg heile tida føler eg at eg virkelig trivst i og treng mitt eige selskap. denne lista har eg skrive med mine fine venner, som óg likar sitt eige selskap:

mal rommet ditt så det føles meir som deg. mitt soverom heime hos mamma og pappa har eg malt pastellprikkar på.

sjå ein sesong av ein tv-serie fra start til slutt. til dømes mad men, girls eller big love!

gå på kino midt på dagen og føl deg sterk og voksen når du klarar å sitta der aleine.

rydd i alle filene dine på datamaskina, legg alt i fine mapper.

kjøp blomster, spre dei rundtom i leiligheten der du veit du blir glad av å sjå dei.

fiks det holet i den kjolen som du elskar men ikkje går med fordi den treng litt hjelp.

så urter i gamle hermetikkboksar som du kan ha i vinduskarmen på kjøkenet. ein føler seg så himla voksen, og maten smakar bedre.

ta bilder av deg sjølv. finn ut kva vinklar du likar best. det kan gjera det mindre forferdelig å bli fotografert om du er som meg og hatar det.

lesa bakover i dagbøkene dine eller begynna å skriva ei.

sjå ein dokumentar på documentary heaven, finst så mange interessante greier der ute og det føles bra å læra.

send eit postkort til nokon. det kitlar i magen av forventning mens det flyt gjennom postsystemet og av å liksom unngå å snakka med personen du har sendt postkort til, fordi ein risikerer å fortella alt som ein jo har skrive!

sorter skapet ditt og sånt som du har på lager og gi vekk tinga du ikkje treng. nokon andre kan kanskje ha bruk for det. lag brettekantar eller legg inn hyllepapir, noko som gjer deg glad når du opnar dørene.

lær deg fem nye ord på fransk eller italiensk eller tysk eller engelsk.

ta deg ein lur på golvet og føl deg som eit barn igjen, i stand til å sovna kvar som helst.

les ei bra avis eller eit smart magasin fra start til slutt. det føles bra med litt mat til hjerna. eg elskar monocle.

dansa naken.

start ein blogg, finn ut kva du skal skriva om.

lær deg ein ny sang på gitar.

kjøp ein heliumballong eller blås opp nokon vanlige ballongar.

farg håret, ta ein hårkur eller lær deg å legga flytande eyeliner på youtube.

gå på rabarbraslang og lag saft! det er det enklaste og beste som finst.

skrive lister over sånt du gler deg til eller ting du må hugsa.

lag ei speleliste eller ein blande-cd du kan gi til ein venn.

plukk markblomster som du pressar i tunge bøker. forglemmegei, stemorsblomar, prestekragar. ta dei fram når du saknar sommaren, eller putt dei i ei ramme på veggen når dei har tørka.

gå på museum.

gå på kafé, et ein marengs og høyr på kva andre snakkar om.

reis på svømming, høyr ingenting av vatnet.

et ein is eller ein stor sjokolade og sjå ein film som du elskar.

lær ein ny frisyre.

les ei bok, skru av telefonen.

bak brød. eller kanelbollar. legg dei i frysaren og i magen.

sitt i ein park på eit teppe og føl på kor godt det følast å vera så trygg at ein kan sitta der heilt aleine og ikkje ha noia for det i heile tatt.

kjøp ein hatt eller lag eit hårband med limpistol og plastblomster.

planlegg ein ferie du kan ta heilt aleine, kanskje berre for ei natt eller ingen natt i heile tatt, ta eit tog eller utforsk ein bydel du ikkje har vore i før. gjer research og finn ut kva som er den beste lunsjplassen.

skriv små historiar om folk du sit ved sidan av på bussen eller trikken.

translation:
here is a list of things to do to feel good in your own company. after many years of needing people around me, i finally feel like i thrive in and feel comfortable in my own company. i’ve written this list with my friends who also enjoy being on their own:

– paint your room and make it feel more like you. my bedroom in my parents’ house has pastel polkadots on the walls.

– watch one season of a tv show from start to end. like mad men, girls or big love!

– go to the movies in the middle of the day and and feel strong and grown up when you’re sitting there on own.

– clean your computer, inside and out, put everything in nice folders.

– buy flowers and spread them around in your apartment where you know you’ll be happy to see them.

– fix that dress with a hole in it that you love but don’t wear.

– put herbs in metal boxes and put them in your kitchen window. good for your confidence, good for your food.

– take pictures of yourself, find out which angles suit you.

– read your old diaries or start writing one.

– watch a documentary on documentary heaven. so many interesting things out there, so much to learn.

– send someone a postcard. makes you feel bubbly.

– sort your closets out, donate the things you don’t want to charity. someone else might need it. fold everything nicely, makes you happy when you open the doors.

– learn five new words in french or italian or german or english.

– take a nap on the floor and feel like a child again, capable of sleeping anywhere.

– read a good newspaper or a smart magazine from start to end, feels good with some brain food.

– dance naked.

– start a blog and find out what to write about.

– learn to play a new song on the guitar.

– buy a helium balloon or blow up some normal balloons.

– dye your hair and learn to apply liquid eyeliner on youtube.

– go steal some rhubarb somewhere and make cordial! so easy, so good.

– write lists of things you look forward to or things to remember.

– make a playlist or a mix tape to share with a friend.

– pick some wild flowers and press them in heavy books. forget-me-nots or daffodils. put them in frames on the wall when they’ve dried.

– go to a museum.

– go to a café, eat a meringue and listen to what other people talk about.

– go swimming, hear nothing in the water.

– eat a popsicle or a big chocolate and watch a film that you love.

– learn to make a new do.

– read a book, turn your phone off.

– make bread or cinnamon buns. put them in the freezer and in your stomach.

– sit in the park on a blanket.

– buy a hat or make a head band with old plastic flowers.

– plan a vacation to go on on your own, maybe for a night or just go exploring a new part of town.

– write stories about people on the bus or tram.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *