my A’s to your Q’s – my relationship and the wedding.

Untitled
sabino.

i forhold til at du og jostein har vært sammen så lenge: er du ikke redd for å være ensporet? at det er et spor du/dere har havnet i som er vanskelig å bryte ut av fordi det er skapt en forestilling om at det skal være dere to. er du noen ganger redd for tanken om at du ikke skal oppleve noen andre eller at du kommer til å miste deg selv helt om det ikke lenger er dere? at det er skremmende å være så klar på fremtiden og hvordan den skal se ut og hvem du skal dele den med i så ung alder. har du noen tanker om det?
nei, absolutt ikkje og på ingen måte. eg syns det er så rart kor vanskelig det er for så mange å akseptera at to unge personar kan elska kvarandre og vita at det er ekte. seier ikkje at det er det du seier, men det er det mange som gjer. før tenkte eg at eg liksom “mangla noko” fordi eg aldri hadde gått gjennom det store smertefulle bruddet , men eg har ingen ønske om å utfordra forholdet mitt på nokon måte berre for å putta det i erfaringsboksen. eg og jostein jobbar med forholdet vårt heile tida og det er sjølvsagt ikkje enkelt, men ingen forhold er enkle. det er liten til ingen fare for at eg skal mista individualiteten min, faktisk tvert imot. eg er heldig som har ein så sterk plattform å gjera alle prosjekta mine fra, og ein fantastisk person som er villig til å gjera alt for at eg skal ha det bra. eg smiler når eg vaknar og ser han ved sidan av meg kvar dag og me har aldri hatt det så bra som me har det no.

hva tror/vet/syns du og jostein er de viktigste faktorene til at forholdet deres har holdt så lenge? jeg beundrer dere til skyene for det!! virkelig.
kommunikasjon er by far det aller, aller viktigaste. å sei ifra når ein er misfornøgd med noko og å vega orda forsiktig når ein gjer det. for om ein held alt inni seg så kjem det til å ekslodera eller implodera på eit eller anna tidspunkt; du kjem til å skrika og kasta ting i veggen eller bli deprimert og slukt av all negativiteten som du har lagra inni deg. eg og jostein snakkar heile tida og evaluerer forholdet konstant. også er det enkle greier me har lært oss som gjer livet så mykje bedre, til dømes å aldri starta ein konfrontasjon med “kvifor” fordi det som oftast ikkje finst eit svar på “kvifor har du ikkje tørka støv over dørkarmane”, men heller sei “hei, du, eg hadde satt pris på om du neste gong du tørka støv kunne ta over dørene óg, for det blir så skittent der og da føler eg at alt støvet kjem til å bli ein slange som et foten min når eg søv”. eller sei liksom “eg blir litt skuffa / sint / trist / oppgitt / flau når du….” istadenfor “kvifor må du alltid…!” det er så mykje enklare å kommunisera utan aggresjon, og når ein startar ein setning med “kvifor!!!” så kjem den andre personen automatisk i forsvarsposisjon og det blir umulig å kommunisera i heile tatt. me respekterar kvarandre så inderlig høgt. også er det superviktig å gjera ting ilag og av og til legga vekk iphonar og alle distraksjonar og berre gå ein tur eller laga mat ilag og dansa bittelitt på kjøkenet. framprovosera glede og latter og gjera ting ilag. me elskar å reisa og oppleva nye ting, men óg små ting som å gå på kino eller eta middag på golvet.

jeg er så utrolig nyskjerrlig på de nye skoene dine! er de gode å gå i? vil glitteret ry av? var de dyre? (jeg elsker dem!)
dei er ikkje akkurat gode å gå i, men det er ikkje så nøye. det er mest fordi eg ikkje går så mykje høge hælar, så eg har eitt år på meg til å læra det! dei er til bryllupet neste år, og eg kjem ikkje til å gå i dei før det. dei er fra miu miu og dei var ganske dyre, dei er noko av det dyraste eg eig, men så så verdt det.

a sunday in october
ultraviolett.

har du funnet den perfekte brudekjolen ennå som kan stå til de fantastiske skoene dine?
nei, den kjem eg ikkje til å begynna å leita etter før til neste år ein gong, men det blir veldig spennande!

hvordan ser drømmebrudekjolen ut og er det viktig for deg at den er vintage?
den er eggekvit med gulldetaljar, trur eg. det er veldig viktig at den er vintage! det er så mange som er så stressa for bryllup, at alt skal vera nytt og dyrt og ferskt, men eg syns det er så fantastisk å få gifta meg i noko med historie.

jeg har alltid hatt så innmari lyst til å se en type bildeserie fra da du og han der fine(som han en gang ble kalt:)) ble sammen og frem til nå! Se hvordan dere har forandret dere og sånn!
det kan jo henda!

fina! har du noen idéer til blomster til bryllupspynt sent i juli i norge? gifter meg neste år (ååå halloi det blir fint) og syns det er så synd at peoner, ranunkler (min favoritt), tulipaner, syriner og sånne fine blomster takker for seg før festen vår. (har forresten tenkt på å ha urteplanter på bordene. tenk så fint å se på og lukte på og ikke minst putte i maten!)
kva med hortenisa? dei er jo sjukt fine, og ikkje like sesongtunge, trur eg. er ikkje så god på blomar, men. og tulipanar er det jo rimelig enkelt å få tak i året rundt.

Untitled
marcinema.

jeg lurer på hvordan du og jostein er, når dere er hjemme en vanlig hverdagskveld? er det stille, med rolig snakk og rolige og fine blikk? eller masse tulling og latter og fjasing?
mykje av begge deler, heldigvis. me tullar og ler masse masse. også snakkar me om store og viktige ting óg.

skal du ha på hvit kjole i bryllupet? kommer bryllupet til å være så privat, at dere ikke ønsker å legge ut noen bilder av det?
skal ha på kvit kjole, meir skittenkvit enn kvit egentlig. med gull! nei, det kjem ikkje til å vera så privat, sjølv om det heilt klart kjem til å vera delar som me kjem til å holda for oss sjølve. men de skal jo få vera med til ein viss grad, såklart.

skal du og jostein ha bryllup i norge eller england?
england.

blir du og/eller jostein fort sjalu, og hvilke situasjoner blir du eller ville du eventuelt blitt sjalu?
nei, me blir faktisk ikkje det. eg vart det før, før me budde ilag. men det er lenge sidan no. me er berre veldig trygge på kvarandre og eg veit at han aldri ville gjort noko for å såra meg og det veit han óg.

blueberry tarts
yossayarefi.

hvis du kunne leid et band gratis til bryllupet ditt, hvem ville du valgt?
louis prima! eller the smiths!

hvordan tror du livet ditt hadde vært om du ikke møtt jostein? hadde du “eksperimentert” mer, eller tror du du hadde funnet en annen du ville følt det samme for så raskt som med jostein? hadde vært gøy å bare høre deg fantasere litt rundt det, men også litt seriøse tanker om hvilken retning livet ditt hadde tatt.
vel, eg og jostein har heldigvis vore trygge nok på kvarandre til at me har kunna eksperimentera med mange ulike ting sjølv om me har hatt kvarandre. det er sånn det er å vera i eit trygt og bra forhold, det blir som ein trygg grunnmur for alt anna. eg trur absolutt ikkje at eg hadde komt til å finna nokon andre, hadde nok framleis vore deprimert og djupt inni eit eller anna litteraturstudie i ein liten norsk by. livet mitt hadde vore heilt annerledes, og ikkje på nokon god måte.

translation:
my answers to your questions about my relationship and the wedding.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Dette hørtes kjempefint ut! Jeg tviler ikke på sterk kjærlighet i ung alder. Gleder meg til å se bildene fra både forberedelser og selve Dagen (ja, for bryllupsdagen har stor D) !

  • Det er så fint å lese om deg og Jostein. Det høyrast ut som de har eit sunt, trygt og respektfullt forhold. Og så liker eg at du er ærleg på at det faktisk er mykje arbeid i å ha eit bra forhold. For det er det. Men for å vakne opp ved siden av sin hjarteven kvar morgon for resten av livet så er det verdt det.

  • Mange fine svar, og gode tips til andre forhold! Men eg blei litt forundra over det siste svaret ditt, kan eg kome med oppfølgingsspørsmål?
    Er det Jostein som har “redda” deg? Trur du ikkje at du ville klart å kome deg ut av ein depresjon utan ein kjærast?
    Sjølv er eg litt ambivalent til slike ting; av og til leitar eg etter kjærleik for å ha ei slags kraft som kan dra meg opp frå gjørma, medan andre gongar er eg overbevist om at eg åleine er den einaste som kan klare noko slikt.

    • jostein har ikkje “redda” meg, men livet mitt er heilt annleis på grunn av vårt forhold. om eg ikkje hadde blitt ilag med han, hadde eg nok kanskje blitt igjen i sogn og hatt det miserabelt og aldri skjønt kor bra livet kan vera. så forholdet var ein katalysator, ikkje ein redning. eg trur ikkje eg hadde kunna komt meg ut av depresjonen om eg hadde blitt verande der eg var.